mandag 23. august 2010

Prosjekt selbuvotter



Selbuvotter er ein klassiker som aldri går av moten. I min søken for mønster gjekk eg på nettet, der eg fann fleire spanande alternativer. Diverre var det ikkje mogleg å få mønsteret online, så eg endte opp med mønsterheftet fra husfliden. Rosemønsteret eg ynskja meg fann eg ikkje, men resultatet vart no bra lell!

I min iver over selbuvotter fekk eg eit oppdrag i å strikke vanter. Noko uvant for min del, men eg satte i gang med godt mot. Det tok litt tid, men resultatet vart bra. Diverre skulle det seinere vise seg at vantene var for små til mottaker. Stine må lære seg å ikkje strikke så stramt.




Bilete til venstre viser den første votten som vart strikket etter at mønsterheftet vart kjøpt inn. Ivrig, og på vei til ei venninne måtte tråd og strikkepinner kjøpes på butikken. Veil str på pinnene var 2mm, men butikken var tom for både 2,5mm og 3mm, og siden eg av erfaring visste at eg var ein "stram-strikker" vart pinner på 3,5mm kjøpt inn. Strikket derfor vottene i barnestørrelse, og la til dei dansende parene for å få meir lengde på votten. Maskene blei litt store, men nøgd likevel :O)

1 kommentar: