torsdag 27. desember 2012

Så møtes vi att selbu

Fjorårets selbumaraton førte til ein aldri så liten selbutørke i 2012. No er snart året omme, og på tampen av året fekk eg ny giv. Akkurat i passe avstand til jul. Resultat: 2 par damevottar, 2 par barnevottar, 3 par babyvottar, 1 par babysokkar og eit par damevottar på pinnane. Herrevottar tek for lang tid, så menn blir diskriminert for tida. Eg ber om orsak, det er ikkje meininga å vere kjip.

Selbuheftet er no så godt brukt at arka dett av heftet. På tide med nytt?



onsdag 19. desember 2012

Bamboo-style

Det har komen ein verdsborgae til verda, og eg fekk eit akutt behov for å strikke noko til han:

Veksejakke frå nøstebarn. Eg klarte det på to dagar, då hadde eg rett nok fri, men er særs nøgd med innsatsen. Kanskje det vert fleire sånne?



torsdag 13. desember 2012

Historia om babyteppet som vart eit sjal

Eg skulle strikke eit babyteppe, men før eg var komen halvvegs var eg lei. Sidan eg strikka på skrått fellte eg av når eg nesten var ferdig med hespet, så då vart det eit trekantsjal istaden.

Det var historia om babyteppet som vart til eit sjal.

Babyteppet fekk vere med på cafe før eg sendte det vekk i posten

onsdag 28. november 2012

Kjapt strikk og grådig strikkar

Alle likar strikk som vert ferdig i ein fei, i alle fall så gjer eg det. Litt fordi det er kjekt å bli ferdig, litt fordi eg draumar om å starte masseproduksjon av strikketøy slik at eg kan verte rik.

Diverra har åra lært meg at "lettstrikka" sokkar ofte tek tid likevel, og som regel er dei upraktisk samt at dei ikkje alltid er så lekker. I bunn og grunn er dei gode gamle oppskrifta dei beste å bruke!

Forleden dag skulle eg strikke nokre sokkar i str 2-4 år i restegarn frå nokre andre sokkar. Sjølv om eg fulgte oppskrifta, så endte det heile med sokkane såg litt rare ut. Det kan ha samanheng med at eg strikkar litt stramt på mønsteret. Gjekk sjølvsagt tom for kvitt garn før eg var ferdig med sokk #2. tok meg forøvrig ca 2 dagar å strikke dei (så langt som eg kom).

Ein og ein halv marius-sokk. Dersom nokon kjenner ein 2åring med ein og ein halv fot så kan eg hjelpe med sokkar.
Sidan marius-sokkane vart miss fortsatte eg med godt mot med restegarnet frå skappelgenseren. Dette er jo rein alpakka, og ikkje slitesterke med tanke på at det skal bli sokkar, men du store alpakka har laga ei sokkeoppskrift med dette garnet, så då e det lov. Eg skulle eigentleg bruke restane til å lage sokkar til meg sjølv, men grådigheita tok øvehand, så no har eg strikka eit par som og er i str 2-4år. Planen er nemleg å selgje, slik at eg kan reise på rammsteinkonsert med godt samvit for banken.

Upraktiske, men veldig mjuke, varme og, ikkje minst, vakre sokkar. Til salgs!

Liebe ist fur alle da

onsdag 31. oktober 2012

Bølgesokk

Bølgesokken.

Det har vært ein liten trend i det siste at eg har gjort ting litt halvvegs. Eit eksempel er bølgesokkeb. Bølgesokkane er nokre søte sokkar som er lette å strikke. Diverre var dei ikkje så lette lengre når eg skulle laga bølgene. Glattstrikk på pinnar er keisamt. I tillegg vart sokken ikkje like skjønn som venta, den verka og til å vere upraktisk i bruk. Så bølgesokken har fått nytt liv som nålepute og måleband-haldar!

onsdag 24. oktober 2012

Hue med dusk

Neste prosjekt er ferdig: Tine Solheim si hue "lue med dusk" type Sonja.

