onsdag 27. juli 2011

Selbuvotter med blondekant

På dette votteparet har eg prøvd meg på noko nytt: Blondekant. Blondekant krev at ein teller ein del, men når ein først kjem inn i det går det som ein lek! No er det ikkje noko nytt at eg ikkje liker å tenke, så votteparet eg har starta på no har ein enkel rett-vrang-bord. Kvifor gjere det vanskelig når ein kan gjere det lett?





Denne gangen gjekk eg for kvitt og grått, og eg har allereie fått inn ønskje for jula om strikkety i kvitt og grått, ja då er det notert!
Ferdige votter, strikke i totråds gammalserie fra raumagarn . Oppskrift nr 5. "Damevott med vrangbord eller blondekant" fra oppskriftsheftet Selbustrikk

Samlinga veks!

lørdag 16. juli 2011

Nytt par ferdig!


Ja, så var vottepar nr 4 ferdig. Litt skjønnhetsfeil vart det, men ingenting som forkludrer verdien i mine auger!
"Hjortevotter" uten hjort
"Gjengen" samla . Kan aldri sjå nok av vakre vottar!

onsdag 13. juli 2011

Befri pinnane!

Opp gjennom åra har det samla seg ein flott samling strikkepinnar. Ein skulle ikkje tru det idag, då eg leitta etter ein liten rundpinn nr 2,5. Trur eg har gløymd den att heime hjå Mamma (Det er mogleg det var der eg tok den for mangen år sidan, så ein kan kanskje sei at den endeleg er komen heim att).

Som alltid er det få ting som vert ferdig her. Eg har lovd å strikke fanajakke til lille Mikkel (Jakke kan kanskje bli ganser, me får sjå), men eg har hatt strikkevegring for store ting i det siste, derav den store samlingen av selbuvottar. I helga drista eg meg til å ikkje strikke heilt etter oppskrifta, og resultet vart dette:

Hjorten vart bytta ut med to ekstra rader med åtteblads-roser. Eg syns det vart stilig!
Sidan eg enda ikkje har gjort ferdig den andre votten, okkuperar vott nr 2 ikkje mindre enn tre strømpepinnar.


Det vart og eit lite gjensyn med denne votten. Eg strikkar vanlegvis vottene med strømpepinnar nr 3, men i heftet er veiledane pinnar nr 2. Eg hugsar ikkje heilt kva str eg brukte, trur det var nr 2,5. Resultatet vart uansett ein veldig liten vott, derfor vart det med den eine:

Skilnaden ein halv str kan gjere. Eg hadde planar om å starte på tommelen, og eit år seinare er enda pinnane på votten . På tide å enten gjere ferdig eller å gje opp?


Eg har funne ut det er på tide å starte på fanajakken. Erfaring seier at det er best å strikke ermene først. Sidan eg har så mangen prosjekter på gang er det godt eg har dobbelt sett av dei fleste strømpepinnane!

Her er dei evigvarande teppet/buksa/genseren. Henholdsvis rundpinner nr 5 x 2 og rundpinne nr 3.


Fuglemammas omslagsbody. Framleis på staden kvil.


Ermene til genseren nemnd over er ikkje fellt av, sidan dei skal strikkast på genseren når bolen er ferdig. Dei okkuperar og nokre pinnar, men eg gadd rett og slett ikkje å sjekke kva pinnar det var.

onsdag 6. juli 2011

Supertørke

I mangel av noko anna spanande å berette legg eg ut nok eit bilete av ferdige og uferdige vottar.