torsdag 31. mars 2011

Neste prosjekt

Siden eg no har fullført 3 av 14 prosjekter (eller, 15, det viste seg å være eit umontert og feilstrikket par sokker i korga mi) må eg finne nytt strikk. Eller, nytt gammelt strikk. Mangen av prosjektene er jo i grunnen håplause, som den eine gule sokken. Eg liker ikkje fargen og har ingen planer om å hverken rekke den opp eller strikke ein til . Så den får nok berre bli. Eit anna håplaus prosjekt var fanabolen. Mykje tråd, og eg kjem aldri til å strikke armene. Så no har eg rekket den opp. Tung beslutning, men eg er sikker på at det var den rette.
Fanabolen slik den ein gang var. Lurte i nokre minutt på om eg skulle lage den til ei veske, som eg kanskje kunne ha strikkepinner i, men da måtte eg ha laget ein smart patent på knapper eller glidelås så då...

Valgte eg heller å rekke den opp.

tre nøster. Kan sikkert bli nokre fine sokker, eller kanskje ei hue?

Arne og Carlos genseren vil eg jo ha ferdig. Den er veldig fin, og den eine gangen eg såg ei jente i genseren grein hjartet mitt fordi ho hadde fått genseren ferdig før meg. Eg skulle jo ha den ferdig til jul , men da var eg lei. Traff ei tante av meg her ein dag, og ho er ein dreven strikker. Eg fortalte om alle prosjekta mine, og da sukke ho tungt: "Eg klarer ikkje meir enn eit prosjekt om gangen, når eg er lei tvinger eg meg sjølv til å strikke". Visdomsord. Ho hadde strikket eit heilt baby sett, med jakke, bukse og sokker. Og no skulle ho strikke dåpskjole. Respekt! Så no har eg laget meg ny framdriftsplan. Genser og selbuvanter kan strikkes paralelt. Målet er å strikke 10 omg på genseren for dagen dvs ca 3 cm pr dag og om eg klarer å halde den, så vil eg om ca 7 dager kunne strikke inn ermene på bolen - og da vil motivasjonen stige fordi eg veit eg nærmer meg målet

Vanter og genser i skjønn forening.
Samtidig skal eg strikke ein fing på vanten om dagen. Eg har allereie strikka to fingre, så da skal eg om tre dager være ferdig med første vante. Sjølve vanten er kjekk å strikke, og det går fort, men det er så mykje "putlearbeid" med fingrene, og det er demotiverene.
Den to fingrene eg strikket før eg fant ut at eg måtte bruke mine 3mm strømpepinner (favorittpinnene mine!) til noko anna. Trur det var nokre selbuvotter eg hadde lagt min elsk på.
 Premien for å bli ferdig med desse to blir å strikke dette teppet: "Bestemorsteppe" heitter det, og mønsteret fann eg i "myk start". Litt usikker på kvifor eg har så lyst å strikke dette teppet, men det kan no vere det samme. Vurderer å strikke det i dobbelstr, da kan det bli ein fin julepresang til nokre voksne om 8 mn!
Skal strikkes i røroslammeull, men eg kan jo og driste meg til nøstebarn ull...

Så tilslutt. Vottesokken, Vottesokken som har lagt i veska mi fordi den er så grei å strikke. Vottesokken som alltid blir funnen uten strikkepinn på maskene, Kvifor vil du ikkje halde deg på plass vottesokk??

Fuglemammas omslagsbody

Hurra! Her går det unna! Fuglemammas omslagsbody er strikket og ferdig montert. Mangler riktignok trykkknappene som skal holde omslagene på plass, men det tar eg glatt ein annan dag. Tenke seg til at eg til tross for full jobbeveke klarte å få denne ferdig, samtidig som en mjuke jakken *klapp på skulderen* :O)



No gjenstår det store spørsmålet.. Kva blir neste prosjekt? Gjere ferdig genseren? Selbuvantene? Vottesokkene som for fjerde gang har ålt seg ut av strikkepinnene? Eller skal eg rett og slett starte på eit NYTT og spanande prosjekt?

To be continued..

tirsdag 29. mars 2011

Mykete myke jakke 2

Mykeste myke jakke 2, det er det jakken heitter. Ikkje Verdens mykeste myke jakke som eg tidligere har omtalt den som. Dumme meg. Uansett: No er den ferdig! Takk til fanabukse-2002 for garn, fargene i nøstene eg hadde liggende var litt lysere enn buksa... Men eg er overbevist om at garnet var kjøpt inn samtidig, og derfor forklarer eg fargeforskjellene med skit. Rett og slett!
Liten generealtabbe... Skulle være eit knappehol heile nederst her. Har tenkt å juksa, og sy i ein trykkknapp istadenfor. Like bra det!



Litt vask så satser eg på at fargeforskjellene er vekke. Om ikkje så blir den som den er..


Av garn er du kommet, til garn skal du bli

Da va det farvel fanabukse-2002. Mesteparten av garnet er gått til mykeste myke jakke (Som eg berre har 12 mønster rader igjen på *hurra!), og no ser det ut til at det berre blir to små nøster igjen til å putte i restekorga! Det er deilig at eg kan stryke ut eit prosjekt fra oppsummering sjølv om det og er litt trist at alt arbeidet endte sine dager med  å bli rullet opp.

Takk for alt Fanabukse!

Her er to bein rekt opp, og allereie inkuldert i produksjonen av den mjuke jakken

Skulle rekke opp "ved behov" til jakken, men kva skal eg med ein slik liten kant?
Nei, da er det best å samle det i oppsnurret garn!

mandag 28. mars 2011

Håndplagg fra Hallingdal

I 2008 kom eg over boka "Håndplagg" av Heidi Fossnes. Her er det mangen tradisjonsrike oppskrifter på både votter, hansker, pulsvarmere og mansjetter. Det er både broderier og strikk, med andre ord; noko for ein kvar smak!  Ei bok som anbefales på det varmeste.

Legger ved bilete av evighetsprosjektet-2008 som omsider vart ferdig til jul-2009!


Har og strikket votter fra boka, som er fra Karasjok. Eg syns dei vart riktig så fine, men så gløymde eg å ta bilete før eg gav dei vekk. Uprofft!

lørdag 26. mars 2011

Fuglemammas omslagsbody

Det går på fram med fuglemammas omslagsbody. Starta på onsdag, og med tanke på at eg har vært i arbeid kvar dag siden så syns eg at eg har vært effektiv! Det er lite fristende å gå på jobb, men man må jo tene penger dersom ein skal ha råd til meire garn :D

Så lang er eg komt!

Merino 2 tråds lammeull fra nøstebarn, i farge petunia

torsdag 24. mars 2011

Oppsummering

Eg har snakket om rester lenge no, og eg er på ingen måte ferdig. Ein anna ting eg har snakka ustanseleg om er.... Ganske riktig... Uferdige prosjekter. Dette innlegget er kun for min egen del, no skal eg liste opp alle uferdige prosjekter (som eg hugsar):

