fredag 10. desember 2010

Bestikkelser..

Når ein strikker masse, ja da får ein stiv nakke. Da er det godt med gode vener som masserer. Som løn for strevet skal ho få desse sokkene, strikket i alpakka og fairytale. Fann oppskrifta på du store alpakka og byttet ut babysilk-garn med alpakka, siden det var det eg hadde liggende.

Genser

Dette er ein genser eg har gledet meg til å strikke lenge. Eg fann modellen på husfliden, og Arne og Carlos er no offesielt mine nye favoritt designere.

Begge ermene er ferdig, det er kun (den keisamme) rett-vrang-bolen att. Målet er å få den ferdig før jul!

mandag 29. november 2010

stripesokker

Det er gøy å strikke sokker med gøyt garn som automatisk skifter farge. Diverre er det keisamt å strikke sokker når ein ikkje har oppskrift, og ein har gløymd masketal når ein strikker sokk nr 2. Uansett er hovudsaken at dei passer, og det gjorde dei.

tirsdag 23. november 2010

Marius-feber

Starten på min strikkepsykose kom etter ein visitt på denne bloggen . Ei ukjent kvinne på austlandet hadde fått strikket seg ein mariuskjole. Blå, med lange ermer. Dette ville eg og ha, men i kvitt. Fekk sjølvsagt ikkje sove på natta, og så snart det lot seg gjere fann eg vegen til modellstrikk der eg fekk handlet inn garn og utstyr til kjolen. Etter mangen lange månader med strikking vart eg ferdig. Prøvde iherdig å få til lange ermer, men eg var utolmodig og gjorde den tilslutt ferdig uten, slik mønsteret originalt var.

Knesokker produserte eg og, gode å ha i vinterkulda!

og eit par sokker! Eller, to par for å være heilt nøyaktig.. :O)


Sorg i strikkebula

Igår forsvann min venstre selbuvott. Sorgen er stor i strikkedronningens rike.

fredag 19. november 2010

SelbuVANTER

Vanter har aldri vert min greie. Selbustrikk i utradisjonelle farger ei heller. Likevel fekk eg eit innfall om å strikke meg vanter i knallfarger etter å ha gått forbi ei dame med selbuvanter i lime og kvitt.

Tingen med vanter er at dei er forferdelig keisamme å strikke. Det går greitt, heilt til ein kommer til fingrene. *Sukk*


Selbuvotter

Eg har hatt ein lang draum om å eige mine egne selbuvotter. Heilt sidan søstera mi fekk selbuvotter til jul hos tante i -97 har eg og villa hatt eit par av denne fantastiske norske tradisjonen. Årene gjekk, og ingen votter fann vegen under juletreet heime, og eg fann til slutt ut at eg måtte ta saken i eigne pinner. Eg ville ha raude, klassiske, men uten å bli keisam. naturkvit og raud tråd i 2-tråds gammelserie fra husfliden kominert med pinne nr 3 blei til dette:                                              

onsdag 29. september 2010

Selbuvotter på ynskjelista

Eg er heldig innehaver av eit hefte med autentisk selbustrikk-mønster, men mye vil ha mer og nu vil eg har ekslusive avanserte mønster som ingen andre har. Mail til Selbu hudflidlag vart sendt med forespørsel om mønster til diverse mønster. Øverst på lista var desse vottene, strikket i tynt ullgarn på pinne nr 1 for mangen mangen år siden , av ei ung jente fra Østerdalen. Svaret var negativt, dei hadde ikkje mønster til desse vottene. Skuff.

søndag 19. september 2010

Rester

i 2007 startet eg på resteprosjekt. Strikket to armer og byrja på bolen. Gjekk fort tom, og fann ut eg skulle kjøpe meir tråd for å få det ferdig. Endte opp med tre forskjellige kvite garn, siden eg ikkje hugsa kva merke eller farge det var på det garnet eg hadde fra før. Vits? Så da endte eg opp med meir garn enn eg hadde fra før. Prosjektet er enda ikkje ferdig.

Blått og kvitt garn, som formålslaust vart kjøpt inn på tidlig 2000-tal, endte opp som dette:

Verdens enkleste teppe

Ta to hesper med 2tråds merino ull fra nøstebarn. Legg opp to masker, strikk ein omgang. På neste omgang strikker du ei maske, og auker ei maske på neste maske. Snu. Strikk ei maske . Auk så ei maske, strikk ut omgangen. Fortsett slik til du har strikket opp nesten heile første hespe. Så begynner du å felle, strikk ei maske, fell ei maske. Strikk vanleg resten av omgangen. Forstsett heilt til du kun har to masker igjen. Fell av. No har du ein stort og mjukt teppe til baby, eller eit lite, men likevel varmt, teppe til deg sjølv.


Garn: 200g Merino 2 trådsgarn fra nøstebarn.

Pinner nr 6

Flettestrikk

Da eg skulle kjøpe inn garn til kjole nemnd i forrige innlegg vart eg forelska i ein kjole. Den var grå, med flettetrikk nederst og ribbestrikk øverst. Det var seler på kjolen. Så fin den er, tenkte eg samtidig som eg var litt lei meg for at eg ikkje kunne strikke fletter.

Da eg i strikkerus snubla over denne filmen http://www.garnstudio.no/ fann eg ut at fletter kankje ikkje var så ille likevel?

