torsdag 28. april 2011

Tine Solheim versjon mini

Her går det fortsatt i rester. I påskeferien avleverte eg nokre strikkeplagg heime hjå mor og far, for så å ta med nye rester heim att. Hadde ca 8 store og små nøster mirasol garn att etter Tine Solheim-kjolen og desse måtte brukast til noko fint. Allereie før påskeferien hadde eg strikka nokre små sokkesko i det brune garnet, og sidan det var så lett å strikke kjole (sjå innlegget under) så fann eg ut t eg kunne strikke ein blå og brun kjole med restegarnet. Etterkvart som eg strikka fann eg ut at eg ville ha eit element av perler og solheimmønster på kjolen, og slik vart det. Skulle eg strikka kjolen om att ville eg ha auka med ca 10-1 masker rett før mønsterstrikket, rett og slett fordi det vart eit aldri så liten innsving i kjolen der mønsteret starta. Ser ikkje på dette som feil, men som lærdom til neste gang! :O) Har enda mykje igjen, spesielt av det blå garnet, og no har eg starta på ein jakke eg har villa strikke lenge. Det er mykeste myke jakke fra boka myk start (Eg har jo allereie strikka ei slik jakke, men det er mykeste myke jakke 2, og strikkes med ruter. Denne strikkes med fletter). Eg forelska meg nemleg i det brune cashmir garnet, for eg syns jakken såg så fin ut på bilete i boka... Men cashmirgarn er dyrt, så eg fann ut eg kunne "øve" meg med mirasol garnet. Ifølge mine opplysninger er mirasol av samme tjukkelse som cashmirgarnet i boka, og dermed håper eg at eg ikkje går på samme smell som eg gjorde med forrige jakke, der eg brukte 3 ganger så mykje garn som det var forespeila i oppskrifta..


mandag 25. april 2011

Restekjole

Påsken har vært lite strikkeeffektiv, men har om ikkje anna fått gjort ferdig denne:

Nøstet de ser øverst kjøpte eg i 2000. Eg skulle strikke skjal til nabojenta, men det viste seg snart at garnet var ekkelt å strikke med, så etter ca 7cm var det stopp. Strikkebehageligheten har ikkje forandra seg dei siste ti åra, så det var med stor uvilje at eg strikka den nederste kvite kanten. Resten av garnet har eg kasta.

Knapper! Kjolen må ha knapper, og eg har eit stort utvalg etter å ha å kjøpt ein stor pose med blanda knapper på Panduro.

Valget falt tilslutt på desse knappane
Ja, så vart det til at eg klarte å kvitte meg med eit stk ubehagelig kvitt garn samt to nøster med raud minialpakka fra sandnesgarn!

onsdag 20. april 2011

Slutt for vinterklede-sesongen?

Idag var eg ute ein tur, og oppdaga til min store overasking at det var mogleg å gå ute utan jakke. Ja, det er faktisk så varmt at eg idag har slått av oljeovnen for første gang sidan oktober! Det er gledelige nyhende at det er varmt, men det er og litt trist. Det tyder nemlig på at det er slutt for sesongen der ein kan nytta gode varme strikkeklede! Ein treng riktignok den gode gamle lusekofta fra -98 når ein skal på kysdans i juni og kanskje på andre kalde sommarkveldar, men i det store og heile så er sesongen slutt.

Ein skatt eg har holdt hemmeleg for dåke blogglesarar er ein kjole eg fekk i fjor vinter. Eg har såvitt nemd han i nokre innlegg, men skikkelege bilete har eg ikkje lagt ut. Det er ganske enkelt fordi eg er redd nokon skal bli like forelska  i kjolen som eg vart, og dermed kan få eit ønskje om å strikke den. Eg liker nemleg å føle meg unik, som den gangen da eg gjekk inn på husfliden for å handle garn, og butikkdamene utbraut "Det var en Tine Solheim-dame!" Det har seg nemleg slik at eg i hausten 2009 la merke til dette antrekket på http://www.husfliden.no/ . Det var kjærleik ved første blikk, men eg var lite motivert til å strikke ein kjole. Heldigvis har eg ei snill Mamma som tok på seg oppdraget, og når ho var ferdig så strikke ho jammen meg leggvarmere og! Sjølv strikka eg vottane og hua. Hua skulle bli posehue, men enten så gjorde eg noko feil , eller så var det feil i oppskrifta (Eg trur sjølvsagt at det faktum at eg strikker litt stramt ikkje har noko å sei, og meiner den dag i dag at det var feil i oppskrifta) så posehua vart berre ei hue. Vottane strikke eg iløpet av nokre nattevakter (håper ikkje sjefen min leser dette). Det skulle være flettestrikk og perler på bråtet på vottane, men etter litt prøving og feiling fann eg ut at det var like greitt å strikke vanleg vrangbord.
Garnet var ikkje av det billigaste, ein gang handlet eg for nesten 2000 (og da var eg student, så det seier vel litt om kor mykje eg ville ha desse kleda), men det var verd kvar einaste krone! Såg faktisk eit bilete av ein genser i samme mønster på nettsamfunnet "facebook" for nokre dagar sidan, men der hadde dama strikke genseren UTEN perler, og  ho hadde strikka med vanleg vrangbord uten fletter. Det var ikkje fint. Eg trur faktisk ho hadde strikke i billiggarn og.. Det var ihvertfall ikkje like fargar som i min fin kjole. Nei, Frk Solheim hadde nok gremmet seg hadde ho sett den genseren. (Ja eg er ein garn-snobb...).

Votter, med hue i bakgrunnen

Leggvarmerene! Desse kom godt med i vinterkulda 2011

Skulderparti av kjolen

Sa nokon POSEhue?

Dette bilete viser ikkje rettferdighet ovenfor kjolen, men det er vanskeleg å være både fotograf og modell samtidig :)
Har enda rester etter kjolen hua osv, så no har eg bestemt meg for å strikke sokkesko i det brunegarnet, og dersom det er meir brunt igjen skal eg strikke ein enkel kjole i blått og brunt. Det blir påskens prosjekt og eg trur det vert stilig!

Naust-sokker

Her er det rester i massevis, og i går produserte eg dette paret til ein liten 2åring som treng varme sokker når han er på ferie hos Bestemor og Bestefar. Strikket i alpakka + fairytale og alpakka + tynt sokkegarn. Oppskrift fra du store alpakka, månedens oppskrift jan 2009

tirsdag 19. april 2011

Restelubber ferdig!

Restelubbane er ferdig! Ingen slitesterke lubber, men koselubber til sove og innebruk! Strikket i tjukt babygarn - juvel- og resten har vært tyntalpakka kombinert med enten fairytale eller tynt sokkegarn på pinne nr 4. Har tilogmed prøvd meg på ny type hæl-felling som gjer at eg slepp å plukke opp masker att etterpå. Heilt vellykka vart det ikkje, men det er ikkej så farlig.

Har enda masse garn igjen, og no sit eg å pønska på om eg skal strikke nye lubber eller om garnet skal brukast til noko anna..

To ferdig labba! (Dersom ein ser vekk i fra trådane som skal festast sjølvsagt)

Framleis mykje garn att i posane

mandag 18. april 2011

Restesokker

Tanteteppet går seint, så eg har funnet ut at eg må (igjen) ha noko anna å strikke på. Som nevnt x fler driver alt garnet meg til vanvidd. Eit garn eg har lagt for hat er "juvel" babygarnet som eg fleire ganger har prøvd å strikke fana-ting i. Eg har bestemt meg for å aldri meir kjøpe juvel (løgn, eg har lyst å strikke ein brun og kvit fanagenser når alle andre prosjekt er ferdig), så no skal det strikkes opp! Å strikke babysokker og votter er jo praktisk greier som dei fleste blir glad for, meeeen... Eg gidder ikkje . Så eg tok fram myk start boka mi og fann fram opskrifta "raggsokker til mamma". Babygarn er jo ikkje slitesterkt for mammaføtter, men dei kan nok ha grei bruk som kosesokker. Dei vert ikkje like elegant som på bilete i boka men det bryr ikkje eg meg om. Planen var opprinneleg å kun bruke juvel garn, men eg hadde berre trauste keisamme fargar, så midtveis på bråtet bestemte eg meg for å freshe opp sokken med å ta ein tråd alpakka og ein tråd tynt stripesokkegarn. Har og variert litt med å bruke alpakka og fairytale garn  . Trur ikkje dette blir så verst!

Alt juvelgarnet samla

Men fargane var keisamme, og måtte sprites opp med litt stripegarn!

Etter intensiv strikkenatt er eg no komen så langt! Faiytale garn i baggrunnen. Ser ut til at det er nok garn til mangen sokker!

søndag 17. april 2011

Arm-Failed

Arm nr 3 til setesdaltrøya er no ferdig. 4cm lenger enn dei to andre. Det viste seg at eg hadde strikket dei to første i forskjeligge størrelser, ein i 8mnd og den andre i 12mnd. Då seier det seg sjølv at det må strikkes ein ny arm. Desverre viser det seg at eg no strikker litt lausere enn eg gjore i 2004, og resultatet ser de her:

Tre armer side om side. Som de ser er den sist ermen, altså den til høgre, hakket lengre enn dei to andre. Fail!