Eg har jo allereie kjole, leggings, posehue og vottar i denne designen, og no ville eg ha ein gensar (sidan eg har vært så flink å byte ut tights med bukser).

Då må jo fargane prøvast ut først på ei hue, og eg ville då ha den med dusk. Sjølv om eg hatar å lage duskar.

Her er ferdig resultat! Det blir nok ikkje genser i desse fargane, men eg syntest hua vart skjønn!

lørdag 13. oktober 2012

Skappelgenser

Har du ikkje nok ull? Nei.

Har du ikkje nok å strikke på? Nei.

Idag vart skappelgenseren min ferdig, og garn til nytt prosjekt er kjøpt inn.
Eg hadde jo forsåvitt ikkje tenkt å strikke skappelgenseren, for når ting er så in at alle andre skal ha det, ja då er det eigentleg ut. Heldigvis er eg ikkje så opptatt av kva som er in eller ut, så plutseleg ville eg og har.

Den er strikka i tynn alpakka + fairytale frå du store alpakka. Fairytale med glitter!

Når eg starta var eg fulle av pågangsmot, for eg hørte stadig historir om folk som strikka den på ein kveld! Eg brukte nøyaktig 12 dagar på min, og då hadde eg haustferie og...

Kva blir neste prosjekt? Marius? Gjere ferdig setesdal?

fredag 28. september 2012

Produktiv!

Ja, no har jenta byrja å sy og! Med min ikea symaskin (etter litt startvanska er me no vener) har eg laga dette strikkepinnetui. Takk til ein gul knapp som har lagt ut oppskrift! Orkar ikkje legge ut link, det er så stress. Sorry.

Attende til meg: kry!

Stine prøver noko nytt: bambus!

No har eg strikka ei hue i bambusgarn! Eg er litt usikker på om dette går under kategorien ull eller bomull, men mjukt og godt var det ihvertfall! Og ifølge dei som har prøvd Plagga: varmt og!

Garnet har eg kjøpt på www.jonette.no

Lekker??



torsdag 27. september 2012

onsdag 26. september 2012

Lettstrikka marius

Første plagg ut frå katalogen er ferdig, mariusgenser til hund! Alfa (eg tpk sjølvsagt garnet med glittet) ogpinne nr 6! Resultat: lekker brun og kvit marius, med glitter.

mandag 24. september 2012

Hei Marius!

Ein kan aldri få nok av hverken garn eller strikkepinnar. To timar som trillepike førte idag til at eg handla inn både ull og strikkepinnar, sjølv om eg har plenty med både pinnar og nøster på lager. Problemet er at når pinnane er out of reach, ja då må ein kjøpe nytt så ein kan få tilfredstilt sine lyster ned ein gong.

Eg var uheldig nok til å snuble over sandnesgarn sitt "mariushefte". Der kan ein strikke masse unyttig som ølvott, pynt til tennbrikker og trekk til zaloflaske. Alt sjølvsagt i marius. Sjølv om fornuften min seier at eg bør få ferdig babyteppet snarast, samt den rillestrikka sparkebuksa (som forsåvitt nesten er ferdig), så valgte eg å legge opp til ein mariusgenser til chihuahua. Ja du hørte rett, ein mariusgenser til chihuahua. Eg kjenner forresten ingen chihuahuaer.

Det kan godt hende at marius kjem til å dominere årets julepresangar, me får sjå kor longt eg kjem før eg vert lei.

torsdag 13. september 2012

Ferdig!!!!

Kven skulle tru? Etter to månedar med berre "oi, sjå kva eg har kjøpt" innlegg kan eg no presentere min dalegarn genser: 27403, raglangenser designet av Olaug Kleppe. Strikka i blå påfugl, utan vrangbord. Berre rundt og rundt på store pinnar! Anbefales! Minus: garnet loar.

Finn sjølvsagt ikkje stoppenåla mi, så den er i god gammaldagstradisjon NESTEN ferdig.

Beklager at det vart eit "eg har teke bilete av meg sjølv foran spegelen"-bilete, men eg er så lei bilete av flate plagg på soffan. Ikkje har eg sofa lenger heller.

