fredag 1. mai 2015

Den der er da ingen som bruka

Nøstebarnklærne ser veldig fin ut på bilde, men det er vel ikkje å putte under ein stol at ikkje alle plagga er like praktiske.

Dei siste vekene har eg brukt på ein rillestrikka body. Eg har nokre garnnøster som aldri tar slutt, og siden eg brukte over 1000kr på nytt garn, måtte eg jo bruke opp det gamle.

Eg hadde gløymd kor upraktisk det er å strikke med tre tråder, for trådene knyter seg alltid sammen. Kjedelig.

Men resultatet vart akk så vakkert.

Rillestrikka body, tre farger. Fekk ikkje brukt opp garnet.

Den blei fin.




No holder eg på med ein rillestrikka jakke. Veldig stilig, bilde kjem når den er ferdig. To armer unnagjort, kun bol att.

Det eg derimot gleder meg mest til, er å strikke restegenser. Restegenser er det kjekkeste som finst, for det finnes ingen regler om kor mangen eller kor store stripene skal være. Så lenge den er fargerik er alt lov. Eg er ein ivrig instagrambruker, som titt og ofte sjekker hashtagen #nøstebarn. Der midt imellom alle nøsteplagga ligg det ein fargerik genser, med rundfelling. Lenge trudde eg den låg inne på gratisoppskriftene til nøstene, men den gang ei. Eg må innrømme at eg vart veldig skuffa. Samtidig veit eg at eg klarer å rundfelle uten mønster og. Eg må berre tenke litt når eg kjem så langt. Det skal gå bra!

torsdag 9. april 2015

Strikke meir til nøstebarn

Kusina mi har fått nøstebarnbok til jul, og dette kjem sjølvsagt meg til gode. Då slepp eg å kjøpe boka sjølv, og det var greitt for det var ikkje så masse eg hadde lyst til å strikker derifra. Sjølv om det var ei fin bok altså.

Den hadde eit enkelt sett som heitt noko liknande "Enkelt strikk til baby" eller noko slikt. Dobbel 2 trådsull. Relativt snar å strikke. Greit til å bruke restegarn til , denne gangen litt meir smakfull enn forrige resteprosjekt.

Lat som eg er har eg ikkje dampet plagga før avfotografering, lenge leve utolmod.

Fint blei det no. Igjen er det ebayknapper som pryder mesterverket!

Striper i midten når blåfargen vert faretruande mindre

Udampet bukse. Prøv å forestill dåke antrekket ukrøllete



Stygt resteprosjekt? Det har du ikkje rapportert om i bloggen Laila. Nei eg har visst ikkje det, for bloggen er litt utdatert. Her er restejakken som eg ikkje var heilt nøgd med. Det blei litt vel masse jordfarger på ein gang. Jaja, det finnes sikkert nokn som liker den! 


Også til slutt: småstrikk og storstrikk. God overstått påske! 

Teppe

Genser. Neida, hue hehe

Sokker. Ståve i bakgrunnen. 



tirsdag 24. februar 2015

Jakke uten mønster

Tittelen lyg, jakken har mønster, men etter nokre rapporter så hugsar ein det meste utenatt. Kva snakkar eg om? Jo, vendejakken frå nøstebarn. Lekker. Enkel. Rask, om ein berre gidder å strikker.

Tada




Sjølvsagt med knappar frå ebay. 

Har og fått nøstet opp alle dei andre hespene. Digg! 





søndag 8. februar 2015

Spanande post frå Kina

Som den avslørande tittelen avslørte: Eg har fått spanande post frå Kina.

Nei, det var diverre ikkje ein ekte panda, men det var likevel noko veldig kjekt: Ein garnnøster!

For nokre år sidan investerte eg ein god sum av feriepengane mine i eit hespetre. Det forenkla prosessen med å nøste opp hesper mykje, men det tok likevel litt tid.

Eg har jo oppdaga ebay, og der viste det seg at ein kunne få ein garnnøster for den nette sum av 122,30kr. Så eg slo til. Det beste av alt varat nøsteren var i postkassen ei veke etterpå! Imponerande av selger, takk skal du ha!!

Så no bruker eg berre 5 minutter på å nøste opp eit hespe. Genialt!



Dette er gøy, så no kan eg nøste opp alle desse kjekke nøstene

Så no kan eg strikke fleire fine ting:



Venter på rask skyll

Knappar frå ebay sjølvsagt