mandag 30. desember 2013

Alle dei hemmelege presangane

Med jula vel overstått kan ein trygt vise fram årets juleproduksjon. Eg kunne nok trygt lagt ut bileta her før jul, for nokre har allereie vore synt fram på sosialemedia lenge. Uansett; her er dei, dei eg hugsa å ta bilete av:

Først ute er sokkane. Lestane. Lubbana. Der andre gjekk på lønningspils i oktober, eller var det november, gjekk eg på lagunen og kjøpte "strikk fra setesdal" av mine heltar Arne og Carlos. Det ser ut for at alt dei tar i vert til gull, og det er ikkje utan grunn. Er dei ikkje lekre??  Eigentleg er dei knesokkar, men vedkommande som hadde desse på ønskjelista sa at det var godt nok at dei gjekk litt opp på leggen. Greitt for meg det.

Neste på lista var vottar, sjølvsagt. Denne gangen åklevottar, med fem forskjellige fargar, og eg måtte kutte tråden for kvar rad eg var ferdig med. Det seier seg sjølv at det vart nokre trådar å legge når eg var ferdig å strikke. Då var det flaks at sjølve vottane var kjappe å lage! Eg hadde på førehand laga eit par åklevottar i mitu, men mitu var jo ikkje rett garn korkje i tjukkleik eller farge, så her måtte ein berre handle på nytt. Både sokkane og vottane skulle strikkast i PT5 frå raumagarn, så då var det jo ikkje noko stress.

Så vakre

Neste presang ut var setesdalvottar. Dei gløymde eg å ta bilete av. Også strikka i PT5.

Så var det to restevottepar frå mitugarnet. To omganger før eg var ferdig med vott nr 2 gjekk eg tom for grønt, og måtte kjøpe nytt nøste frå garnet eg no hatar. Gløymde og å ta bilete av desse. Dersom de vil prøve å tenkje dykke til korleis dei ser ut, så er dei stripete, henholdsvis grøn og kvit, og raud og kvit. Tre omgangar i kvar farge. Mitu. raud og grøn variant kan de sjå i eit innlegg lenger nede om forrige åklepar.

Så var det siste presang. Eg er fortsatt i strikk frå setesdalboka. Det var vamsegarn. Det var ei hue som skulle ha dobbeltlag med ull. Det var hua som blei altfor stor. 

Heisann liksom
Det var ikkje sånn den skulle bli. Det er kanskje unødigt å sei, men eg seier det likevel. Eg blei sur. Veldig sur. Det er viktig å legge skylda på nokon når ein vert sur, så eg la skylda på Arne og Carlos. Eg hadde jo tross alt brukt samme pinnar som dei sa eg skulle bruke. Ikkje strikka eg spesielt laust heller. Og ikkje stod det strikkefasthet. Eller gjorde det det? Eg har kanskje ikkje sjekka. Men når alt kjem til alt så var det jo ikkje Arne og Carlos sin feil. Eg tova hua, og den passer visst likevel. Etter toving var ikkje hua så lekker, så då fekk den ikkje være meir modell. Kanskje neste gang. 

Det var årets strikkepresanger. Takk til Arne og Carlos for kjekk strikkebok, håper dåke fortsetter å like bileta mine på instagram sjølv om hua vart for stor. No er det setesdalpause her i heimen, strikk på nytt har fått hedersplassen ved sida av meg i sofaen no.

mandag 23. desember 2013

o jul med din glede og boka som ikkje var her

Etter å ha mast i to år har eg endeleg fått julepresangen min frå 2011, litt på etterskot, eller kanskje nokre dagar for tidleg - om den skulle vore 2013 julepresangen. No er den her, og eg er så nøgd! Kva snakkat eg om? Jo eg snakkar om fiskartrøya frå Austevoll. Ikkje veit eg kven som har laga oppskrifta, einaste eg veit er at ein gang i tida så hadde Austevoll husflidlag denne oppskrifta, og her er resultatet.


Har du nokonsinne sett ei så flott jakke før??


Til tross for ei gamal oppskrift, som hadde blitt kopiert ein gang eller ti for masse på 90-talet, så vart faktisk resultatet bra! Eg skal ikkje ta æra for denne bragden, for det er ikkje eg som har strikka denne gangen. Eg har berre fått.

Siden eg har fått denne flotte kofta, har eg strikka noko fint (og litt mindre i størrelse) til strikkedamen, men siden dei strikketøya enda ligg innpakka kan eg ikkje avsløre det enda.


I helga hadde eg planar om å strikke masse, eg er nett ferdig med å strikke masse votter, og eg kunne faktisk tillate meg sjølv å byrje på eit nytt prosjekt. Eg tenkte at nøstebarn var eit flott helgeprosjekt, men då laurdagen kom, og eg klarte å stå opp i tide til å nå husfliden før den stengte, så gjekk eg til innkjøp av ein god dose finull frå rauma. Strikkekåtheten tok meg, men eg hadde ikkje oppskrifta på genseren. I eit desperat naudrop på facebook spurte eg om det var nokon som hadde boka "strikk på nytt". Det var ingen som svarte.

Så då måtte eg sitte å sjå på garnet istedenfor. Når ein er klar for eit gøyalt rundfellingsprosjekt i spreke farger er det jo ingen som har lyst til å strikke på nøstebarn! Så då sat eg der, og googla meg grøn, men det var jo ingen plasser der det stod kor mangen masker eg skulle legge opp til erma. Stort surefjes!

No er eg atter ein gang gjenforent med strikkeboka, og masker er lagt opp. Bråtet på første erm er 2cm.

To be continued.

torsdag 5. desember 2013

Førjulskos

Førjulskos er kosen ein driver med før jul. I mitt tilfelle består det av å strikke julepresanger, planlegge å strikke julepresanger, planlegge julepresanger til meg sjølv og planlegge pepperkakehus. Med andre ord så er det mykje planlegging og lite gjennomføring, sjølv om strikkejulepresangane er ferdig. Nokon vart vellykka, andre vart mislykka, og for å ikkje øydelegge "the element of surprise" så kan eg ikkje legge desse bileta ut før etter jul. Hint: Eg har kjøpt meg ny arne og carlos bok, og eg er stort sett nøgd med årets juleproduksjon!

Siden 1åringer ikkje skjønnar konseptet jul har eg allereie gitt vekk den eine julepresangen. Når ein strikke masse småstrikk er det kjekt med litt storstrikk, så for nokre månadar sidan strikka eg denne  i julepresang til ein liten mini:

Bamboo er som alltid trufast modell
Dette er då ein rullegenser frå nøstebarn, strikka i restegarn. Trur Bamboo var litt snurt for att han ikkej fekk behalde gensaren, men guten har jo allereie pels, så han treng jo ikkje genser.

Faktisk er det mindre uferdig på pinnane no enn det pleiar å være. Har enda ikkje blitt ferdig med setesdalsjakken eller cortinagenseren, men dei ligg no trygt i kassane sine så det hastar ikkje. Egentlig har eg lyst på ei kofte frå "kofter" boka som eg fekk til jul i fjor, men tanken på å strikke ei kofte i glattstrikk, fram og tilbake på pinner , byr meg imot. Eg har heller ikkje lyst å sy inn saumar og klippe i strikketøyet. Så då står eg der med skjegget i postkassen, og kan enten fortsetje med å strikke selbuvottar eller eg kan strikke meg ein genser. Eg har ikkje heilt bestemt meg enda.