mandag 30. mai 2011

Ekte raggsokkar

Så var dagen komen som eg aldri trudde kome, eg har kjøpt garn på sparkjøp.
Eg har tidlegare fortalt om min negative oppleving av å strikke sparkjøpgarn, med kløande auger, men noko gjorde at eg idag fann veien innom denne butikken. Eg har tidlegare lagt merke til stort utval av billeg fleirfarga garn, og idag klarte eg ikkje motstå. Knallfargar, tjukt garn og oppskrift på ekte raggsokker på innsida av bandreolen. Og alt for berre 10,- pr nøste.  Kan eg kome nærare bestemorssokkar enn dette? Neppe. For å få ekte bestemorsstemning gjekk eg til 5 etage av galleriet for ein bolle, kaffe og strikk.
Etter nokre cm strikk kan eg konstantere at fargesamansetningen ikkje vart heil som forventa, kvar fargestripe er kort, og dermed vert det ikkje tjukkefargeskifte slik som det var på det forrige garnet, men det vart no ikkje så ille likevel :O)

Dersom årets julepresangar skal bestå av raggsokkar kan det bli ei billeg jul!

lørdag 28. mai 2011

Strikkeallergi?

Strikkebuksa går sakte på fram. Det er med glede eg kan konstantere at restene av fairytale-garnet (Trollungejakken til Alfred) har sagt farvel. Det samme har eit ukjent merke kvitt babygarn, samt det heile nøstet med nepal, ull/alpakka som var til overs etter flettekjolen.

Diverre kan det sjå ut til at ullgarnet eg fekk til bursdagen 2010 hjå Margrethe held på å bli strikka opp no... Dette garnet fekk eg av ho sånn at eg kunne strikke meg pulsvarmara til meg sjølv. Lovnaden var at eg skulle strikke til meg og ikkje til andre. Unnskyld Margrethe.. Når eg er ferdig med denne buksa skal eg strikke pulsvantar til meg sjølv, eg lover!!

Samtidig har eg merka eit rart fenomen... Eg nys! Opptil fleire ganger når eg strikker. Er det noko eg ikkje tåler?!?!

Når eg planla buksa tenkte eg å strikke masse forskjellige mønster. Dette glømde eg i ca 17cm, men no har eg starta på eit kattemønster. Det er trots alt ei kattekvinna som skal få buksa!

Litt keisamme fargar, men eg kan jo ikkje kjøpe nytt når eg strikker i rester

Pusekattar

torsdag 26. mai 2011

Strikkebukse

I haust kom eg på ein god ide: bruke alt reste garn til ei strikkebukse! Har ei venninne som jobbar i barnehage, og kva treng ho år gradestokken kryp ned mot minus 20? Jo, ei strikkebukse! Siden eg har eit lager med garn som ikkje er så altfor lite så fann eg ut at ei restebukse måtte være tingen. Her slepp eg å tenkje på at garn og fargar skal passe saman, er garnet for tynt så strikk eg det berre dobbelt, bruker pinner nr 5, og strikker berre til det er tomt!

Har ikkje komen så langt enda, og har egentlig ikkje noko mønster, men har ein mal eg fann på DROPS, så får me sjå om eg vert ferdig til vinteren kjem!

Så langt har eg komt til no:


Eg byrjar med livet, og strikker meg nedover. Kanskje eg kan ha eit mål om eit nøste i veka?

Foreløbig har eg fått strikka opp misti og fritidsgarn. Misti er tjukk alpakkagarn som eg kjøpte da eg skulle strikke køyrepose til Mari. Ulla vart kjøpt på impuls, ikkje noko godt kjøp, garnet var dyrt, og lite drygt. Etterkvart som eg strikka la eg og merke til at det loa.. Men kan jo godt hende det er varmt, og forhåpentlegvis kløfritt :). Det farga garnet er fritidsgarn som eg kjøpte da eg skulle strikke pulsvarmarar til Geraldine. Det var ein liten slant att, akkurat nok til at eg ikkje kunne bruke det til noko, akkurat nok til at eg ikkje klarte å kasta da.

onsdag 25. mai 2011

Babyjakke strikka i eitt stykke

Det har gått sakte med strikkinga i det siste, med mykje jobbing, 17 mai og uteliv har strikketøyet blitt nedprioritert. No har eg hatt nokre dagar med fri, og dermed har eg endeleg fått gjort ferdig "babyjakke strikke i eitt stykke". At den ikkje vart ferdig før er egentlig ganske rart, for lettare og kjappare stikketøy skal ein leitte lenge etter! Riktignok gjorde eg feil når eg strikka over ermene, eg unnlot å fortsette å strikke i mønsteret og dermed var halskanten mykje breiare enn det som var meininga. Eg valgte først å legge skulda på forfattaren av mønsteret, men etter å ha lest det nokre gongar har eg komen fram til at eg berre kan skulda på meg sjølv. Feilen klarte eg å lappe sånn halvvegs saman, og resultatet vart bra!


