tirsdag 25. oktober 2011

Jula nærmar seg

Det nærmar seg jul, og denne jenta ligg langt etter i juleforberedelse. Eg har riktignok kjøpt gåver, men dei fleste er til meg sjølv.

Målet er i år som i fjor heimaspøt under juletreet. Foreløbig er det berre eit spøt som er ferdig, men det er enda to månadar igjen!

Ein av julegåvene eg har snopt til meg sjølv er ny telefon. Den kan laste ned masse "apper" og det er grådig gøy! Eg tillet meg å vise dykk eit bilete som eg har tatt med dette vindunderet:



Selbuvetter i baby str, strikka i restegarn frå finull frå rauma. Brun, kvit og eit lite hint med grønt! Stilig? Ja, det tykkjer ihvertfall eg! Kanskje vert det matchande sokkar, kanskje ikkje. Tida vil vise!

tirsdag 11. oktober 2011

Litt innimellom

Innimellom endelause halsar må eg ha litt anna strikk. Igjen falt valget på selbuvottar, denne gangen strikka i restegarn etter genseren og eit anna par vottar eg har strikka. Selbuvottar går nærast på autopilot no, noko som fører til litt småfeil i mønsteret her og der. Pytt sann! Legger dei i "selges"-korga, neste par ut går til julepresang kolleksjonen!

Godt nøgd med at den kvite tråden rakk akkurat! Det lilla nøstet har holdt til ei barnepar, eit babypar og eit damepar!

Enda ca 19 cm igjen av halsen. Gje meg styrke!

søndag 9. oktober 2011

.

Visst eg ser på han lenge nok, blir den ferdig av seg sjølv då?

124 masker, 2 rett 2 vrang på liten rundpinne 2,5.

13 cm.