onsdag 30. november 2011

Stripegalskap

No når eg endeleg er ferdig med dei/den julepresangen som skulle bestå av garn, kan eg endeleg strikke noko av egen fri vilje! Ikkje misforstå meg, det har vært kjekt å strikke til jul, men det er godt  å strikke noko utan tidspress på seg.

Eller.. for nokre månadar sidan starta eg på ein fanajakke frå nøstebarn. Det er ein liten tass som enda ikkje har fått skikkeleg barselspresang av meg, og eg ville gje han noko heimespøta. Eg starta på ermene, og når eg i full fart vart ferdig med første erme såg eg at eg hadde strikka rose-mønsteret for stramt, slik at det måtte rekkast opp att. Snakk om motivasjonsdreper!


Ferdige ermer
Starta etter kvart på erme nr 2, gjorde den ferdig, rakk opp det som skulle rekkast opp på det andre erme, og for å gje meg sjølv motivasjon starta eg på hua. Eg ville strikke hua på rundpinne, men måtte ta den eine cm med strikk over på strømpepinnar fordi eg ville gjere ferdig genseren, og da trengte eg rundpinnen til halsen. For å gjere ein lang (og sikkert litt keisam) historie kort: Strikket på genseren stoppa opp og som ein følge gjorde og arbeidet på fanajakken. Etter kvart fann eg ut at strømpepinner gjorde samme  nytt og betre arbeid enn rundpinnen, og etter at den keisamme vrangborden på hua var ferdig gjekk resten som ein leik.

Umontert hue. Den skal syast saman i toppen og pyntast med duskar!

Stor lettelse: Det kan sjå ut for at ermene er lik i storleik!


Idag gjorde eg ferdig det andre ermet, og målet for kvelden er å legge opp maskene til bolen.

Eg trenger jo alltid litt sutalaust strikk i tillegg, og har lenge hatt planer om eit til babyteppe. Eg trenger litt variasjon i teppe-strikk, og har fått eit innfall om å strikke i striper. Litt usikker på om eg liker kombinasjonen eller ei, men eg trur det blir bra! Er litt redd for at eg har lagt opp for få masker, men eg har ein plan om bredda vert for lita :)



Som ein siste belønning til meg sjølv skal eg strikke ein rullegenser frå nøstebarn. Av ein eller annan grunn er denne veldig populær, sikkert fordi ein slepp å strikke vrangbord på den.. Også erden jo fin da! Denne skal eg strikke i striper, stripene skal komme tilfeldig, og for å sleppe å legge masse tråder når eg er ferdig skal eg strikke trådane inn i kvarandre etterkvart. Dette er ein tips eg fann ein eller annan stad på nøstebloggen så me får håpe det blir bra på min genser og! Har allereie hatt eit fargeskifte, men er litt redd eg kanskje tok litt lite tråd... Akk ja, det går vel helst bra!

Heldige fargeglade nøster som skal bli ein flott genser!

Ein skal starta med pinner 2,5, men eg fann ikkje nok pinnar så eg var litt gaaaal og starta rett på nr3. For at eg ikkje skulle gløyme det, tok eg rett og slett å la opp til neste erme med ein gang. Er ein overflod av pinne nr 3 her for tida. Kanskje litt paralell strikk hadde vært tingen?


Eg har dårleg tid med både genseren og jakka, er redd dei blir for små før eg får gitt dei vekk, men det får berre være. Babyklede får ein alltid gitt vekk før eller sida!

mandag 28. november 2011

Lenge leve

Eg har av og til lurt på kor lenge eit strikkeplagg kan leve. Ein av mine mest brukte plagg opp gjennom tidene er lusekofta eg fekk på ungdomsskulen. Svart og kvit trøye, klassisk mønster. Om eg ikkje hugsar feil er det ei setesdaltrøye, men uten broderikant. Den har holdt lenge, og er enda like god, men det siste året oppdaga eg at det var komen eit hål på albogen. Holet var der lenge, men sidan det ikkje vart større (og eg ikkje kan fikse slikt) lot eg det bere gli. Her ein dag studerte eg kofta nærmare og oppdaga til min store forskrekkelse fem (!!) andre hol! Oh no! Her var det berre ein ting å gjere, nemleg  å ta den med til ho som faktisk KAN fikse! "Har du denne enda? Skal eg strikke ein ny til deg?" Ehhh - strikke ny? Tru det eller ei, eg har faktisk blitt glad i denne kofta.. Så holene vart bøta, kofta vart vaska og no er den god som ny. Eg trur reperatøren meinte kofta var så tynnslitt at det var på tide å kassere den, men der er eg ueinig.