Til jakka brukte eg nøstebarns totråds-merinoull i farge lime. Denne fargen går ut no, men kan enda kjøpast på nettbutikken (på tilbod!). Eg tykkjer fargen er sprek og sommarleg, utan å bli for skrikande. Eg kjøpte eit hespe, som er 100g, men brukte ikkje opp alt. Det er enda ein fin slump att, som skal brukast til eit resteprosjekt (Men det skal eg ikkje byrja på før eg har strikka alle fargane mine, det skal være EKTE reste :) )
Mønsteret var enkelt, jakka er kjapp å strikke. Mønsteret er beregna på str 6 mnd, men om ein triksar og miksar med masketal kan ein få den både større og mindre!

Dette er ingen vinterjakke, heller ein fin jakke til vår og sommar når dei tette vinterplagga blir for varme.

Terningkast: 6


mandag 23. mai 2011

Strikkeprosess

Å lære seg å strikke har vært ein lang prosess. I starten var det barbieklær det gjekk i. Strikka to like lappar i rillestrikk og sydde dei saman i sidene og skuldrene. Det vart sjeldan strikka ermer desse plagga, så stakkars Barbie måtte gå med strikka vest istedenfor strikkagenser.



Barbie og dokke. Kan diverre ikkje skryte på meg å ha strikka desse kleda, sannsynleg vis er dei laga av Kusine Linda, Tante Kirsten eller Mamma.

Det var mangen varianter for bruk av garn: hekling, strikking, fingerhekling og vennskapsbånd. I over ti år strikka eg produkter som ikkje vart anna enn posefyll. Samlingen her består av fem huer, nokre fingerhekla band, nokre single vottar (usikker på om det er meg eller ho Mor som har laga dei), nokre lappar, nokre halvferdige lappar, og nokre lappar som er sydd saman. Eg har nok ein gang i tida hatt ambisjonar om eit lappeteppe.

Å strikke etter oppskrift syntest eg var keisamt, da vart jo plagget likt alle andre sine! så eg strikke heller etter mønster, men på min eigen måte. Resultat: Plagg som aldri vart brukt.

Nok ein oppfinnsom sak: Lappehue. Hørt om det før? Ein strikk masse lappar, og syr  saman til ei hue. Vrangborden kan eg aldri tru eg hadde laga sjølv. Hua vart stor, og passer kanskje til nokon med alvorleg tilfelle hydrocephalus.

Buster vil ikkje være modell
Det vart mangen år med rillestrikk, der einaste forandringen i plagget var om det var med eller utan striper (og då var det utfordring å strikke slik at ikkje det kom overgansstriper mellom stripene). Eg såg ofte med lengsel på Mamma som strikke store plagg lett som ingenting (og raskt!). Det var mønster, ikkje berre med ein farge, men ofte 3, 4 og 5. Eg trudde at det å strikke eit skikkeleg plagg, spesielt med mønster, kom til å ta ein evighet, så eg utfordra ikkje strikkekunnskapane mine meir enn med å strikke barbiekleda.

Heilt til ein dag.. Ei eg kjende var gravid, og eg fann ut eg ville strikke genser til babyen. Medan andre normale 16 åringar var på fest, sat eg heime med Mamma og fann fram restetråder. Eg måtte jo øve meg skulle eg klare å strikke genser! Etter ein laurdagskveld med nonstop, cola og NRK var resultatet dette:

 Ja, eg kunne strikke! Babyen fekk setesdalgenser, eg strikka bolen, Mamma strikke ermene og monterte.

Ein annan laurdagskveld eg tilbrakte heime resulterte i denne genseren:
 Eg og ho mor kjøpte ein gang ein pose med billig sparkjøp garn, og siden me sldri brukte tråden, strikka eg den opp i denne genseren, og det er grunnen til at eg ikkje kjøper sparkjøp garn: Eg har aldri klødd så mykje på augene før!!!! Formålet til genseren var å lære seg å montere, og det klarte eg fint! strikke til og med halsen! Alt gjort på ein kveld, og katten var heldig modell.