God helg! :-)

søndag 2. september 2012

onsdag 15. august 2012

Stadig noko nytt

Sidan eg er litt lei av både babyteppet og rillebuksa, fann eg ut at det var på tide å prøve noko nytt.

Snubla over dette innlegget om eit lekkert retro vognteppe. Sjølvsagt ville eg og hekle eit slikt! Men korleis skal ein hekle blomar inn i bestemorsrutene? Etter mykje googling fann eg ut at det enklaste mest truleg var å sy blomane på etterpå. Så etter litt meir googling fann eg ei oppskrift på blomar. Heilt ok. Så eg prøvde.

Resultat kan diskuterast, prosjekt er førebels på vent.


mandag 13. august 2012

Eigentleg skal eg spøta på eit babyteppe no, for barnet vart født for to veker sidan. Diverre er eg litt lei og må strikke på noko anna. Ikkje sei det til mora, vær så snill!

Det er ferietid, og eg nyttar høvet til å strikke ei rillestrilla bukse frå nøstebarn, sidan eg ikkje var så strikkekåt på teppet. Klarblå og oker (?), "ikkje dei fargane eg ville valgt, ja ja". Nei nei eg likte dei no eg :-)

mandag 16. juli 2012

Ferdig!

Og godt nøgd om eg får sei det sjølv.

Igjen får Bamboo være modell

One down, one to go

2 år har gått sidan mitt første nøstebarnteppe. Eg starta med å strikke på skrå, avanserte til å strikke med holrad, lagde tepper med striper og prøvde ein gong å strikke fram og tilbake. På det siste teppet hekla eg til og med ein kant rundt. Denne gongen strikka eg eit einsfarga teppe på skrå, utan holrad og med to fargar på heklekanten.

No er eg rett nok ikkje heilt ferdig ned dette teppet ned to heklekantar med to fargar, men her er forløbig konklusjon på teppestrikking:

1. Det er lettast å strikke på skrå, då er ein garantert at teppe vert kvadratisk
2. Det er lettast å strikke einsfarga, for då slepper ein å anka på om ein har nok tråd når ein startar med fellinga (på skråteppene).
3. Når ein skal hekle fastmasker i ny farge, er det lurt å ta ein runde med bornfargen først. Då blir kanten finare. Eit tips sjølvsagt leste på nøstebloggen etter at eg var ferdig ned første heklerunde. Lenge leve utolmodigheit!

Men trur det vert bra likevel :-)

tirsdag 22. mai 2012

Restefest og sommar

På årets tredje sumardag tok eg med strikket til parken. Denne gangen: restesokkar!

mandag 21. mai 2012

Hei Hei Arne!

Ikkje veit eg kvifor, men plutselig vart eg ferdig med arneogcarlosgenseren min! Halsen, som eg trudde skulle ta nokre dagar, brukte fleire månader på å bli ferdig, men no er den klar!

Rett nok har eg ikkje lagt trådane, men det har ein enkel  forklaring: nåla er vekke.

Denne genseren var jo egentleg meint for meg, men det er visst nokre krympedyr i garnet mitt, så den sat ikkje heilt som den skulle.

Bryr meg ikkje, for den er FERDIG!!

lørdag 5. mai 2012

Utfordringar: Cortina-genser søkjer hjelp!

No er eg ferdig med bolen, og er glad for det. Litt utfordringar har eg likevel. Problem: I oppskrifta står det at ein skal skifte til pinne 3,5 på bolen etter at bråtet er ferdig, I oppskrifta på ermene skal ein fortsetja med pinne nr 3 etter bråtet. Eg tykkjer det høyrdes rart ut, men valgte å følgje oppskrifta. Bolen, som no har fasong som om den skulle være gravid, kan sjå ut til å vere meir laus enn ermet. Ermet er slimfit, og det er jo slik genseren skal være. Prøvde på bolen, så godt det lar seg gjere når ein ikkje har hål til ermene, og den virka ok, sjøl om den ved samanlikning med gode gamle  (lusekofta frå -95 red anm) verka til å kanskje være bitten større.


