mandag 30. januar 2012

Alt klart for trillingane!

Neida, eg skal ikkje ha trillingar. Ikkje kjenner eg nokon som skal ha det heller. Det eg derimot har, er tre babytepper. Det stripete teppet er omsider ferdig, rett nok litt forsinka då eg vart opptatt med eit viktig slag yatzi på mobilen.



Spent på om eg har truffet på størrelsen


Eg hadde som mål å strikke 70 striper, for ifølge beregningane mine skulle då teppet bli kvadratisk. Det vart med 57.  Eg har målt fleire gonger medan eg har strikka, og tilslutt vart eg einig med meg sjølv om at no var det likt i bredde og lengde.

Så feil kan man ta.

"Litt" igjen før teppet er kvadratisk


Noko krise er det ikkje, tenker det passar likevel, det er berre den ikkje-tilstedeværande-perfeksjonisten i meg som syns det kunne vært kvadratisk.

Det einaste som manglar no er ein heklekant, og eg er godt igang! Lettere enn venta, og glad er eg for det!



God vekestart til alle!

lørdag 28. januar 2012

Phu

Det var tilløp til panikk i heimen, då eg ikkje fann att stoppenåla mi. Har mangen nåler i diverse størrelser og fasonger, men kun ei favorittnål til trådlegging, og når den plutseleg var spolaust forsvunnen, ja då trur eg hjartet mitt hoppa over eit slag.



Eg har nemleg strikka på nokre vottar innimellom genser og teppe (Ferdig med ein arm, førstepri no er teppet - som veks sakte - . Vottane er strikka med rester, og når siste tommel er ferdig kjem det til  å vere 20 trådar å legge. Det er masse samanligna med dei vanlege 8! Eller vent, eg reknar feil: Vanlegvis er det 16. Ja ja, fire ekstra trådar er litt det og.



Heldigvis dukka nåla opp innimellom alt rotet på bordet:

Hjartleg gjensyn

Almost there!

lørdag 21. januar 2012

Utflukt!

Idag er ein dag eg har gleda meg til lenge: Endeleg skulle eg få besøke nøstebarn-butikken! Sjølv om me held til i samme by, så kjennes det ut som ei dagsreise å gå på butikken der uten bil. Egentleg er det berre snakk om 20minutt med bybanen, og ca 10 minutters spasertur, men det er langt nok når ein ikkje heilt veit kor butikken er. Sånn har det seg til at eg alltid har bestilt varer på nettet.

Til bursdagen min ifjor fekk eg ein tur til nøstebarn-butikken, og no har eg innkassert presangen!

Gleda meg så heise at eg nesten ikkje fekk sove, noko som resulterte i blogginnlegg midt på natta :D

Presist klokka 12 stod eg klar utanfor huset mitt, klar for å bli henta! Ein kort biltur seinare...

FRAMME!! Fekk kjensle av å vere på ferie, klar for utflukt:



Var svært klar for å gå inn, men sjåføren måtte ha ein røyk først - *sukk og stønn*

Til min store sorg selger ikkje nøstebarn raude hesper via nettet lengre. Eg saknar og sårt den knallgule og orange fargen. Til min store glede oppdaga eg at dei enda har raude hesper på butikken, så då plukka eg fint med meg to! Dei hadde og eit knallgrønt teppe på utstilling, og siden eg syns det var så fint tok eg eit hespe av den grønne fargen og samt eit kvitt hespe. Kanskje kvit og grønstripete hadde vært fint for neste teppe prosjekt? Til sist kjøpte eg og litt oppskrifter, samt ullvask for nøstegarn, noko eg har tenkt å kjøpe lenge.


Etter butikkbesøk var cafe neste på programmet. Cafe-strikk sjølvsagt, men sjåføren hadde gløymd strikket heime, så da tok me oss ein liten svipptur innom ho før me satt nasa mot byen igjen. Då fekk eg endeleg bot på litt av puseabstinensane eg har hatt sidan sommaren:

Ein skikkelig godgut!

"Nei, eg vil ikkje kose no!"
Dagen vart avslutta med mat, kaffi og som seg hør og bør: Nøstestrikk


Takk for turen Gunnar! :)

Strikkekåt

Mitt nesten 2 vekers lange sjukefravær har ført til eit ekstremt tilfelle av strikkekåtskap (For dei som lurer: Armen min er 95% bra, eg klarer det meste bortsett fra å trykke på skylleknappen til dassen).

Arne og Carlos genseren min frå hausten 2010 ligg framleis i kista, og der skal den få ligge fram til våren.

Babyteppet mitt i striper har god framdrift for tida. Den har fått status "cafestrikk" og "jobbstrikk" (Hysj), og eg er no ferdig med 24 av 70 striper! Hipp! Då er det jo gøy å strikke! 2 striper om dagen, og er eg ferdig om ........ 23 dager!!



