torsdag 29. desember 2011

Fanajakke: Check!

Ja, då var den store dagen her! Fanajakken er ferdig! Det er nesten så eg har lyst å skrive det med caps lock, men eg skal prøve å beherske meg. Idag har eg klupt, sydd, strikka og sydd i knappar. Litt trådar har eg festa og. Syns resultatet vart bra!

Er glad eg strikka hua på førehand, ellers hadde det nok blitt med jakken. No manglar berre tre duskar, så er hua ferdig og.


Tralalala :)

Live from Bergen

Meir nervøs enn nokon sinne

søndag 25. desember 2011

God jul!

Håper alle får ei strålande julefeiring!

Deler av årets julepresangar vart heimespøta, og siden eg var uproff i fjor og gløymde å ta bilete ifjor, tok eg årets bilete ( og skreiv dette innlegget) i god tid før jul! Det vart tre par selbuvetter, to sjal og eit par sokkar.

Sjala vart strikka i fairytale, starta med tre masker og auka ei maske på kvar omgang. Eit nøste rakk til eit sjal. Så store vart dei ikkje, men dei varmar no likevel.

Sokkane har eg strikka før, og oppskrifta fann eg hos Du Store Alpakka. Ein bruker ein tråd fairytale og ein tråd babysilk. Deiligt mjukt garn!


Juleband nederst med anklane

torsdag 22. desember 2011

Arm: check

Arm #1 og #2 er no klippa opp og sydd i! Det var nervepirrande, og det kom nokre gloser når eg sat over symaskina... Då e det berre kantar og midtlinja som skal klippast opp! Hurra!!

Wææææ!

Here we go!!

Snart tid for den o'store symaskin

Ja, no er eg ferdig med bolen. Siste innspurt går som alle veit seint, o genda seinere går det når ein innser at det enda er mykje arbeid att. Kvelden har gått med til siste forberedelser før eg skal sy i saumar slik at eg kan klippe opp foran, og til ermene. Eg er litt nervøs.





Etter at eg var ferdig med bolen la eg alle trådane. 
Eg sydde hua i toppen. Hua skal ha fire duskar , og dei har eg starta på no. Eg mistenker at det kanskjse kan bli ein av dei største utfordringane.

Så det som gjenstår er:

  1.  Sy i saumar og klippe opp
  2. Montere ermer
  3. Strikke kantane
  4. Strikke halsen + montere denne
  5. Kjøpe knappar
  6. Sy i knappar
  7. Lage 4 duskar
  8. Sy i duskar
  9. Legge dei siste trådane
Det kan sjå ut for at eg var litt vel optimistisk då eg tok med heklenål og tråd "i tilfelle eg vart ferdig med jakken".. Nei, no skal eg ikkje vere negativ, dette er egentlig lett arbeid!

God jul! :O)










mandag 19. desember 2011

Dress - no heilt ferdig!

Eg strikka denne dressen frå nøstebarn for lenge sidan, og allereie då sa eg at den var ferdig. Det var ikkje heilt sant. Eg mangla nemleg knappar på den. Dressen var lenge ute av auget, ute av sinn, heilt til eg snubla over den forrige veke. Då kom eg på at eg måtte gje den vekk før den vart for liten, og det hasta med å få på knappane. Eg ville ha stilige knappar, men i denne førjulstida vart det og gløymd, og ikveld fann eg ut at skulle eg få den ferdig måtte det skje no. Heldigvis har det seg sånn at eg har masse knappar liggande, og fann ut at desse gjorde susen:


Også held eg jo på med den evige fanakofta. Eg var lenge motlaus, men no har eg starta på åttebladsrosene. Det er egentlig eit veldig enkelt mønster, men når eg strikka første ermet så strikka eg alt for stramt, og måtte då rekke det opp att. Det er jo, som alle veit, veldig keisamt, så no strikkar eg (kanskje for) laust, og då tek det lengre tid.

Det var visst tredje oppdatering om kofta på kort tid, men det får berre vere, forhåpentligvis er den snart ferdig!

søndag 18. desember 2011

Krise!!

(mitt eineste) Nøstet forsvann etter cafebesøk :( Skjebnen vil visst ikkje ha denne jakken ferdig.

Oppdatering kl1630 : Nøstet vart funnen i god behold på bordet der eg satt på forrige cafe. Kvelden er redda!