I mangel av scanner som virker måtte eg ta bilete av bilete. Kunne jo sjølvsagt tatt genseren på katten ein gang til, men eg veit ikkje om han hadde tilgitt meg så eg valgte å bruke eit gamalt bilete.


ÆSJ: Fann nok ein juvel-fanabol. Denne gjømmer eg vekk att!!


Også har eg snubla over denne igjen. Egendesignet trøye. Kvit på farge med glitter (Og ikkje rein ull i det heile tatt kunne eg idag så på nøstet som var att). Eg skulle pynte den med maaaassse perler og den skulle bli så fin!!! jauda!
Prosjekt 2007

lørdag 21. mai 2011

Strikkepinner kan brukast til så mangt

Opp gjennom åra har det samla seg mangen smykker fra butikker som H&M, Assecories, glitter og liknande. Desse har eg mang ein gang prøvd å organisere, med variabelt hell. Løysninga fann eg ut måtte være smykkestativ. På den måten ville eg få ei dekorativ og oversiktleg måte å oppbevare desse klenodiumane.

Diverre er eg til tider ein gniar, og synst 300,- var i overkant for smykkedings, men i desperasjon idag leitta eg Bergen rundt etter denne dingsen, men det var (heldigvis) ingen butikkar som hadde denne. Kva gjer ein da?

Jo det skal eg fortelje. Ein bruker det ein har. Hadde ein liten oppryddning heime, og fann ein gammal oppvask-kost-haldar som fulgte med leiligheten når eg flytta inn. Denne er i metall og har hol på sidene . Ein stikk inn nokre strikkepinnar i sidene, og VOILA - Smykkehaldar!



Noko upraktisk plassering av smykker, men etterkvart skal eg finna ein meir dugande stad

Prym strømpepinn nr4. Eg kan ikkje skjøne kva eg har brukt denne til

I all oppryddinga fann eg diverse. Blandt anna eit øydelagt smykke. Det er då det grøne til venstre på bilete. Kanskje det kan brukast til dekor på eit plagg? Til høgre ser de ein mobilpynt (Ja, eg veit. Fjortiss). Den kan brukast som maskemarkør.


Også fann eg litt fleire knappar! Neste gang eg kastar eit plagg skal eg hugse å kluppe av knappane. Til trollungejakken (myk start) fann eg nemleg nokre stilige skinnknappar som eg sydde på!

søndag 15. mai 2011

Restehue

Her har eg strikket ein liten bursdagspresang til ein gut som snart fyller  heile 1år! Garnet er juvel, i farge mørkeblått. Mønsteret er fra DROPS-design, og hua er strikket oppenfra og ned. Har strikket hua før, og det er fort gjort!

Hua var strikket i restegarn fra juvel, og diverre var det ikkje nok garn til øyrelappane.. Håper likevel hua sitter som den skal!



GRATULERER MED DAGEN MIKKEL!

søndag 8. mai 2011

Ein skal ikkje juksa

Så eg gjekk tilbake til første kapittel i "klær til nøstebarn".. Ny regel: Ein skal strikke eit plagg frå kvart kapittel. Sanninga er at eg syns "dagbukse" såg så lett ut å strikka at eg fann ut at dette var ei fin anledning til å kvitte seg med enda meir grått juvelgarn! Det er riktignok ikkje lanolin idet, så det kan nok ikkje nyttast som bleie, men kanskje ein stilig shorts? Kanskje ikkje sidan shorts-vær er fint vær og i fint vær treng ein ikkje ull. Andre anledningar ein kan bruke ei ullbukse.. Kanskje for småtasser som går i barnrhage før dei kan gå, og dermed må sitte ute i kalde sandkasser?

Uansett. Dersom nokon vil ha den, let me know!

lørdag 7. mai 2011

På pinnane akkurat no

Som tidlegere nemt har eg nett fått nøstebarnboka i hus. Ein trivleg fornøyelse, og eg har bestemt meg for at denne skal strikkes fra perm til perm! Då kan de tru det var keisamt å måtte nøste opp garnet før eg kunne starta med strikket.. Men det vart gjort i etapper: Litt nøsting, litt strikking.