  1. Arne&Carlos Genser 2010
  2. Raud selbuvott (Den har eg i teorien ikkje starta på, men siden eg miste den eine selbuvotten MÅ eg jo lage ein ny) 2010
  3. Raud baby-fanagenser ("Nokon" sa at den var for stygt strikket, og derfor gjorde eg berre ferdig bolen) 2003
  4. Fanabukse (Har allereie rekket opp begge beina, kjem nok til å rekke opp resten og) 2002
  5. Bringeduk 2003
  6. Gul vott (Kva er vitsen med ein vott? Resten av garnet gjekk til neste punkt på lista) 2000
  7. Restegenser str minibaby gul og kvit (Kanskje passende til ei dukke? Prosjeket stoppa opp når eg gjekk tom for garn) 2006
  8. Verdens mykeste myke jakke (Pågår, har berre liten pause) 2011
  9. Selbuvanter (Fingre er keisamme!!) 2010
  10. Setesdal-trøye (Ermene har antydning til å være forskjellig str + strikket masse feil i halsfellingen OG kommet ut av tellingen, det er og nok garn er til bukse *sukk*) 2001
  11. Fuglemammas omslagsbody (pågående, nok garn til minst 3) 2011
  12. Vottesokker (Pågående, trur det sneik seg inn ein feil allereie etter 8 omg) 2011
  13. Svarte selbuvotter (strikket 1 i rekordfart, strikket ikkje tommel. Keisam farge og mønster. For små pinner=for liten vott) 2010
  14. Hei-fanagenser (Forskjellige farger og str. *buhu) 2001/2011
Så! Da har eg fått prosjektene i system. Wish me luck!

onsdag 23. mars 2011

Pakke i posten!

Idag våknet eg opp til melding fra posten om at pakke fra nøstebarn kunne hentes i posten! Kan dagen bli betre? Neppe. Med dette garnet har eg planer om å strikke "fuglemammas omslagsbody", og eg klarer ikkje å bestemmet meg for kva farge eg skal ta først. Dette blir så gøy!!

Pauseprosjekt

No er eg lei av å strikke på jakken, så eg måtte ha noko smått å plukke med. Eg har planer om å strikke meg gjennom "myk start", helst uten å måtte kjøpe meg så masse garn.

Etter den rosa kjolen eg strikka i nøstebarnmønster hadde eg masse garn att. Eg strikket denne hua, litt fordi den var enkel, men og fordi den hadde ein god passform for dei aller minste! Den ser litt rar ut der den ligg flatt på sofaen, men eg har ingen modeller tilgjengelig så da før det berre bli sånn :)

mandag 21. mars 2011

Hei fanabukse-2001

I samnband med fanagenseren fra 2001 strikket eg og ei bukse. det vil egentlig seie, eg strikket 1 1/2 bukse, midtveis nedover det siste beinet vart eg lei. Og lei var eg lenge, heilt til ca 2008, da eg beslutta å gjere den ferdig. I dei dager visste eg ikkje at eg hadde heile 4 gråe juvelgarn i ein pose, så da det viste seg å vere for lite grått avslutta eg med litt svart.

Ferdig grå bukse, med svart tupp på det eine beinet
Når eg var ferdig oppdaga eg eit anna problem... Eg strikket fastere då enn eg gjorde når eg opprinnelig strikka buksa. Det viser ikkje så godt på biletet her, men det vises godt i verklegheita:
Over og under "hullet" kan de sjå forskjellen på strikkefastheita
Eg har i mangen år lurt på kva eg skal gjere med denne buksa. Eg ville jo helst at nokon skulle bruke den, men eg klarer ikkje å gje fra meg eit plagg me så store feil. Riktignok ville den vært ypperlig for barnehagebarn til å ha under regndressen, men likevel. Så starta eg på mykeste myke jakke... Den strikkes jo i restene fra fanagenseren og dermed buksa), og sjølv om eg hadde godt over tre nøster og oppskrifta sa at tre nøster skulle være nok, så holdt berre mengen til dette:

Litt under halvparten gjenstår, og sjølv om det ligg eit nøste heime (den siste armen eg strikket til fanagenseren viste seg å bli for stor + kvitfargen var forskjellig fra originalen - trur det ligger ein forbannelse over garnet, denne jakken er nemlig blitt meir gigantisk enn det den egentlig skulle bli, den skulle være str 4-8 mnd, no ser den ut til  å heller passe ein gigang baby i str 3år Argh!),  så har eg tatt den tunge beslutningen om å rekke opp ihvertfall deler av buksa.


Austevollsbunad

Våren 2003 bestemte eg meg for at eg ville sy min egen Austevollsbunad. Eg har alltid vært lidenskaplig opptatt av bunader, og sjølv om eg er veldig glad i kystdrakta mi så ønskjer eg meg ein Austevollsbunad.

Å sy bunad er mykje arbeid, men ein må starte i ein ende og eg kjøpte inn stoff til skjorte, samt belte og bringeduk. Tanta mi er snill og skulle lære meg å sy skjorte. Me byrja på ein mansjett og der stoppet det, for eg er ikkje vant til  å brodere og siden har eg ikkje gjort meir med den saken.

Bringeduken derimot, den var både enkel og gøy å brodere! Det har gått åtte år og eg har enda ikkje montert den, men siden resten av bunaden ikkje er ferdig så har eg god tid!

Å finne mønster til bringeduken var spennende. Ingen av mønstrene som husfliden hade fallt heilt i smak, og til slutt falt eg pladask for eit bilete av ein bringeduk som dei ikkje hadde mønster av. Eg fekk låne biletet, og etter mykje om og men skreiv eg av mønsteret og fann tråder og perler som var tilnærmet lik det på biletet.
Eg love dyrt å hellig å skrive av mønster som eg kunne gje til husflide, men det har eg enda ikkje gjort.. For å gjere bot på det laster eg i skrivende stund opp bilder på fotoknudsen, så kan dei heller få eit bilete i stort format. Det er lett å brodere etter store bileter, så satser på det er godt nok!

Åttebladsrosene er brodert med perler, resten er ulltråd


Den vart visst litt sånn oppned.... Dåke får snu hovudet litt til høgre så ser det nesten bra ut!

Merkelapper i hus!

Inspirert av Magaggi (igjen!) har eg endelig fått meg merkelapper til strikket mitt! Det betyr at når eg strikker eit plagg skal et ikkje være tvil om kven opphavet er. Eg har riktignok berre merket eit plagg enda, men men :O)

Link til fabrikkanten er HER 

Med GLITTER!!!!

lørdag 19. mars 2011

organisering

Etter tips fra strikkeven, har eg lagt alle nøstene mine i forskjellige matposer. Dei har Ziplås og ser litt meir ryddig ut enn dei matposene eg brukte før. Kvar gong eg trur eg har vært flink og strikket opp masse ull dukker det opp meir.. Alt ull og diverse prosjekter har og blitt lagret i handleposer. Uryddig. Så no har eg kjøpt meg ei korg til alle uferdig prosjekt, så får eg kanskje kjøpe meg eit korg til som eg kan ha alle nøster i. Phu! Litt meir orden!


fredag 18. mars 2011

Verdens mykeste myke jakke

Nåvel, så veldig mjuk vert den nok ikkje, men mjuk nok. Etter mangen småprosjekter er det på tide med eit større prosjekt, denne gangen jakke. Siden det er så masse ull igjen etter fanagenser-2001 (dette ullet skulle da bli bukse) så måtte eg bruke det til noko større enn votter og sokker. Jakken strikkes frem og tilbake, dvs at det skal strikkes to armer, to forstykker og eit bakstykke. Av erfaring veit eg at eg kjem til å bli lei, derfor har eg denne gangen gjort noko lurt: paralellstrikk. Når eg strikker på strømpepinner er det jo ikkje fare for å gå tom for strikkepinner, så no er eg godt i gang med både bakstykke, eit forstykke og ein arm!

Enkelt mønster: nok med ein farge, litt rett og litt vrangt. Nok til at strikket ikkje blir kjedelig, og ikkje så masse at det blir for komplisert.


Strømper

Strømper i flette strikk fra DROPS-design . Kjekt å strikke med fletter, men og litt keisamt.. Men resultatet er klassiske strømper som holder seg på føttene til dei små.