Fanajakke ~ ja, det går på fram!

No har eg komen til stripene! Stort hipp hurra for meg!! Neste utfordring er symaskin til saumane: det er ein grunn til at eg foretrekker raglan...

lørdag 17. desember 2011

torsdag 15. desember 2011

46 down 210 to go!

Eg finn stadig nye metodar for å motivere meg sjølv til å hekle og strikke. Idag fann eg ein ny taktikk for å bli ferdig med lappeteppet mitt:

  • Finne ut kor mange lappar eg skal ha: 256
  • Finne ut kor mangen fargar eg har å velge mellom: 10
  • Finne ut kor mangen lappar eg har att å hekle: 216
  • Finne ut kor mangen "førsteomgongar" eg må ha i kvar farge: 21,6
Så då var det jo berre  å hekle! Eg tenkte at om eg gjorde ferdig ALLE førsteomgonane så kom eg til å hekle meir systematisk. Eg starta med den sjøgrønne fargen, og har gjort ferdig 6 førsteomgongar. Etter å ha festa trådane vart eg litt lei. Igjen.


Førsteomgongar i sjøgrønt.

Ein annan motivasjon er jo som kjend enkel og raskt strikk. No har eg lagt min elsk på mobilsokkar. Første mobilsokk laga eg igår, og resultatet vart no så som så. Så strikka eg ein marius-inspirert mobilsokk som vart litt betre. Hadde tenkt å lage ein til idag, men eg kjende latskapen kom over meg, så eg tok rett og slett å strikka ein einsfarga ein. Med ein kul knapp vart den bra!

onsdag 14. desember 2011

Mobilsokk

Etter inspirasjon frå Strikkedolla har eg ikveld strikka ein mobilsokk, eller nærare bestemt: Iphonelubba!

Stikkord: Gøy, enkelt og raskt - tre ord som er musikk i øyrene mine! Ingen tommel, ingen hæl og ingen par!

Kunne kvelden bli betre?

søndag 11. desember 2011

Strikkepinneetui

Kjære Dagbok!

Idag hadde eg lyst til å lage meg eit strikkepinneetui. Eg er så lei av at dei ligg i konvoluttar fulle i hol, derfor fann eg ut at eg skulle plassere alle strømpepinnane mine i ein av desse tøydingsane. Sjølv om eg aldri fullførte symaskinsertifikatet, så var eg dyktig bak sy-pedalen - sånn halvvegs ihvertfall!

For første gong på mange år møttes me att, Pfaff 360 og meg!



Det er ikkje alltid naudsynt å brukt tekstilar frå "stoff og stil" for å lage nyttige produkter. Eg fann fram nokre gamle gardiner. Desse skulle leggast dobbelt og strykast før eg stdde dei saman. Eg var litt uroa for om eg skulle få beine saumar, resten tenkte eg skulle vere plankekøyring.

Gamle gardiner møter strikkepinn
Etter ei lett oppfrisking i korleis ein trær tråden er eg klar.

Klar, ferdig gå!
 Ååååh, dette vart lekkert! Ikkje heilt bein strek, men det er jo halve sjarmen med heimelaga!!
 Ka ffffffff? Kva har skjedd her? Lause trådar? Køddar du med meg Pfaff???

Her var det berre ein ting å gjere: Finne fram bruksanvisningen. Etter å ha forsikra seg at tråden var på riktig plass både foran og bak, og etter at eg hadde knappane kom eg fram til følgjande konklusjon:

Fail: Å ha for høg fart.

 Riktig: Gammalmannskøyring.





 Omsider fekk tekstilane saumar, så var neste steg å lage rom til pinnane.

Sjølvsagt vart ikkje saumane beine. Sjølvsagt vart ikkje tråden på undersida fast nok. Sjølvsagt tok undertråden slutt midtvegs i syinga. Sjølvsagt.

Mitt første og siste strikkepinneetui er ferdig.

Og Pfaff... Ja, han likar eg ikkje lengre.



Sov godt og god natt takk!

Nå har vi vaska

Når ein strikker for andre er ein ikkje ferdig sjølv om siste maske er strikka. Ein bør både vaske og dampe før ein gjer det videre, og det tek meir tid enn forventa, spesielt når kleda bruk fleire dagar på å bli tørr.

