mandag 23. august 2010

Retrostrikk

Det er nokre ting de må vete om Strikke-Stine.
  • Ho kjøper alltid for mykje garn (og dei gangene ho ikkje gjer det kan de være sikker på at ho går tom for garn rett før ho er ferdig).
  • Ho liker å begynne på nye prosjekt før det gamle er ferdig
Da mangen av mine venninner har byrja å formere seg, fann eg ut at eg skulle strikke nokre babysokker til ei av dei som akkurat da låg på føden. I det eg leittet fram oppskrift på babysokker fann eg noko anna spanande.. Strikkeoppskrifter fra 70-tallet som eg hadde lurt med meg heimefra for mangen mnd sidan. Riktignok hadde eg gitt meg sjølv forbud mot å kjøpe inn nytt garn, men dette var jo så spanande..

Gløymd var kjolen som hadde lagt brakk siden februar (sjå innlegg under), alle dei 20 garnnøstene som aldri blei strikket opp for ikkje snakke om alle plagga eg hadde lovd å strikke til andre. Babysokker blei strikket i ein fei, så var det avgårde Kåre til strikkebutikken. Knallorange garn vart kjøpt inn, og det faktum at eg ikkje kan sy inn glidelås vart gløymd.

Resultatet vart patentstrikk med pinner 3mm med bambino ull. Ei snill venninne sydde i glidelås (bilde kommer.
*Dersom nokon ønskjer kopi av oppskrifta så er det bare til å sei ifra, så kan eg sende ein kopi!*


2 kommentarer: