tirsdag 24. februar 2015

Jakke uten mønster

Tittelen lyg, jakken har mønster, men etter nokre rapporter så hugsar ein det meste utenatt. Kva snakkar eg om? Jo, vendejakken frå nøstebarn. Lekker. Enkel. Rask, om ein berre gidder å strikker.

Tada




Sjølvsagt med knappar frå ebay. 

Har og fått nøstet opp alle dei andre hespene. Digg! 





søndag 8. februar 2015

Spanande post frå Kina

Som den avslørande tittelen avslørte: Eg har fått spanande post frå Kina.

Nei, det var diverre ikkje ein ekte panda, men det var likevel noko veldig kjekt: Ein garnnøster!

For nokre år sidan investerte eg ein god sum av feriepengane mine i eit hespetre. Det forenkla prosessen med å nøste opp hesper mykje, men det tok likevel litt tid.

Eg har jo oppdaga ebay, og der viste det seg at ein kunne få ein garnnøster for den nette sum av 122,30kr. Så eg slo til. Det beste av alt varat nøsteren var i postkassen ei veke etterpå! Imponerande av selger, takk skal du ha!!

Så no bruker eg berre 5 minutter på å nøste opp eit hespe. Genialt!



Dette er gøy, så no kan eg nøste opp alle desse kjekke nøstene

Så no kan eg strikke fleire fine ting:



Venter på rask skyll

Knappar frå ebay sjølvsagt