No gjenstår berre dampinga, så er faktisk alle 11 para med vetter klar til å byte eigar!



Hadde tenkt å selge desse vettene og sokkane, men det viser seg at billiggarn farger litt av i første vask så plagga fekk ein herleg glør av blå. Damn you vikingragg!!



Også skal jo eg få trøye, og her går det på fram:


Planlegg matchande vottar!

Dette er forresten mitt første forsøk på mobilblogging, sidan "nokon" har endra passord på datamaskina. Bileta kom ikkje der dei skulle *sukk* Bra svenske hollywood fruer er på fjernsynet.

lørdag 10. desember 2011

Epla

Som eg har skrevet om tidligere har eg nettopp oppdaga Epla. Supert forum, for strikkere som oss!

Har ein egen liten butikk her, det er ikkje så masse inne, men litt er det no. Kan jo ikkje ta tosifra antall votter liggende heime i all evig tid heller!

Har og prøvd å handle, og det var ein koselig fornøyelse! Bestilte for nokre dager siden, og idag fekk eg denne koselige pakken i posten!


 Eg hadde jo berre bestillt øyredobber! Takk Ugleloftet!

fredag 9. desember 2011

Bestemorsruter - Variantar

Planen med mine ruter er å lage meg eit teppe, så stort som mogleg! Det geniale med rutene er at dei er så lett å lage, så eg spurde meg sjølv: Kva anna kan ein bruke rutene til? Og helst noko som blir ferdig i ein fei!

Tepper kan ein jo lage i mangen varianter: Vognteppe, babyteppe, store teppre. Om ein vil ha superraskt: Gryteklutar. Puter og vesker er og alternativer. Eg googlet bestemorsruter, og fann ein del ruter laga av norske bloggarar. Det var ikkje så mykje nytt under sola, så eg prøvde meg på eit engelsk søk: Granny squares - og fann i grunnen ikkje så masse der heller - bortsett fra to ting:

1: Bestemorsruter hekla som hello kitty! Den perfekte presangen for jenter på 10år??  Link her.

Eg håper den amerikasnke  websida tilgjer meg for å bruke biletet
 2: Også fann eg dette forkle - med tilbehør! Stilig! Link her
 Begge var stilige, men ikkje heilt det eg såg etter i denne omgang :O)

Samlingen min har ikkje auka så masse sidan sist, men det byrjar å samle seg ein aldri så liten lappe-gjeng.

Nokon av lappane er hekla saman. Keisamt arbeid.


Og her har eg heklet litt ekstra. Forskjellige størrelser, mest for å prøve ut korleis det blir .


Ha ei fin helg!

torsdag 8. desember 2011

Ferdig med ein - så vart det ein til!

Når eg var ferdig med rullegenseren bestemte eg meg for å være flink og strikke ferdig litt UFOer. Eg var flink, og gjorde ferdig sokkane som eg starta på "berre på gøy". Når eg var ferdig gjekk eg i garnskuffa og fann litt meir sokkegarn. Typisk! Typisk prosjekt som eg strikker litt på, også legg eg det vekk. Men neida, eg hadde så masse pinner at eg tok rett og slett litt paralellstrikk! Så no er eg ferdig med bråtet på begge sokkane, og alle som strikker sokker veit at dette er den mest keisamme delen..

Ferdige sokkar - Vikingragg

Ikkje ferdige sokkar - Sportsragg


Igår gjorde eg og ein ny oppdagelse... Epla... Så mykje fint! Og så enkelt! Så eg starta like godt ein butikk! Ja, Stine er no butikkeigar! Stinestrikk-namnet var diverre opptatt så eg måtte ta eit anna, men er godt nøgd med det. Har ikkje så masse lekkert inne enda, men har litt i kista som må vekk, så eg prøver no lykken! Det som var kjekkast var jo å sjå alt det fine som folk rundt omkring lager! Bestilte meg fluesopp-øyredobbar idag. Om dei kjem før jul vert dei julepresang. Dersom ikkje, så går dei til meg. Grei deal!

lørdag 3. desember 2011

Rullegenser

Tada!! Var den ikkje flott? Det tykkjer eg!



Eg skjønar godt kvifor denne modellen er så populær: Ingen vrangbort, berre glattstrikk. Eg droppa knappekanten, fordi eg ville minimere antall omganger der eg måtte strikka att og fram . Satsar på den passar likevel.