DROPS garn - nepal - i farge brun vart kjøpt inn, og flette prosjektet kunne starte. Ei veke seinere kunne eg smykke meg i dette mesterverket. Til tross for at vinteren enda ikkje er kommet har eg prøvd den i publicen ein gang. Foreløbig konklusjon: Fjollete knapper må byttes ut, da selene hopper av. Ellers nøgd!



Mønster til kjolen finn de her.

Garn: 550g DROPS Nepal
Pinner nr 5

Fri og strikk

To veker med fri kan gjere underverker for strikkeprosjekt. De hugsar kanskje den grå strikkekjolen som eg fortsatte på etter at den hadde lagt brakk i eit halvt år? Etter 5 intense strikkedager (og to vondeskuldre) vart den ferdig. Uten det avanserteflettemønster som den egentlig skulle ha, med litt lengre ermer og uten den halskragen så vart resultatet slik:

Det eineste som mangler nu er silkebånd. Som de kan sjå kjøpte eg eit lekkert et, med bling bling, men i min iver så kjøpte eg båndet 70cm lang. Det var kanskje litt kort?




Garn: 400g DROPS alpaca
         150g DROPS Kid silk

Pinner nr 4

mandag 23. august 2010

Retrostrikk

Det er nokre ting de må vete om Strikke-Stine.
  • Ho kjøper alltid for mykje garn (og dei gangene ho ikkje gjer det kan de være sikker på at ho går tom for garn rett før ho er ferdig).
  • Ho liker å begynne på nye prosjekt før det gamle er ferdig
Da mangen av mine venninner har byrja å formere seg, fann eg ut at eg skulle strikke nokre babysokker til ei av dei som akkurat da låg på føden. I det eg leittet fram oppskrift på babysokker fann eg noko anna spanande.. Strikkeoppskrifter fra 70-tallet som eg hadde lurt med meg heimefra for mangen mnd sidan. Riktignok hadde eg gitt meg sjølv forbud mot å kjøpe inn nytt garn, men dette var jo så spanande..

Gløymd var kjolen som hadde lagt brakk siden februar (sjå innlegg under), alle dei 20 garnnøstene som aldri blei strikket opp for ikkje snakke om alle plagga eg hadde lovd å strikke til andre. Babysokker blei strikket i ein fei, så var det avgårde Kåre til strikkebutikken. Knallorange garn vart kjøpt inn, og det faktum at eg ikkje kan sy inn glidelås vart gløymd.

Resultatet vart patentstrikk med pinner 3mm med bambino ull. Ei snill venninne sydde i glidelås (bilde kommer.
*Dersom nokon ønskjer kopi av oppskrifta så er det bare til å sei ifra, så kan eg sende ein kopi!*


Strikkekjole

Vinteren 2009/2010 var ein kald fornøyelse. Starten på min strikkepsykose var da eg forelsket meg i mariuskjolen, som var ein tunika uten ermer. Ein tunika eg forsåvitt vart veldig glad i, men når det er -20 C ute, så står strikketøy med LANGE ermer høgt på ynskjelista. Etter å a googlet nettet i opp og i mente på strikkekjoler gjekk eg innom strikkebutikken, og på impuls, 5 minutter før stengetid falt valget på denne kjolen . Riktignok var det fletter (Det ser uhamsleg ut i mine auger), men veien blir til mens man går så eg handlet inn mønster og tråd. Ingen billig fornøyelse.

Ivrig strikket eg 1 1/2 arm, før eg byrja på kjolen. Etter 8 cm var eg lei, og kjolen låg saman med alle dei andre plagga som aldri blir ferdigstilt heilt til eg torsdag denne veka ryddet i tråd og pinner, og fann ut eg kunne strikke litt til.

Resultat etter 2 døgn: Flink eller?

Eg kuttet ut flettemønster, og strikket kjolen i grått istedenfor rosa. Ermene er i mønster 2/3 lange, men siden dette er eit vinterplagg ønsker eg full lengde på dei. Andre endringer i forhold til originalmønster er at eg kutter ut halskragen. Stine sin hals liker ikkje høge krager. :O)

Prosjekt selbuvotter



Selbuvotter er ein klassiker som aldri går av moten. I min søken for mønster gjekk eg på nettet, der eg fann fleire spanande alternativer. Diverre var det ikkje mogleg å få mønsteret online, så eg endte opp med mønsterheftet fra husfliden. Rosemønsteret eg ynskja meg fann eg ikkje, men resultatet vart no bra lell!

I min iver over selbuvotter fekk eg eit oppdrag i å strikke vanter. Noko uvant for min del, men eg satte i gang med godt mot. Det tok litt tid, men resultatet vart bra. Diverre skulle det seinere vise seg at vantene var for små til mottaker. Stine må lære seg å ikkje strikke så stramt.




Bilete til venstre viser den første votten som vart strikket etter at mønsterheftet vart kjøpt inn. Ivrig, og på vei til ei venninne måtte tråd og strikkepinner kjøpes på butikken. Veil str på pinnene var 2mm, men butikken var tom for både 2,5mm og 3mm, og siden eg av erfaring visste at eg var ein "stram-strikker" vart pinner på 3,5mm kjøpt inn. Strikket derfor vottene i barnestørrelse, og la til dei dansende parene for å få meir lengde på votten. Maskene blei litt store, men nøgd likevel :O)