Her ligger alle tre oppå kvarandre. Stor skilnad! Den siste ermen har 16cm  lusestrikk. Det skal berre vere 10,5cm. *argh* 


Om ikkje anna så er bolen nesten heilt ferdig. Planen er å sy i saumar i klippekanten, så kan eg strikke på bordene og halskanten, så får eg la være  å  sy saman skuldrene. Etter ein liten pause er planen å strikke to nye ermer, der eg følgjer oppskrifta slavisk. Det er håp!

Lyspunktet: Bolen er ferdig, og det er berr eca fire tråder til som skal festes!

I mellomtia har eg innvilga meg tillatelse til å ha eit trøsteprosjekt: Tanteteppe fra mjuk start, i fint mønsterstrikk! Har lenge villa strikke dette teppet, og planen var å strikke det i kvitt. Det var heilt til eg såg denne sjokkrosa fargen! *Liker!*
Trøsteprosjekt..
Teppet strikkes i fritidsgarn fra sandnesgarn. Anbefalt garn i boka var vamsegarn fra rauma, men det ryktas at fritidsgarn var mindre "stikkete" enn vamse, så då vart det den!

torsdag 14. april 2011

Strikkepinner satt i system

Eg har lenge irritert meg over at eg
  1. Ikkje har kontroll på kva strikkepinner eg har
  2. Strikkepinnene ligger slengt overalt
Eg handler jo ofte garn på impuls, fordi eg MÅ strikke det og det plagget samme dag. Da er det særdeles keisamt å ikkje ha dei rette pinnane heime. Dette har resultert i at eg ofte har kjøpt inn pinner eg allereie har , noko som fort blir ein dyr og rotete uvane. Eg har hatt pinnene sånn halvveis samla i ein boks eller ein pose, men dette systemet er stygt og tidkrevende når eg skal leitte etter pinner. Har leittet på nettet etter gode løysningar, har funnet trikkepinneetui som er sydd, men favoritten var å ha dei i ein lite ringperm, med skilleark og litt sterke plastlommer. Genialt, men eg har ikkje funnet ein fin nok ringperm, ei heller gode nok plastlommer. Når dagen kommer at eg finner det rette utstyret så er et jo ein fantastisk måte å ta med seg ALLE pinnene i ein ryggsekk UTAN å sjå ut som ei gal strikkedame!


Her trengs det kaos kontroll!

 Som ein reserveløysning har eg skillt rundpinner og strømpepinner og lagt dei i kvar sin merka konvolutt.
Kvar str sirlig lagt i kvar sin konvolutt
For så å samle alle konvoluttene i denne boksen




mandag 11. april 2011

Setesdaltrøye

Denne trøya sartet eg på våren 2003. Eller 2004 når eg tenkjer meg om... Uansett så har jo, som de sikkert ser, arbeidet stoppet opp. Litt usikker på kvifor, men eg trur det starta med at ermene vart litt forskjellig. Når eg legg dei ved siden av kvarandre så ser det ut for at dei har ulik størrelse. Likevel meiner ein erfaren strikker at dei er lik nok. Phu! Eg trur arbeidet stoppet opp heeeilt når eg skulle felle til hals. Eg har strikket litt til og fra på halsfellingen, men eg har strikket ein del feil på mønsteret, så tanken på å gjere arbeidet ferdig gjer meg litt... kvalm. Nei no overdriver eg, men moro er det ikkje! Trøya er for fin til at den ikkje skal bli ferdig, men om det blir i år veit eg ikkje. Kjøpte og inn ull for å strikke bukse, men det kan eg garantere ikkje skjer! Har vurdert å bruke resten av nøstene til ein setesdalgenser, men så er det ikkje nok mønsterfarge. Akk akk!

Heile arbeidet! + ein prøvevott som hadde forvillet seg inn
Om ikkje anna så er vottene klar :O)

Ermene med forskjellig str...

Og ein M&M drops som låg i posen! Sjølv om dei er meget god så trur eg at denne går i bosset..

torsdag 7. april 2011

Forskjellige strikkety

Eg nemnde i eit tidlegare innlegg at egfann eit feilstrikka umontert sokkepar blandt alle prosjekta mine. Dette er egentlig enkle sokker, strikket på to pinner, men av ein eller anna grunn kjendes det ut som ein evighet å strikke dei. Betre vart det ikkje at eg fellte feil på siste sokken. Igår skulle det vise seg at feilen ikkje var like stor som først antatt, og resultatet ser de her:


Restegenseren, eller trøya, fra 2007 har og stått opp fra dei døde. Bolen blir no i forskjellige kvitfarger, så fin blir den ikkje. Men den kan vere grei til sitt nye bruk: Nemlig at eg skal lære meg å montere. Her må det nemlig klippes, og det er farlige saker dersom ein gjer feil på eit flott strikkeplagg! Det er og grunnen til at eg no berre strikker plagg som eg ikkje må klippe i for å montere.. Her se de og den einsamme gul votten. Kva bruk den skal få veit eg ikkje, men den får no ligge med dei andre plagga..