Så har eg altså hatt kofta i over 15 år. Den er jo berre i bruk om vinteren, og ein og anna kystdans om sommaren sjølvsagt - viktig å ha riktig tøy på seg om ein skal ferdast på sjøen på natta med promille. Den er strikka med skikkelig kvalitetsgarn, hugsar ikkje merke, men det er ikkje mykje sparkjøpgarn her i gården (Eller er sparkjøp av riktig kvalitet? Eg har liten erfaring på det feltet).

God-kofta

Bilete av albogen som er bøta. Kan du sjå kor? Det kan ikkje eg!






Eit anna praktplagg eg har er fanakofta mi. Den var ferdigstilt i år 2000 og er framleis heil og fin. Vanskelig som eg er så ville eg ha ei fanakofte som var strikket etter gammel modell, trur nok det var meir tidkrevande enn dei moderne fanakoftene, men sånn er det når man er ung og bortskjemt. Eg får masse skryt for den, og når eg kan ta hardangerbunaden min i bruk, blir den fin å ha til "bunadsjakke" - før i tida brukte ein nemleg fanakofta som bunadsjakke til fanabunadnen. Så det så!



Legg merke til den lekre spliten

Kofta kjem best til sin rett på ein modell. tilgje meg for at eg måtte ta bilete av meg sjølv i eit speil, det var einaste moglegheiten.

Det eldste strikkeplagget eg har er denne genseren. Kor gammel den er veit eg ikkje, men eg vil gjette ca 50år. Litt arvegods eg klarte å grine meg til . Den er og heil og fin, men eg trur tidene har tova den litt, så den er litt tjukk og stiv, og det er sjelden eg bruker den. Uansett så er den fin å sjå på og det er det som teller!
Gode gamle

Sidan eg fekk tilbod om ei ny kofte slo eg til og ønskja meg ei "fiskartrøye" frå Austevoll. Etter at eg på slump såg eit bilete av ein ung herremann på facebook med denne kofta på fann eg ut at eg og ville ha! Skjebnen ville det slik at eg faktisk hadde dette mønsteret, dog det er ein dårleg kopi fra 80-talet, men det er ingen hindring. Siden eg ikkje strikker den sjølv antar eg at framdrifta er litt raskare enn det mine plagg har. Fortsettelse følger!

søndag 20. november 2011

Oldemorsruter

Det er tid for nye utfordringar! Denne gangen: Hekling. Oldemorsruter er så skjønne, men eg skjønte aldri oppskriftene eg fann på nettet.. Heilt til eg kom over denne linken. Beskrevet på ein ganske ålreit måte, noko som gjorde at heklemotstanderen (tilslutt) klarte å hekle nokre ruter. Formål med rutene er enda uklar, men ego vil ha slumreteppe!



Spørsmålet er jo kor mangen lapper eg klarer å hekle før eg blir lei. Idag har eg fått god hjelp: Eg har hekla, så hadde eg ein assistent til å feste rutene. Trur eg kanskje må adoptere ei 10 år gammel jente, slik at eg kan få hjelp til sånne ting på heiltid. Tiåringer er jo ofte flink til å utføre husarbeid og det hadde jo vært veldig praktisk!




Har fått litt system i ruteproduksjonen, men først måtte det jo lages prøveruter. Her er første forsøk:

Plutselig forstod eg at lausmaskene skulle danne hjørnene. Om ikkje anna, så veit eg no sånn sirka korleis ein kan hekle blomar.

Andre forsøk:

Og tilslutt, tredje forsøk:
Grei nok, men for stor heklenål. Bytta ut nr 4,5 med nr 3. 3 er visst bra uansett om ein snakker strikkepinner eller heklenåler!


tirsdag 15. november 2011

Eg har havna på alpakka-kjøret!

Idag vart det nok ein tur innom husfliden. Idag, som sist, endte eg opp med to nye nøster med fairytale - og litt ekstra: Ja, for eg var dum nok til å kjenne litt på "fin" garnet til Du store alpakka og det var jammen fiiiiint! Eller MJUKT er vel heller det rette ordet. Fin-garnet er 50% babyalpakka og 50% silke, men det kostar, så eg bestemte meg for å spare 16 kroner og kjøpte heller "babysilk" som er 80% babyalpakka og 20% silke. Eg snubla og over ei oppskrift på pulsvarmarar og kjøpte derfor den grøne "tyn alpakka" og litt perler. Sånn i tilfelle eg skulle finne på å strikke pulsvarmarane eg har planlagt i 8år.