Eg har tre val:

1. Rekke opp bolen, og strikke den på ny med pinner nr 3
2. Rekke opp ermene, og strikke dei med pinne nr 3,5
3. Strikke ferdig siste ermet, og montere dei på genseren, med fare for at det vert mini-ermer på maxi genser.


Er det nokon som har erfaring med cortinagenser som kan gje meg litt råd? 





søndag 29. april 2012

Sundag

351 effektive strikkeminutt står att før eg kan byrja på mønsteret. Stas!

mandag 16. april 2012

Maskefall og morgenstund

Første prosjekt fra maskeball er godt i gang. Eg har mangen store planer, og har lyst til å strikke eine teppet. Det er eit stort prosjekt, og eg fann ut det var best å strikke puta (som er i samme stil) først.



Førbels har eg lært dette:

1. 1 rille = 2 omganger, ikkje 1.
2. Å strikke puta før teppet var lurt, då får ein teste fargekombinasjonen

Desse skal ut til neste pute:


Desse får bli:

torsdag 12. april 2012

Oops I did it again!

"Eg skal strikke opp det eg har før eg byrjar på noko nytt"

"Eg skal strikke ferdig genseren før eg byrjar på noko nytt"

"Eg skal strikke ferdig genserane før eg byrjar på noko nytt"

"Ah, eg må jo ha litt kosestrikk"

Velkjente setningar.

Eg har vært litt strikkelei i det siste. Ukjent årsak. Så fekk eg ein presang..



Ja, ei strikkebok! Maskeball av Tine Solheim. Her var det så masse fint, at det ganske straks kitla  i strikkehendene.

Så idag, på lønningsdag, så måtte eg innom strikkebutikken. Resultat:


Dette skal då bli ei pute. Om eg beheld motivasjonen skal det ein gang bli eit teppe i same stil. Når eg har strikka ferdig genserane.

mandag 2. april 2012

Hekla ugle

Eg har no prøvd å avansere i mine handarbeidskunstner. Frå å kun hekle oldemorsruter, har eg no prøvd å hekle dyr. I min søken etter tepper snubla eg over denne hekleoppskrifta. Den var på dansk, men det er jo ikkje noko problem når forkortelsane er dei same som dei norske.

Det har vært lite oppdateringar i det siste. Det har sin naturlege forklaring: Eg har vært på ferie, eg har vært forkjøla og når sant skal seiast så har eg vært litt.... LEI. Oi, der sa eg det høgt! Uansett, så har eg nesten klart å hekle ferdig ei ugle:


Den vart jo litt skjønn?? Den manglar øyrer, føter, pupillar og vengjer. Tida vil vise om den blir ferdig. Når eg hekla kroppen såg jo alt så enkelt ut, men detaljane, ja det var dei som tok litt tid. Så me får sjå. Kanskje den tilslutt blir ein del av ein barnevognsuro, eller kanskje den ein gang blir ein katte-leike. Uansett, den skal få eit godt liv!

søndag 11. mars 2012

Hei Cortina!

No når endeleg babyteppe 1:4 er ferdig, kan eg konsentrere meg om cortinagenseren min. Her er mykje halvgjort: Eg har strikka ein og ein halv arm, nokre cm på bråtet til bolen, og fredagkveld var bråtet på hua ferdig.

Siden eg er på øybesøk høyrer det med strikkebesøk hos kusine. Ho held på med samme hue som meg, og var ferdig med mønsteret. Eg var ferdig med bråtet. Mønsterstrikket starta i ståva hennar og når eg skulle heim, var eg komen halvvegs. "Visst du blir ferdig før meg blir eg sur", ho kjempa nemleg med fellinga, det er jo ikkje alltid enkelt.

Så kom eg heim, og eg skulle berre strikke litt før eg la meg. Før eg visste ordet av det hadde eg gjort ferdig mønsterstrikket innimellom all wordfued-spelinga. Eg har nemleg oppdaga at eg kan strikke litt innimellom ordleiken!

Igjen var det stor spaning om det ville være nok garn, held den kvite tråden?



Ok, mønsterstrikk ferdig og den kvite tråden holdt. Då er det over på neste utfordring: finne strømpepinner så eg kan felle av. Eg hadde nemleg ikkje tenkt på det at eg kanskje måtte skifte pinner. Eg strikka allereie med tynnare tråd og pinnar enn det oppskrifta befalte, og etter bråtet er det jo ein vanleg sak at ein må finne tjukkare hjelpemiddlar. Eg var utolmodig, og fortsatte med dei eg hadde. Det hjalp ikkje mykje når eg fann ut at kolleksjonen med strømpepinnar var tilnærma ikkje-eksisterande. Eg mistenker at min personlige kolleksjon har auka i takt med at denne kolleksjonen har minka. Dette viste seg å være ris til egen ræv, og eg måtte bruke det eg fann: ein strømpepinne, to korte rundpinnar og ein lang rundpinne. For eit rot!


Klokka halv seks på morgonen kunne eg hånleg publisere dette bilete på fjasbok:




Hua var ferdig, etter ei intens natt. Den passa og, sjølv om eg var redd den skulle bli alt for liten med mine stamme strikkeevner. Faktisk vart den litt for stor.


Stilig fyr!
Stakkars Bamboo, eg måtte trekka hua nedover andletet hans. Det var ikkje fordi eg tykkjer han er stygg, det var for å vise mønsteret. Legg til nokre digitale hjarte for å syna at eg er glad i han <3 <3 <3

Skjønningen!
Då er det berre resten av genseren attende. Bråtet på bolen er den neste keisamme barrieren som må brytast. Atter ein gang har eg avanserte matematiske metodar for å motivere meg sjølv: eg manglar ca 9 omgangar før bråtet er ferdig. Kvar omgang tek ca 10 minutter. Om eg strikkar 2 timar samanhengande skal eg blir ferdig.

Synd det er så lett å la seg avlede av animal planet og wordfued.

fredag 9. mars 2012

Så var det ferdig, mor signes teppe. Det var anløp til panikknår vekta viste 48g, eg hadde nett starta på fellinga og sat no med angst resten av strikketida. "det kan hende det blir eit rødt hjørne om det ikkje er nok garn!" men det gjekk til alt hell bra! Tilslutt liten heklekant rundt. Vart akkurat ferdig iløpet av bussturen.



Litt lei av å vise strikk som ikkje er i bruk, mine gode venn Bamboo har i dag stilt som modell

På bussen

Snart ferdig!

fredag 2. mars 2012

52 gram

Mor Signes babyteppe går på fram. Etter forrige teppes fadese med ikkjekvadratisk-form strikka eg denne gangen nok ein gang på skrå. Når ein strikk på skrå er det viktig å snu når ein har strikka opp det første av to hesper. Enkelt. Med to fargar må ein ta det på augemål, eller bruke vekt. Mine garn veg no 52g, og eg tykkjer enda teppet er lite. Dette vert spanande.

søndag 26. februar 2012

London baby!

Lenge trudde eg at strikkepinner kunne brukast som våpen, og att det av den grunn ikkje var lov å ta med på fly. Likevel verserte det rykter om at både strikkepinner og heklenåler var lov å ta med. Eit raskt søk på avinor viste at ryktene var sanne. Tok ikkje sjangsen på at strikket skulle bli konfiskert i sikkerhetssjekken, tok derfor med hekleutstyr til flyturen.




fredag 17. februar 2012

Skuffelse er...

Når du, etter ei veke med strikketørke, tar opp att strikketøyet for å gjere ferdig tommelen for så å oppdage at du ikkje har strikka tommelen på første vott.



Årsaka til strikketørka er denne: Wordfued. Applikasjonen som eg ikkje skulle laste ned fordi eg visste eg ville bli hekta. Men eg var svak og gav meg over.


Det er på tide å ta spøtet tilbake, og la telefon være telefon.

Amen.