fredag 25. januar 2013

Tunika frå nøstebarn

Som tittelen allereie har avslørt, så har eg strikka meg ein tunika frå nøstebarn. Denne tunikaen har aldri tiltalt meg, men etter at min snille (kvifor ho er snill skal eg avsløre seinare) kollega strikka denne tunikaen, ja då kunne ikkje eg vere noko dårlegare.

Eg hadde nett kjøpt meg paprikaraudt nøste, og ville gjerne bruke dette på meg sjølv. Og eg hadde fått smaken på striper, så då vart det raude og kvite striper. Eg starta i september, men det var så tungt å strikke med tjukke pinnar og tynt garn, så eg starta på ein arm, og etter tre striper var det stopp.

Forrige tysdag var eg lei av å strikke raggsokkar (har 10 raggnøster som venter på meg), og eg fann ut at det var tid for å gjere tunikaen ferdig.

Idag festa eg siste tråd.

Wow Stine.

Så er spørsmålet, kva vert neste prosjekt? Det er der "snill kollega" kjem inn i bilete. Eg har forelska meg i bringebærraud. Eg likar ikkje rosa, men bringebærraud elskar eg. Ja, eg brukte det svulmande ordet "elsker". Diverre oppdaga eg for seint at nøstebarn ikkje fører denne fargen lenger. Eg tok eit lite frieri på facebook, og der kom min kollega og informerte meg om at ho hadde litt bringebærraudt til overs! Takk!! Eg sendte og ein mail til nøstebarn, og jammen hadde dei ikkje tre hesper bringebær i 3tråds att! For ein lykke! Så då vert det kanskje rosa sokkar på meg og. Stort smilefjes!
Neste prosjekt blir kvit og bringebærstripete genser i type skappel. Prøver meg på pinne 4,5 og håpar det blir nett passeleg. Fingers crossed!


fredag 11. januar 2013

Perfeksjon

Eg har lenge vore på jakt etter det perfekte sokkegarnet. Billige, dyre, tynne og tjukke ulltypar har blitt prøvd ut, med variabelt resultat. Så fann eg det: perfect frå sandnesgarn. Dei var verkeleg perfekt. Når eg skulle hamstre inn meir hadde dei ikkje. Er det slutt på perfecsjon?
Eg endte opp med å kjøpe viking ragg, og forløbig er dei bra. Knall fargar, og passe tjukkleik! No er det berre jakta på den perfekt oppskrifta som står att.
Eg vil ha kilehæl, stjernetå og slitesterk ull som passar pinne 3,5-4.

Legg ved foto av dei perfecte sokkane