Modell: Rullegenser frå boka "strikk til nøstebarn"
Garn: Rester frå nøstebar, to tråds merinoull
Mengde: Ukjend, enda masse garn att
Terningskast: 6

Raglanfelling

Har du nokon sinne lurt på korleis ein strikkar raglansfelling? Det har eg, men når eg først såg oppskrifta fann eg ut at dette var meget enkelt. Eg har strikka ein del plagg med raglansfelling, men skøyten har aldri blitt som forventa. Sidan eg ikkje liker å lære nye ting fortrengte eg dette factum.

Men ikveld var eg innom Hjerte-go sin blogg, og hennar raglansfelling var jo majestetisk! Eg hadde jo strikka mangen omganger med raglan allereie, men det er aldri for sein å snu...

Eg siterer: "Strikk 2 masker vridd r saman". Vridd rett saman...

Her kjem ein biletserie med min konklusjon. Håper andre strikkere får nytte av dette.

Tre masker att før markøren. To masker skal strikkast saman, siste maske før markør skal strikkast rett.

Om eg ikkje tar feil, så er no denne maska "vridd"

Dette er måten eg har strikka maskene saman på før. Det er dette eg no har funnet ut mest sannsynleg er feil.

Medan eg trur det er riktig å strikke maskene samen BAKfra.

Og her prøver eg å vise raglanfellinga. Nederst på raglanfellinga ser ein den "feile" måten å felle på, medan dei siste tre omgangane er den "rette". Trur eg. Fasiten kjem når eg har strikka meir på arbeidet.

Eg burde vel strengt rukket opp att all raglanfelling som er feilstrikka, men sidan eg er lat (og eg framleis er usikker på om den "nye" måten å felle på er den rette) så berre strikker eg videre. Ho som skal ha plagget er liten, og merker sikkert ikkje feilen. + At formålet med denne genseren er at den skal UNDER denne sparkebuksa, så da ser ein ikkje raglansfellinga uansett. Please forgive me!

torsdag 1. desember 2011

Oppryddning del 2

Sidan jula nærmar seg må eg rydde litt så eg får det litt julekosleg her i heimen. Første steg på vegen: Rydde opp i nye og gamle strikkeprosjekt. Heldigvis har eg i det siste vært flinkare til å gjere ferdig ting, men det er jo så kjekt å starte på nye. Akk, den forferdelige strikkekåtheita! Her må det sorterast!

1: Samle alle strikke-prosjekt:



  1. Arne og Carlos genser
  2. Fanajakke
  3. Rullegenser
  4. Sokker
  5. Babyteppe
  6. Sjal  *rakk denne opp, ikkje levedyktig*
  7. Pulsvarmarar *Rakk desse og opp, berr tull å strikke dei for store*
  8. Restebukse
  9. Bestemors/oldemorsrutene


Ok, lista vart ikkje like lang denne gangen, men det hadde vært fint å for ein gang skyld få alt ferdig!

Neste steg på vegen:

2: Rydde ut av "rotekista"

I rote-kista har eg lagt alle broderisakene som eg nesten aldri bruker. Funn:

Rødt tøy bakerst, kjøpt for å sy på baksida på nokre handplagg eg broderte nokre år tilbake. Stramei, som nok kan brukast til å brodere bringeduk. Ein flik med broderi for å teste ut fargesamansetningen til bringeduken min og til sist: eit minihåndplagg. Har ikkje planer om å sy den ferdig... :)

Broderitråder. Dei til venstre vart kjøpt for å brukes. Dei til venstre vart kjøpt fordi dei var på tilbod. Dette er no sikkert 2 år sidan.

Litt pels. Pelsmonstandarar: Vær så snill  å ikkje drep meg.. Det er tre hovuder, vaskebjørn og to rever, trur eg. Veit ikkje heilt kvar eg skal bruke dei til.. Den kvite dusken er ein revehale. Den er veldig fin og veldig mjuk og ein dag SKAL eg finne noko eg kan bruke den til!

3: Når kista var rydda ut av kunne eg plassere pågående strikketøy i den. Genseren tar stor plass. Den MÅ vekk!!



4: Rydde i garn. Vekk med poser!

Syns dette var lekker sortering.



5: Rydde i pinnar. Dei gadd eg ikkje ta bilete av.