Eg har offisielt tatt votte-pause, men når eg såg alle selbugarna mine som låg i resteposene mine, klarte eg ikkje å dy meg: Eg la opp til ein ny barnevott, og er no ferdig med den førtste.


Det var masse små kvite garn, noko som har ført til dette:



Masse tråder å legge.

Det "store" prosjektet no er OL-genseren frå 1956: Cortina. Eg er godt i gang med første erme, og er veldig spent på om den bli akkurat passe, eller alt for stor. Om den er for stor er det ingen krise, for bråtet på størrelsen under er lik den eg held på med no, så da går det greitt om eg må rekke opp litt. Sjå kor langt eg er komen!


Det viser seg at kusina mi ønsker seg lik genser, så eg gleder meg til me to skal gå matchande ilag i desse genserane.

Tråden eg strikker i er heilo - frå dale garn, og dette er eit deilig, mjukt og tjukt garn å strikke i. Skal strikke matchande hue og, sjølv om eg har ei som er nesten lik. Hals finnes det og, så det blir kanskje ein slik ein og, me får sjå!

Faktisk er denne genseren så kjekk å strikke at eg vurderer å strikke ein barnegenser og, sånn i tilfelle nokon vil kjøpe, eller om eg trenger noko å gje vekk. Litt skeptisk til å strikke barneplagg i "voksengarn" men det stikker ikkje, og visst mønsterheftet seier at barnegenseren skal strikkes i heilo, ja då skal den strikkes i heilo!

God helg :)

onsdag 18. januar 2012

Inn og ut, balanse?

Det store facebook-salget har starta! Eg hadde tenkt å få litt mariusartikler i "butikken" min, og gjekk derfor til garnbutikken for å hamstre inn litt peer-gynt garn. Det skulle bli pannebånd, hue og sokkar. Eg kom heim med dette:


Ja, dåke ser rett. Eg har kjøpt inn garn til Cortina-genser. Garn-damen poengterte at "dette er ikke en marius-gensar". Ups, det trudde eg, men det gjer ingenting for den var så fiiiiiiiiiiiin! Sjølv om eg hadde lovd meg sjølv at eg heretter berre skulle strikke raglanstrikk, etter all banninga som kom under monteringen av fanajakken. Det er godt at eg kjenner to damer i byn med symaskin, ho eine kan strikke og! Så det går sikkert fint! Ein annan ting eg hadde gløymd er at eg allereie har to kofter, ei kofte på veg, to arva gensarar, ein nesten ferdig genser (som sikkert er for liten) og tre strikkekjoler i skåpet, men ein kan vel aldri få for mongen strikkeklede?

Eg har jo heller ikkje gjort ferdig strikket eg held på med heller. Har jo babyteppet eg held på med, og det hastar, for eg trur ikkje det er lenge til han/ho som kanskje skal få det kjem. La oss gamble på at det blir ei jente!

Har jo og strikket votter frå nord, men det er berre nokre omgongar att på siste votten, så det er ikkje noko heft. Trur eg legg frå meg handstrikk boka for denne gong!

Vottar frå sør-varanger til venstre, vottar frå keutokeino til høgre

søndag 15. januar 2012

Blogg=Logg?

Forskjell?
Ordet "blogg" vil eg anta har sin opprinnelse frå ordet "logg". Loggføring var jo noko ein gjorde (eller gjer?) på båtar og liknande. Å loggføre arbeid i strikkeverden er og praktisk, spesielt når ein avviker frå mønsteret ein held på med. For min del betyr det at eg må hugsa ka eg held på med når eg strikkar vottane mine, sånn at dei blir like. Til no har eg minka masketalet med 8 masker, redusert maskene tatt av til tommel til 10, og antall kvite omgangar før felling er 35. Sånn, no har eg det på verdsveven i tilfelle eg skulle gløyme det!

Så der! Denne votten vart ein betre variant enn første votten. Så er det berre å rekke opp, og strikke på nytt - Og det skal gå så fint så.

fredag 13. januar 2012

Vott: Fail

Første Kautokeino-vott er ferdig. Allereie tre omgongar ut i det kvite glattstrikket såg eg at denne votten kom til å bli veldig brei. Vurderte å gjere den lang nok til å bli til ein manne-vott, men eg er alt for lat, så eg starta å fella til damevott  - diverre litt for tidleg skulle det vise seg, så enden på visa vart at votten vart både for brei og i kortaste laget.


Kva skal eg då gjere med dette? Planen var jo å selge den, så eg kunne finansiere alle utenlandsturene mine, men ein slik vott kan eg ikkje selge. Så no har eg bestemt meg for å rekke opp tommel og hand, felle ca 8 masker etter mønsteret, og DÅ er eg sikker på at det blir ein flott salgbar vott!

God helg!

torsdag 12. januar 2012

Vottar frå nord-noreg

Det er ikkje berre Selbu som har flotte vottar, Kautokeino har og eit flott utval!

Heidi Fossnes si bok; Håndplagg til bunader og folkeplagg, inneheld bilete og mønster på håndplagg frå heile Noreg. Sjølv om eg har brukt mangen timar på å bla i boka, har eg berre laga to av håndplagga i boka, og no held eg på med det tredje, Rett nok er det same vottepar som eg strikka sist i fra boka, men eg var så nøgd med dei at eg ville strikke eit til.

Det som er spesielt med desse vottane er at mønsteret berre er på håndbaken, dermed kan ein ikkje strikke rundt med alle fargane slik ein nomalt kan når det er mønster heile vegen. Det står beskrevet ein metode som gjer det lett å strikke mønsteret likevel, men eg har prøvd fleire gonger, og har derfor sløyfa mønsteret som høyrer til på håndbaken.

Legg til bildetekst
Eg er usikker på kvifor eg ikkje har laga fleire plagg frå denne boka, men eg trur noko av årsaken er at mangen av plagga har anbefalt ull av mystisk opphav, samt at dei fleste blir strikka på pinne nr 2 eller 1,5. Eg liker jo som kjent best pinne nr 3, men det fungerte bra på desse vottane sist, og det går nok bra denne gangen og. Neste gong skal eg prøve meg på nokre av selbuvottane i boka, dei er igrunnen heilt vanleg, men likevel litt annleis enn dei mønstrene eg har strikke før!

tirsdag 10. januar 2012

Dag 10

Eg kan

  1. Bruke kniv og gaffel - samtidig
  2. Strikke fire omgongar - sakte
  3. Skrive med begge hender på tastaturet
  4. Bære mobiltelfonen med både høgre og venstre hand
I antistrikketider må ein finne andre aktivitetar. Eg fann gamle oppskrifter. Ein av dei var på oldemorsteppe, og eit anna lureteppe, sannsynlegvis var det eit gammalt utklipp frå "familien". Lureteppet var så fint at det kanskje blir julepresang iår, dersom armen blir bra igjen då vel og merke, eg er no overbevist om at eg kjem til å gå med stiv arm resten av livet. Snufs!!

Oldemorsteppet i utklippet var med store ruter og alle hadde svart kant. Eg tykkjer det er mykje finare med kvite kantar, likevel fann eg meg i ein draum der alt handla om det svarte oldemorsteppet. Så no har eg starta på eit oldemorsteppe med svarte kantar. I tillegg til det med kvite kantar. No hadde eg rett nok fire ruter klar, som berre venta på den siste kanten. Eg ville nemleg prøve å sjå korleis det var med fleire runder enn det eg hadde på det kvite, så EGENTLEG har eg ikkje laga meg ekstra arbeid. Tralalalla!








lørdag 7. januar 2012

Variantar av teppe

Eg er for tida 95% strikkeufør, og har siste veka berre strikka 2 omgongar på babyteppet. Dette er noko eg sjølvsagt er veldig lei meg for, og eg syns forferdeleg synd i meg sjølv.

Sidan eg ikkje kan strikke får eg stadig nye idear om ting eg vil lage og frustrasjonen vokser sidan eg ikkje kan gjennomføre dei . Eg er ein person med liten fantasi, men igår kom eg på noko lurt...

Eg har nemleg sett strikkedamer strikke babytepper der det er rillestrikk med tre rett og tre vrange omganger. Dette fører jo til at ein må strikke fram og tilbake, der av ein av omg blir vrangstrikking noko eg syns er grååååååååådig keisamt! Det var der eg kom på noko lurt.. Gjekk det an  å strikke med to nøster samtidig slik at ein kan strikke med kun rette pinner heile tida?

La meg sjå om eg kan forklare:

Først legger ein opp antall ønska masker og strikker ein omgang rett. (her skulle eg legge inn eit bilde, men eg finner det ikkje igjen. argh.) Så skubber ein alle maskene tilbake på pinnen, slik at ein står med samme begynnelse som ein starta med. Altså, den lange strikketråden er på motsatt ende. Då tek ein eit nytt nøste og strikker ein til omgang rett. Då får ein to rettomganger over kvarandre. Så snur ein, og strikker som vanleg ein rett omgang til. Skubber maskene tilbake på pinnen igjen og strikker ein omg rett med den andre tråden. Slik fortsetter ein. Då får ein to glattstrikk og to vrangstrikk over kvarandre.

Resultatet vart slik:



Beklager rotete forklaring, eg har dårlege pedagogiske evner, men eg fekk om ikkje anna ein god ide til korleis eg på enklast mogleg måte kan strikke i dobbel rillestrikk. Så deilig og mjukt det ser ut!

God bedring til meg! :O)

søndag 1. januar 2012

I rein sportsand fann eg ut at eg skulle avslutte året med ein liten fjelltur. Turen endte med at eg sklei på glatta, og har no slått armen så kraftig at bevegelse blir ei utfordring. Det ser mørkt ut for strikkestarten dette året.

Stakkars arm!