torsdag 20. november 2014

Nederlandgenser


I anledning fotball-VM for 5 mnd sidan vart det mykje tv-sjåing. Då sjølvsagt med strikketøy i handa. Eg har oppover åra opparbeida meg eit fint lager med nøstebarnull, deriblant mykje restar. På instagram såg eg ei som hadde strikke ein genser, inspirert av bestefarsgenser, men med riller istadenfor glattstrikk øverst. Den var blå, med knallfarger i rillene. Den syntest eg var så finn, at eg ville og strikke ein slik. Perfekt for å strikke opp rester! Og ikkje minst genialt med riller, når ein likevel må strikke fram og tilbake. Her er den! 




tirsdag 18. november 2014

Selbuvotter

Det har vist seg at selbuvotter er populært. Det har ført til at eg i haust stort sett har strikka votter, og no kan eg mønsteret utenatt. Eg skryt sjølvsagt av dette, samstundes som eg veit at eg no er skikkelig nerd. Heldigvis er det berre eit mønster eg kan utenatt.


Eg strikker sjølvsagt ikkje berre votter. Bamboo ville ha ny dress, så då strikka eg denne til han: heildress frå nøstebarn. Den vart for stor, så derfor er den no tilsalgs!


Eg lagde og matchande sokkar, som og vart for stor :(




søndag 1. juni 2014

Fotokultur

Igår skulle eg sjå igjennom bileta mine, då eg tenkte eg skulle planlegge årets julepresang tidleg, og starte med å legge bilder på fotokalenderen forløpande gjennom året. Eg vart særs forferda då eg oppdaga at 75% av biletesamlinga bestod av strikkebilete, 20% av mat og drikke, 3% fyllebilete og 2% koslige sosiale sammenkomster. Eg har med andre ord ein jobb å gjere når det kjem til fotografering.





I strikkekvardagen held eg på med prinseteppe, eller "det royale svøb" som det og kalles. Via se og hør oppdaga eg dette teppet for mangen år sida, og via tilfeldigheter på internett fann eg og ut at det var mogleg å finne oppskrifta gratis på internett.

Link finn de her og her

Eg brukar den første oppskrifta, og håper det blir fint!


Foreløbig terningkast på teppet er 5, det er lett å strikke, men sidan eg må konsentrere meg kvar 4 omgang blir det eit lite trekk for toppkarakter. 



søndag 25. mai 2014

Eg vil ha eit resteteppe

Heilt iorden det!

Har lenge hatt ein draum å strikke resteteppe frå nøstegarnsulla. Har så mangen farger, i forskjellige størrelser som eg aldri har fått bruke opp. Å strikke tilfeldige striper er ikkje så lett for ein vil jo unngå å feste tråder, og ein vil unngå å få rette på vrangen, eller omvent. Eg prøvde først å strikke inn overgangene i fargene med å strikke to tråder samtidig når eg skulle skifte farge, slik at eg slapp å feste tråder, men fant raskt ut at det IKKJE vart lekkert. Så eg måtte rett og slett kutte tråden for kvar farge eg var ferdig med.

Heldigvis var det ikkje så ille å feste trådene når eg skulle hekle kant rundt, og etter  7 veker i bruk er teppet enda flott!

Berre sjå her :

WOOOOW

SHIIIT

WOOOOW!!
Åja, dette kaller vi lekkert! Jamaicateppet var stor suksess, og haustar visst masser av skryt!



mandag 19. mai 2014

Bestemorsruter og eit lekkert vognteppe

I ånden over å gjere ting ferdig har eg klart å ta fram heklenåla.

Siden rad 3 og 4 går så fort, trur eg alltid at det å strikke store ting med bestemorsteknikk er kjempelett, men kvar gong eg trur at noko er kjempelett, så viser det seg at det tok litt tid likevel. Trur ikkje det finnes noko som heitter "ferdig i ein fei" i strikke og hekleverda.

Siden det og er lettare å byrje på nye ting, sat eg med 4 ruter som eg ikkje heilt visste kva eg skulle bruke til.

Som desse fire.

No oppdaga eg at eg ikkje har lagra bilde av pute, som kom frå desse fire rutene, på pcen, og siden eg har klart å rote vekk laderen til ipadn så får eg ikkje vist fram skrytebilde. Dette var irriterende.


Over til neste prosjekt.