Første kapittel i boka omhandla bleier, eller det vil seie: bleiebukser berekna for tøybleier. Sidan eg ikkje kjenner nokon som bruk tøybleier, og sidan eg ikkje har lanolingarn hoppa eg galant over dette kapittelet. (Men det kan seiast at eg vurderer å strikke nattbleie med dobbel 2-trådsgarn, tenker det kan bli ei stileg kortbukse, evnt varm buksa til vinterbarn. Dei kan jo sikkert brukast over papirbleier også!)

Neste kapittel handle om undertrøyer. Det er jo og kjekt å ha, men siden eg synest fuglemammas omsalgsbody er mykje søtare vil eg heller strikke den. Held foresten på med ein slik body nu, kan jo ikkje berre halde på med eit prosjekt!

Så neste kapittel var: Babyjakke strikket i eitt stykke.

Ja, det såg overkommelig ut, så no har eg nett strikka første erme. Det som erså genialt med denne oppskrfita er at ein, ja, strikker alt i eit stykke, og dermed blir ikkje erme nr 2 like keisamt som den normalt blir! Foreløbig terningkast: 6

Fuglemammas omslagsbody til venstre, strikket i 2-trådsmerinoull fra nøstebarn, farge 12 lysbrun og babyjakken til høgre, også strikket i nøstebarn: farge 72: Lime

fredag 6. mai 2011

Pakke frå nøstebarn!

Idag kom det pakke i posten! Nøstebarn hadde tilbod på nettbutikken , så eg slo til og kjøpte bok, fargekart og to blå nøster! Samlingen med fargar aukar, slik at eg nærmer meg moglegheiten til å lage eit stilig resteplagg! Helga kjem på ingen måte til å bli keisam!



onsdag 4. mai 2011

Mykeste myke jakke

Ja, da var den ferdig! Mykeste myke jakke, strikket i mirasol alpakka garn. Enkelt flette mønster, fin farge og nye knapper fra knappehuset. Hurra!!

Jakken saman med kjolen og sokkane strikket i samme type ull


Flettemønsteret kjem til sin rett når det blir strekt litt ut

Jakken!

Har vært å snopt nye knapper på knappe huset

Og knappehuset er farlig... Endte også opp med desse knappane. Veit ikkje heilt kva eg skal bruke dei til..

tirsdag 3. mai 2011

Siste innspurt!

Forrige veke starta eg på mykeste myke jakke, og det har gått radigt unna. Strikket ermene paralellt siden dei erfaringsmessig er dei mest keisamme å strikke. Forstykkene tok eg i helga + starta på bakstykket, og bakstykket vart ferdig idag. Brukte like i underkant av tre nøster med mirasol fra du store alpakke, i farge blå. Fargen kjem ikkje til sin rett på desse bileta, det er eigentleg meir lilla/blå. 

Mønsteret er fra boka myk start, og i oppskrifta er den strikket med cashmir. Cashmirull får bli til ein annen gang, det fungerte og fint å strikke den i alpakka! No gjenstår resten av monteringa samt.... Knapper. Usikker på om eg skal bruke fra knappesamlinga eller om eg skal investere i nye? Any thoughts?


flettemønsteret , genialt, kunne strikke det uten å sleppe maskene av pinnen!

søndag 1. mai 2011

Gjensyn med jula

Da har eg endeleg fått dokumentet det siste votteparet eg gav vekk jula 2010. Raude og kvite selbuvotter strikket i 2tråds gammelserie. Eg har alltid følt at gammelserien er litt "hardt", men når eg kjenner på desse vottane som har vært i bruk sidan jul, så kjenner eg at dei har vorte mjuke! Garnet er drygt i bruk, og mønsterfargen kan faktisk brukast til to vottepar, dersom ein ikkje sløser sjølvsagt. 


I bileta under finn de julepresangane 2009. Dei var sjølvsagt ikkej ferdig til jul, ho mor fekk ein stk sokk i presang, med kort og lovnad om å bli ferdig med andre sokk + eit par til om ikkje så lenge. Ho var faktisk så heldig at ho fekk feste trådane på det siste sokkeparet sjølv! :O)





Lo godt når eg kom heim før jul, og oppdaga at ho mor hadde kjøpt svarte og kvite vottar i same mønster som sokkane eg skulle gje ho (Er det dette ein kallar kjerringhumor...?)

Sokkane er strikka i peer gynt garn fra sandnesgarn, og mønsteret fann eg i mønsterhefte "til fjells" frå same firma.