Som ein del av skjal-eksperimentet mitt kjøpte eg eit orange fairytalegarn. Har strikka litt, men skråinga er ikkje heilt som forventa. Tiden vil vise om det blir eit levedyktig skjal.


Eg er stolt medlemm av garnklubben  til norsk husflid, så når eg har handla garn for 1000 kroner får eg 10% på garnet eg kjøper resten av året. God deal ?
Garn og gammelt strikketøy vart med meg på cafe-besøk, men når eg tok kaffien med meg ut klarte eg å søle kaffi OPPI posen!!! Det kom kaffi på vottane mine, og på det KVITE garnet. Kjempe buhu :(



Uansett kaffisøl, eg klarte endeleg å bli ferdig med selbuvottane. Litt lei no, så det skal bli godt å forville seg inn i alpakkaen herlege rike!




mandag 14. november 2011

Det er på tide å tenkje sjølv

Eg har alltid vært ein slave etter oppskifter, og dei gongane eg prøv å lage ting på eiga hand vert det som regel mislykka.

Skjal er stilige og praktiske plagg, men eg tykkjer som regel at dei er keisamme å strikke, sjølv i størrelse veldig små barn. Derfor har eg glatt hoppa over denne "greina" i strikkeverda. Strikka riktignok eit trekantskjal ifjor i forbindelse med jula, men det var kun rillestrikk der eg auka ei maske per omgang. Englemaskeskjal er stilige, men eg kan ikkje hekle. Er egentlig motstander av ullplagg med hol i, men skjal skal være lette og dekorative, derfor kan eg gjere eit unntak. Så ikveld tok eg litt fairytale-garn, og prøvde på litt forskjellige teknikkar. Det skulle vise seg å være enkelt - Eg la opp 4 masker. Strikka ei maske rett, kast, to rette saman, kast og ei rett. Neste omgang strikka eg rett på alle masker. Neste omgang: ei maske rett, kast, to rette masker saman, kast. Fortsatte slik til eg hadde to masker att. Då tok eg eit kast, ei rett, eit kast og ei rett. Neste omgang rett på alle masker . Fortsatte å strikke ein omgang med kast og og strikke to masker rett saman og neste omgang rett på alle pinner. Resultatet:


Her er det så absolutt potensiale til å bli eit fint og lett skjal! Imorgon går ferden til garnbutikken for fleire eventyr, så får me sjå om eg har tolmod til  å strikke skjalet!

fredag 11. november 2011

Lønningsdag!

Lønningsdag er ein dag der ein kan skjemme seg sjølv vekk. Idag gjekk eg innom husfliden, og fekk meg litt spøt til kaffien. Nye pinnar vart det og, denne gangen rundpinne nr 9!


Strikketøy og cafebesøk er noko som er lett å kombinere. På den måten kan ein være effektiv samtidig som ein er sosial. Samtidig kan ein og få karre til seg nokre komplimang, og det er jo alltid kjekt! Som i sommar då eg hadde meg ein togtur til Oslo, og på vegen heim att var det ei østlandsdame og ein Canadisk dame som syns selbuvottane mine var veldig fine. Faktisk så var det rein lukke at eg fekk vottane med meg heim att til vestlandet, eg var nemleg på spasertur i tigerstaden, og medan eg gjekk høyrde eg ein klirrelyd. Eg stoppa opp og tenkte "Den der lyden der høyrde veldig ut som strikkepinnane mine"... Eg snudde meg, og jada. Der låg ALT innhald i sekken min strød utover fortauet! Ei hyggelig dame plukka opp eine nøstet mitt til meg, og alt det andre klarte eg å sope opp før nokon andre tok det. Eller bilande kjørte over det.

tirsdag 1. november 2011

Pent brukt

Av og til er det sånn at det ein likar vert brukt om att og om att. I mitt tilfelle gjelder dette, noko faste lesarar (om dei finnes!) sikkert har bete seg merke i, selbuheftet mitt. Vanlegvis er ikkje dette noko problem, men idag vart dette nettopp det. I den innerste delen av ein arket har det blitt opprevet, noko som gjer at mønsteret enkelte stadar har blitt uleseleg.

Idag har det ført til feil, men takket være at eg tok bilete av mønsteret i anleding dette innlegget så oppdaga eg det før eg starta på neste omgang. Flaks!