Siden det er kjekkere å byrje på nye ting, så fant eg ut det var mykje lurare å lage eit vognteppe. Då ville eg ha større ruter enn eg har på oldemorsteppet mitt, og etter 5 ekstrarunder etter at eg egentlig var ferdig, blei teppet slik:

 oi oi oi for eit fint teppe! Ja, dette var lekkert dere! Siden eg synst heklatepper er stive og ekle, men veldig lekre, tok eg meg rett og slett ikkje bryet med å gjere det så stort, siden eg syntes det gjer seg best OPPÅ vogna der ALLE kan sjå det !

mandag 28. april 2014

Sparkebukse uten fot

Siden eg hadde vore så flink og gjort ferdig nøstebarnteppet, syntest eg at eg fortente å begynne på eit nytt og gøyt prosjekt. Valget falt på sparkebukse frå nøstebarnboka, har strikka den ein gang før og eg erindra at det var ei enkel bukse å strikke. Inspirasjonen fant eg fra instagram, på hasjtag #nøstebarn er det så masse fint strikk, og der fant eg eit bilete av eit barn  i ei stripestrikka sparkebukse. Sånn ville eg og strikke. Strikkastart var forrige onsdag, strikkestopp var idag klokka 12. Då rakk eg å vaske og tørke buksa og.






Buksa var imponerande rask å strikke, spesielt med tanke på at eg innimellom har starta på nye selbuvotter, og hekla litt på oldemorsteppet og oldemorsputetrekket

Framtidig putetrekk

Fremtidig slumreteppe

Framtidige selbuvottar


Framtidig bakside til putetrekk


torsdag 24. april 2014

Babyteppe #9

Eg har etterkvart kome ut av tellinga på kor mangen babytepper frå nøstebarn eg har strikka, men eg trur eg no er oppe i 9, og den siste vart ferdig på tirsdag. Tidlegare i vinter strikka eg eit resteteppe som vart veldig stilig, men eg gløymde å ta bilete av det, og dermed missa eg sjangsen til å  skryte av det.

Her er vekas produkt, gjort enkelt: strikka på skrå med hålrad.

Heilt straight

Ellers er jo målet å bli ferdig med to-do-lista mi over uferdige prosjekt. Problemet er at eg no har starta opp på to nye:

Sparkebukse frå nøstebarn med litt leftovergarn:

Denne blir veldig fin når den blir ferdig
Selbuvottar str herre:

Desse blir alltid fin
og det forhatte selbusettet, denne våren satsar eg på å bli ferdig med hua. Selbugarnet og selbustrikket luktar forresten pyton etter å ha lagt i ein innrøykt pose sidan 2004


søndag 20. april 2014

Påskestrikk

Påsken er snart over, og eg har ikkje vore på fjellet, på hytta eller gjort andre påskeaktiviteter. Tenker likevel ikkje negativt over påskeferien då det har vore ekstra fridagar og ekstra helligdagstillegg, det er jo aldri feil.

Vintersesongen er snart over, men eg reknar jo med at det kjem ein ny vinter, så strikk har det blitt tid til.  Siste produkt ut er selbuvottar. Lenge siden sist, og veldig gøy!

Og veldig fine, faktisk! Har hamstra inn selbugarn no, så reknar med det blir eit par til iløpet av dei neste vekene!

 Har du lyst på desse vottane? Då kan du trykke HER  så kjem du til epla-butikken min :O)


tirsdag 15. april 2014

Cortina hey hey

Om eg har tolka bloggen min rett, så starta eg på cortinagenseren ca januar 2012. Rask oppsummering: Strikka ein og ein halv arm, strikka heile bolen på feil pinnestørrelse, når eg var ferdig såg eg at bolen var alt for stor i forhold til ermene. Blei sur. La vekk prosjektet.

For nokre månader sidan tok eg fram att prosjektet. Rakk opp bolen. Strikka ferdig arm nr 2. Strikka ferdig bolen. Sydde i saumar og kluppa opp armhol. Sydde i armane og strikka halskant. No er eg ferdig.




Når eg byrja på denne genseren budde eg på ein liten hybel, der eg kjederøykte inne. Når eg då stengte inne genseren i ein plastikkpose så treng eg kanskje ikkje sei korleis den lukta når eg tok den ut att....  Så litt vask måtte til!



No luktar den heilt ok! Vinteren er over her på vestlandet, så satser på å ta den i bruk til neste sesong!

Utenom genser er det tradisjon tru småstrikk på menyen. Madam møllers babysokker frå nøstebarn har vore på kalenderen, det har og ei hjelmhue, som vart mykje finare i nøstebarnull enn rosa babyull. Sikkert fordi eg ikkje er så glad i rosa babyull.






Eg har kosta støv av "myk start" boka mi, det var der eg fann hjelmhuemønsteret. Har tidlegare prøvd meg på hjelmhue frå nøstebarn, men det vart litt for avansert for meg. I myk start fann eg og nokre lettstrikka vottar, men vart ikkje heilt nøgd, dei vart kanskje litt liten ?





No er det babyteppe og selbuvottar på pinnane. Sidan det er påske, blir det kvite og orange votter. Cult. Skikkelig cult. 























mandag 17. mars 2014

Rosevottar

Ifjor meldte eg meg inn i hobbyklubben der namnet alleiere har avslørt at dette er ein klubb som handlar om hobbyar. Som alle andre, meldte eg meg inn då eg ville ha alle innmeldingspresangane gratis. Det er her den raude bagen min stammar frå, samt at eg fekk fylt opp heklenålsamlinga mi. Ulempen med slike bokklubbar er at ein må hugse å avbestille bøkene i tide, ellers får ein fort ei bok eller ti ein ikkje har bruk for. Første tabbe skjedde i november, då eg brått fekk ei heklebok eg ikkje ville ha. Den fekk nytt liv som julepresang.

I februar fekk eg månadens medlemsblad, der eg forelska meg heilt i nokre rosevottar. Månadens bok var "varme votter, og noen sokker" av Eva Trotzig. Denne boka vart ikkje avbestilt.

Det er lenge sidan eg byrja på vottane, men siden eg måtte gjere ferdig nokre restesokkar og ein genser, vart eg ikkje ferdig før idag. Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.





fredag 7. mars 2014

Kan eg by deg på eit par sokkar?

Legg opp 50 masker på pinne nr 3. Strikk til bråtet er passe langt. Strikke hæl over dei midterste 25 maskene slik: Strikk til du ha ei maske att på pinnen. Snu, ta første maske laust av. Fortsett til du har ei maske att på pinnen. Snu. Ta første maske laust av, strikk til det er 2 masker att på pinnen. Snu. Fortsett å strikke att og fram med ei maske meir att på pinnen for kvar gong du strikker. Strikk til du har ca 8 masker att på pinnen. No strikker du ei maske meir per pinne. Fortsett slik til du har strikka over alle maskene. Strikk forten passe langt. Når du har ca 2 cm att før full lengde fordeler du arbeidet på fire pinner. No feller du til tå. Ferdig.

Eg strikka desse sokkane med pt5 frå raumagarn. Siden dei er strikka med restegarn vart dei ulike, poenget med mine restesokkar er å bli kvitt garnet. Diverre fekk eg ikkje strikka opp garnet med desse sokkane, men eg vart no 4 fargar fattigare om ikkje anna!


onsdag 5. mars 2014

Strikk på nytt

Jula 2012 fekk eg boka "strikk på nytt" skrevet av Anne-Kristi Espenes. Kort oppsumert så er det gamle mønster, med ny vri, noko tittelen på boka nok allereie har avslørt. Kvar gang eg strikker gensere og kofter som etter på må klippast i, så tenkjer eg: Aldri meir. Når eg seier aldri meir, så meiner eg det sjelden. Sjølv om eg aldri meir skulle sove på sovesal, så har eg sovet på sovesal. Sjølv om eg aldri meir skulle drikke meg for full, så drikker eg meg for full og sjølv om eg aldri meir skal strikke klær som må klippast opp, ja så gjer eg nettopp det.

Når eg skulle velge mønster denne gangen så valgte eg the easy way, rundfelling. Genseren heitter  "Genser og lue i spreke farger". Turkis og lilla, ikkje mine favorittfarger, eg synest jo at dei originale fargane var mykje kulare, skikkelig retro med raudt og blått. For min del vart det knall blå, orange og kvitt. Starta optimistisk på armen rundt juletider, så vart eg lei. No for nokre veker sida hadde eg ikkje så mangen strikkeprosjekter att, så det var med nyvunnen optmisme at eg gjenopptok arbeidet på genseren. Eg skulle kun strikke på genseren, men det eg oppdaga var at det var keisamt å strikke kun på genser, så eg vart mykje meir effektiv når eg strikka på litt restevotter samtidig. Note to self, det skal eg fortsetje med. På tirsdag var eg ferdig, om ein ser vekk fra den eine tråden eg har gløymd å feste vel og merke. Spent? Her er den!
Ta da!
In progress
Den vart sjølvsagt litt for lang og litt for brei, men den fungerer jo fint som tunika og . 