Lurer på om eg bomma litt på lengden på foten... Men det er ikkje så farlig så lenge den passer! Vanlegvis tar det lang tid å strikke bråtet, hælen og foten, men med dette mønsteret gjekk det rimelig kjapt til tross for flettene!

torsdag 17. mars 2011

Ny spaceinvader-hue

Idag skulle eg på restaurant med ei venninne, og siden oppskrifta på strømpene med flettestrikk var på nettet måtte eg ta me eit litt enklere strikk. Etter mine andre Arne og Carlos prosjekt har eg ein del freestyle garn igjen (Litt av garnet kjøpte eg fori eg syns det var så fint, og at eg kaaaanskje kunne bruke det til noko = masse rot), og eg fann ut at dette var ein fin anledning til å strikke det opp. Har jo strikket spaceinvader-hue før, og den var jo ganske så enkel, så eg gav meg i kast med strikket. Har egentlig ikkje lyst å vise biletet, for eg liker fargekombinasjonen godt, og kumme tenkt meg å strikke spaceinvader-genser i desse fargene, men skitt au, når eg har vært flink og strikket hua på ein dag så må det jo vises!


Legger og ved eit bilete av ei anna Arne og Carlos-hue som eg har strikket. Denne er flettestrikket, og er ein bursdagspresang til kusina mi Magaggi. Den vart litt rar på toppen, så om eg skal strikke ei til så kjem eg til å kutte den med to eller tre fletter i lengden. Var forsåvitt enkel å strikke!


tirsdag 15. mars 2011

Hue - oppenfra og ned

Av og til er det kjekt  gå inn på DROPS-design for å myse på nye prosjekter. Igår fann eg denne oppskrifta . Det som var nytt med den, er at eg startet å strikke i toppen av hua. Uvant, men det er kjekt med forandring, og det vart ikkje noko vanskeligare å strikke den til tross for dette. Brukte pinner nr 4 og 3,5 og eit ukjent type garn, som eg antar er av eit slag baby-ull siden det låg med dei andre babygarna.
Samtidig lærte eg  å lage snorer som er litt finere enn dei som er finger-heklet.

mandag 14. mars 2011

Fleire rester...

Målet er å få strikket opp alt garn før nytt kjøpes inn. Eg veit dette ikkje kjem til å skje, men det er lov å håpe. Har fått kvittet meg med orange, kvitt, rødt og litt rosa tråd, og er godt fornøyd med det, så her kjem litt fleire bileter.


Flaks at det var nok tråd!! Eg hadde like mykje flaks her som eg hadde med desse orange sokkane: (Mønster er forsåvitt hentet fra boka "myk start")



Dei raude og kvite er da votter, og ser litt ut som sopper, men som ei sa: Dei held nok nevane varme ;O)


Hurra! 3/4 (Eller 3/9+++ rettere sagt...)

Idag er det hurrastemning i heimen! Dugnads-sokkene er ferdig! Sokkene som eg har lagt for hat... Sokk nr 1 som aldri vart ferdig og tanken på å starte på skk nr 2.. Ja den var uutholdig. Men så skulle det vise seg at eg på fredag fekk eit strikkeraid uten sidestykke, så før eg visste ordet av det hadde eg strikket både bråtet og hæl, så da var resten plankekjøring.

Resulatat: (Og kun litt grønt garn igjen som eg har tenkt å "gløyme"  i barndomsheimen)

Julepresanger

Har klart å innhente bilete av to par av selbuvottene eg så fint strikket til jul. Paret til venstre er strikket i mørkeblått og er herrevott (erfarne selbustrikkere vil lett gjenkjenne dette på borden) og det til høgre er strikket i mørkebrunt (Og er no offisielt mitt nye favorittmønster!).

torsdag 10. mars 2011

Rester=hue

"Myk start"-boka har kommet i mine hender att, og no er eg fokusert på å kvitte meg med alle restene. Første mann ut var det rosa garnnøstet eg kjøpte for å strikke nokre rosa labber på spøk (lang historie, det vart ein gut og eg har enda ikkje fått levert dei..). Det vart masse garn att, noko som representerer eit problem, siden eg egentlig ikkje liker rosa.

