mandag 29. august 2011

Cash or mitten?

I gamledagar nytta dei vottar som betalingsmiddel på Selbu. Det er same føremål som desse vottane har, saman med litt pengar sjølvsagt!


torsdag 25. august 2011

Ein av kvar

For tida har eg 5 strikketøy som eg strikker aktivt på. To par lubber, eit par votter, ei hue og ei bukse. Her er det ikkje snakk om ein ting om gangen, det er jo så masse spanande å strikke på!

 


Som nemt tidlegare kjøpte eg jo masse sokkegarn forleden dag. Siden det er fleirfargagarn, er eg veldig spent på korleis det ser ut når eg strikker, så når eg hadde strikket ferdig ein sokk, ja då byrja eg like greitt på eit nytt nøste for å sjå korleis fargekombinasjonen blei på den! Første sokk vart strikka på pinnenr 3 med basis  i ei oppskrift som har pinne nr 4, og denne sokken vart litt stram, derfor har eg på den nye fargen strikka med pinne nr 3,5. Håper størrelsen blir just right no!

Ein farge til venstre, ny farge til høgre.
Viking sportsragg













Ellers er det sjølvsagt selbuvotter, denne gangen i herrestørrelse.


Strikker og på ei hue i nøstegarn, som eg tenkte eg skulle gje til det nye tantebarnet mitt. Ho har nok strikkeklær som det er, men denne hua er så kjekk å strikke at eg klarte rett og slett ikkje la vær!

Hue frå boka myk start, strikket i 2 trådsmerinoull fra nøstebarn, farge petunia

Samme tantebarn skal og få sparkebuksa som eg strikker på. Forløbig ser det ut som at den kanskje vert litt liten, men me får sjå korleis den blir når den er ferdig!

Sparkebukse med fot, frå oppskriftsboka til nøstebarn. Strikke i 2 tråds merinoull, farge petrol

fredag 19. august 2011

Sokkedilla

No har endeleg selbuvott-produksjonen fått seg ein pause. Av ein eller annan grunn fekk eg for meg at sparkjøp-sokkar var tingen, så eg kjøpte meg eit fleirfargagarn og strikka i vei. Desse sokkane er ganske alright å strikke for det er tjukt garn og tjukke pinnar, så ting går fort, men utvalget i fargar er litt keisamt. Har alikevel funnet nokon som var begeistra for fargane, så lubbane har allereie fått nye eigara!




Eg var innom den lokale garnbutikken for å kjøpe tre-knappar til heildressen eg strikka frå nøstebarn for ei tid sida. Sidan barnet er komen til verda er det ein god ide å gjere ferdig dressen før ungen plutselig er konfirmant. Knappar fann eg ikkje, derimot fann eg tilbod på viking sports-ragg og det i skikkelig artige fleirfargar! to nøster var visst nok "dersom eg ikkje lagar dei for stor". Då passar det dårleg at eg ikkje har oppskrift, men pytt sann! Rett nok har eg eit påbyrja selbuvottpar liggande, samt eit nytt nøstebarnprosjekt, men det gjer ingenting.

mandag 15. august 2011

Kjapt strikk

Av og til trenger ein strykketøy som er ferdig i ein fei. Barnevott nr 10 frå Rauma-garn sitt selbustrikk hefte er eit slikt strikketøy. Starta laurdag, rakk ein fest og ein slapp sundag før vottane vart ferdige idag.

Vottane er strikka i rauma sitt 2-tråds gammelserie, drøyt garn som vanlegvis rekk til fleire par!



No gjenstår det å sjå om det vert fleire par votter, eller om eg skal ta ein pause fra vottane og heller strikke litt sparkjøp-lubbar

søndag 14. august 2011

Sumarstrikk

Det er ikkje så masse nytt å fortelje her ifra. Vottesamlingen aukar, og eg er naturlegnok stolt!