mandag 29. november 2010

stripesokker

Det er gøy å strikke sokker med gøyt garn som automatisk skifter farge. Diverre er det keisamt å strikke sokker når ein ikkje har oppskrift, og ein har gløymd masketal når ein strikker sokk nr 2. Uansett er hovudsaken at dei passer, og det gjorde dei.

tirsdag 23. november 2010

Marius-feber

Starten på min strikkepsykose kom etter ein visitt på denne bloggen . Ei ukjent kvinne på austlandet hadde fått strikket seg ein mariuskjole. Blå, med lange ermer. Dette ville eg og ha, men i kvitt. Fekk sjølvsagt ikkje sove på natta, og så snart det lot seg gjere fann eg vegen til modellstrikk der eg fekk handlet inn garn og utstyr til kjolen. Etter mangen lange månader med strikking vart eg ferdig. Prøvde iherdig å få til lange ermer, men eg var utolmodig og gjorde den tilslutt ferdig uten, slik mønsteret originalt var.

Knesokker produserte eg og, gode å ha i vinterkulda!

og eit par sokker! Eller, to par for å være heilt nøyaktig.. :O)


Sorg i strikkebula

Igår forsvann min venstre selbuvott. Sorgen er stor i strikkedronningens rike.

fredag 19. november 2010

SelbuVANTER

Vanter har aldri vert min greie. Selbustrikk i utradisjonelle farger ei heller. Likevel fekk eg eit innfall om å strikke meg vanter i knallfarger etter å ha gått forbi ei dame med selbuvanter i lime og kvitt.

Tingen med vanter er at dei er forferdelig keisamme å strikke. Det går greitt, heilt til ein kommer til fingrene. *Sukk*


Selbuvotter

Eg har hatt ein lang draum om å eige mine egne selbuvotter. Heilt sidan søstera mi fekk selbuvotter til jul hos tante i -97 har eg og villa hatt eit par av denne fantastiske norske tradisjonen. Årene gjekk, og ingen votter fann vegen under juletreet heime, og eg fann til slutt ut at eg måtte ta saken i eigne pinner. Eg ville ha raude, klassiske, men uten å bli keisam. naturkvit og raud tråd i 2-tråds gammelserie fra husfliden kominert med pinne nr 3 blei til dette: