lørdag 31. januar 2015

Rosa

Sist i rekke av ferdige produkter er denne rosa kjolen

Ein heilt straight kjole frå nøstebarn. Det gøyeste med denne kjolen er knappene. Eg vart i jula gjort oppmerksom på at det kan kjøpes billige knapper på ebay. For ein lykke! 20 kr for 100 forskjellige blomstrete knapper. DIGG!

Så no har eg kjøpt nokre 100vis av knapper til, deksel til mobilen, som dekker både foran og bak, samt ein garnnøster. Gleder meg stort til denne ankommer heimen frå sjølvaste Kina!

Ellers går det i evighetsprosjekt babyteppe, og litt småstrikk innimellom, som desse sokkane. Søte!


onsdag 14. januar 2015

There is so many things to choise from

Ja, det er så mangen strikkeoppskrifter i velge mellom. Sida sist har eg gjort ferdig mangen selbuvotter, eit marius pannebånd, nokre damehuer, og litt anna eg ikkje gidder å blogge om. Eg har og strikka eit nøstebarnteppe, og byrja på eit nytt ett. Babytepper er litt kjedelige.


Av bloggverdige strikketøy har eg idag gjort ferdig restegarnsrullegenser nr 3. Eg starta sånn ca rundt nyttår, og har strikke på den i rykk og napp, når jobben ikkje har tatt opp tida. Ah den jobben.

I god tradisjon har eg strikka med dobbeltråd når eg skifta farge, det er kjedelig nok å klippe av trådane etter endt arbeid, om eg ikkje må feste trådane i tillegg.

Here comes sweater-nice

Første omganger, kjempegøy!

Masse farger, kjempegøy!

Neste ferdig, litt lei

Hey hey hey så fin du er!

  
og alle dei avkutta trådane


Ein strikkar jo sjølvsagt ikkje berre på ein stor ting. Ein strikk og sjølvsagt på litt småting og, helst sånne som blir ferdig med ein gang, OG blir fine . Har du leitta etter ei slik oppskrift? Då har eg funne den.

Den finner du i nøstebarn sin "Strikk til nøstebarn". Den heitter "enkel babyhue" og den er det, enkel. Og den blir ikkje så verst heller. Trur eg brukte ein 3-4 timer pr hue, inkludert å legge tråder og hekle snorer. Det kan ein jo berre like, eller?

Her er mesterverkene:



Det er utruleg kor gøye plagg kan bli med litt striper. Det er nesten så eg vil logge meg inn på nøstebarn og bestille litt fleire hesper, men eg trur  eg må tølma meg litt. Eg har nokre kilo med nøstegarn eg kunne tenkt meg å strikke opp først.