I myk start er det mangen lette og greie oppskrifter, deriblandt "djevelhua". Å kalla noko som skal på eit babyhovud for "djevel" syns eg er litt ufint så eg velger heller å kalle den med sitt andre namn; hjallishua! Eg har alltid synst at desse huene såg gode ut, men eg skjønte aldri oppskrifta. Det skulle vise seg å være megaenkelt, og det var igrunnen fort gjort å strikke. Den vart litt rar, men og fin! Eg velger å kalle den ein suksess!

onsdag 9. mars 2011

Meir selbu

Dagen idag har blitt brukt til å strikke opp (Well, det er enda masse lilla garn igjen, så har enda ein vei igjen å gå) garnet etter selbuvottene. Eg har strikket eit par selbubabyvotter, i kvitt og lilla! Bønna har vært flink (og litt motvillig) modell idag! :O)



tirsdag 8. mars 2011

Selbuvotter ferdig!

Da var begge parene med selbuvotter til dei søte små ferdig. Enda mykje garn igjen, så det spørs om det blir nokre restvotter og etter dette?

Rester

Hausten 2002 var eg inne i ein djup strikkepsykose. Året før var eg blitt tante, og eg fekk for meg at eg skulle strikke noko fint til tanteungen min, Eg forelska meg totalt i eit strikkesett fra dalegarn, OL-mønster fra Nagano. I utgangspunktet har eg aldri vært noko begeistra for OL-genser, men det som gjorde at eg likte dette settet så godt var at det bestod av genser, hue, votter, strømper og .... NIKKERS. Dag og natt strikka eg, og det var i denne tida eg vart glad i musikken til Justin Timberlake og Christina Aguilera fordi eg satt oppe og strikka til klokka var 05 på natta samtidig som eg såg på musikksvisj på NRK2. Diverre har eg hatt problemer med å oppdrive bilete av dette flotte settet (Og eg må få lov til å tilføye at det rosemønsteret på genseren... Ja det var komplisert!!), men eg kan vise bilete av noko eg lagde av restene.. Lite visste nemlig eg at eg skulle bruke det lyseblåe garnet til å strikke babysokker (str heeeilt nyfødt, passet perfekt!!) til ei god venninne som fekk bebis i fjor sommar! Fine?

Her er forsåvitt eit bilete av katalogbilete av settet eg strikket. Stilig??


lørdag 5. mars 2011

Strikkekjole

Ei venninne av meg har investert i nøstebarn-boka. Eg har jo allereie boka "myk start" og syns liksom at det var nok, med fine enkle oppskrifter. Men så såg eg i nøstebarn boka... Og forelska meg totalt i ein kjole . Er usikker på om det var fargen eller kjolen eg vart forelska i, men uansett så vart regelen om å ikkje kjøpe nytt garn før eg hadde strikket opp det gamle brutt. Ein bunt med bringebærrød merino 2trådsull vart bestillt i nettbutikken, og VIPS så var kjolen ferdig! Den skal nok pyntes med litt heklete blomar eller noko slikt, men foreløbig ser den slik ut!

fredag 4. mars 2011

Selbuvotter

Det kom meg for øyret at nokon ønskte seg selbuvotter, og da kunne eg ikkje ant enn å strikke! Favorittfargen hennar er lilla, og siden raumagarn ikkje har lilla 2trådsgarn (som eg vanlegvis bruker) måtte eg gå utenom regelen min om å kun bruke anbefalt garn. Rauma finullgarn viste seg å være like godt å strikke med som 2tråds gammelserie-garnet, og resulatet ser de her! Fine og ikkje minst gøye å strikke! No skal eg strikke eit par til, i kvitt og blått, denne gangen i anbefalt garn kvalitet.

God Helg! :O)