Og MIN genser går det framover med! 26cm av ca 33cm, så det nærmer seg!

Presang til ei lita jente

Ei heldig lita jente (som kom akkurat litt før eg hadde tenkt, slik at gaven ikkje kunne gies FØR ho vart født) skal få denne presangen. Eit gult nøstebarnteppe, hue og vottesokker (mønster hentet fra boka "myk start")! Hue og sokker er strikket i minste str, så eg håper dei kjem til nytte ganske så snart! Alle plagga har vært enkle å strikke, og anbefales på det sterkeste. Alt er strikket i nøstebarnull, henholdsvis gult og bringebær rødt. Hverken eg eller mammaen til jenta er så veldig begeistra for rosa, men siden eg har forelsket meg totalt i bringebær-rød, så satser eg på at mammen og liker den :) Vottesokkene har vært ein aldri så liten utfordring, ikkje fordi dei var vanskelig å strikke men fordi maskene alltid klarte  å smette seg ut av strikkepinnene når eg tok strikket opp av veska.. Så tilslutt fekk dei husarrest!




Ifølge progresjonsplanen min skal eg og iløpet av dette døgnet starte på mønsterdelen av Arne og Carlos genseren min. Så flink har eg ikkje vært , godt over ti cm gjenstår, men siden eg har klart å rote vekk mønsteret så har eg ikkje hastverk. Så det så! Uansett så er det godt å kunne stryke ut enda eit plagg fra oppsummering noko som betyr at berr e8 av 14 plagg gjenstår. Hurra!!

tirsdag 5. april 2011

Selbuvanter ferdig - Hurra!

Ja, da kan me setje punktum for vanter for denne gang. Eller, det vil eigentlig seie: Eg skal aldri meir strikke vanter! Vanskelig er det ikkje, men keisamt... Ai ai ai.. Litt skjønnhetsfeiler har det blitt, men det gjer ingenting, for alt er heimespøtet, og når vinteren kjem att så skal eg bruke desse flittig!

Mangen tråder å feste, 20 totalt!

Men når eg først starta, så gjekk det ganske kjapt.

See! No hands!

Ein venstre vante og ein høgre vante i skjønn forening <3

lørdag 2. april 2011

Visst eg vann i lotto...

Visst eg vann i lotto ville eg kjøpt meg ein garnbutikk. Nei! Eg ville kjøpt husfliden! Tenk å ta inn kataloger med eine strikkeoppskrifta etter den andre.. Være omgitt av nokre av Noregs flottaste bunader.. Hylle opp og hylle ned med garn.. Stikkepinner i alle strørrelser og fasonger. Oooh! No veit de kva eg ønskjer meg til jul!



Ellers så har eg strikket ferdig den venstre vanten OG festet alle trådene. Well done! Den høgre vanten er under produksjon, og eg har allereie byrja på mønsteret. Lukter eg ferdige vanter innen onsdag? Synd det snart er vår, men eg kan sikkert bruke dei på ein kald kveldstur opp til fløyen!
Ferdig vante og påbyrja vante. Så søte dei er ilag!

Bjørneklo: Fasongen ei hand kan få om ein strikker for masse


Litt tabbe å ta naturkvit istedenfor krittkvit, for den grønne fargen kjem ikkje godt nok fram, og dermed kjem ikkje mønsteret til sin rett


fredag 1. april 2011

Tråder all around

Selbuvottene har grei framdrift. Har funnet ut at strikketid på ein finger ikkje er så lang så lenge ein ikkje har andre ting som distraherer ein. Det som frusterer meg mest er egentlig alle trådene.. Lause tråder. Hadde opptelling, kunne finne ikkje mindre enn 18 trådender som skal festes. Og det var FØR eg starta på tommelen. Når den er ferdig kan eg nok plusse på 4 tråder til. Lukter eg laaaang pause? For å forebygge at vottene blir liggende lenge ferdig med mangen lause tråder har eg starta prosessen med trådfesting. Feste litt, så strikke litt. No holder eg på med tommelen, hadde planer om å strikke den andre vanten ferdig før eg starta på den, men så fant eg ut at da kom vanten aldri til å bli ferdig, så no er 5 av trådene festet!

Vanten ser ut som ein heksehand, grunna alle dei lause trådane
Litt usikker på om dette er den riktige måten å legge tråder på, men det fungerer!

Må prøve vanten på handa! Gleder meg til den er ferdig!

Perfect!