Slenger og med eit bilete av vottane som gjorde at eg vart meir effektiv med genesen. Dei er strikka med restane etter åklevottane og setesdalsokkane, og det er snakk om garnet som aldri tar slutt. No har eg tvunget eit menneske til å ta imot dei siste garnrestane, slik at eg slepp å sjå meir på dei.
Desse kan du forresten kjøpe på eplabutikken min, link øverst til høgre. 


Då lurer du kanskje på kvifor eg hadde ein lang monolog om at eg aldri meir skulle klippe i strikketing? Jo det er fordi eg skal gjere ting ferdig. I 2012, eller var det 2011, byrja eg på cortinagenser. Eg var ferdig med 1 1/2 arm, samt bolen, men siden eg gjorde generaltabben med å strikke med forskjellig pinnar, vart, narturleg nok, bolen mykje større enn ermene. Eg treng nok ikkje å sei at det drepte all motivasjon eg hadde for å gjere ferdig plagget. No har eg derimot vore flink, eg har rekket opp bolen, og starta å strikke på den att. Ermene er og no ferdig, men eg har ein stygg mistanke om at eg er nødt til å strikke mønsterdelen ein gang til på begge ermer, då eg ser dei er litt stram. Håper litt damping fikser den biffen. 



fredag 7. februar 2014

Epla

Februar har sagt hei, og 3 nye plagg er ferdig.

Første mann ut er åklevottane frå Arne og Carlos. Eg strikka jo 1 par sokkar og 2 par vottar frå strikk frå Setesdal, og i den anledning var det mykje restegarn att. Dette må sjølvsagt strikkast opp. Restegarn og uferdig strikkeprosjekter plagar meg, men kløa etter å strikke nye ting overvinn alltid irritasjonen over alt overskot og uferdige greier. Derfor aukar alltid garnlageret, istedenfor å minke. Februar skal bli garnkjøpfrimånad.

I anledning restegarn bestemte eg meg for å strikke eit nytt par åklevottar, men sidan det var så masse trådar å feste sist, bestemte eg meg for å halde fargekartet på eit minimum. resultatet vart blå og gule vottar, ikkje dei sprekaste fargane, men dei vart no fine. Gjekk tom for gult etter at hovedvottane var ferdige, så då vart tomlane raude. Det er jo heilt lov når det er restevottar. Vottane i seg sjølv er jo både lette og gøye å strikke, så det var jo ikkje problem. Synst du desse vottane var så fin at du vil kjøpe dei? Sjå opp til høgre, der er link til eplabutikken min!

Slik vart tomlane.
Vottar sett i fugleperspektiv



Det har og blitt tid til å strikke presangar. Aprilbaby skal få denne jakka frå nøstebarn. Mønster er frå "hansemanns hentesett", eit mønster eg kjøpte for mangen år sida. Eg vart så forelska i dei fine stripene i kvitt, blått mokka og lime, men no når eg endeleg skulle strikke den, hadde eg lyst å strikke den i kvite og gule striper. Siden sesongens gulfarge frå nøstebarn var litt blass, brukte eg heller den litt meir knallgule frå askeladen, det er jo, sånn eg har forstått, Danmark sitt svar på nøstebarn. Jakka ser litt liten ut, ifølge mønster skal den passe i alderen 0-6månader. Eg har mine tvil, men satsar på den overlever vårsesongen. Den er iallefall strechy, men håper likevel at babyen er mindre enn 6kg når den blir født. Tida vil vise.








Eg skal og i ein bursdagsfeiring i næraste framtid, og sidan bursdagsbarnet kom med pakkeønskjene litt for seint får ho desse selbuvottane. Eg har strikka dei i kvit og brun, restane etter fiskartrøya mi. Var spent på om garnet rakk, og her hadde eg like mykje flaks som eg hadde på åklevottane: det var nok brunt til sjølve vottane, men ikkje til tomlane. Derfor er tomlane gul. Eg trur ho blir glad for dei likevel, eg synest ihvertfall dei vart stilige! 


Eg skal jo som sagt få ferdig alle ufoar som ligg rundt om kring. Når eg lagde UFO-lista, var den ikkje like lang som frykta, den inkluderer eit babyteppe (snart ferdig, men ca 200trådar å feste) 2 gensere (vaksen størrelse) ei restebukse, voksen, og den berømmelige setesdagtrøya, som i skrivande stund har tre ermer i forskjellig størrelse. Også sist men ikkje minst, oldemorsteppet. Eg fann og to par madam møllers sokkar, og flettekjolen frå 2010. Sokkane trengte berre bånd, så det var gjort på 5 minutt. Check. Flettekjolen frå 2010 var egentlig ferdig, men eg måtte flytte på selane. Det var og gjort på fem minutt. Check. Desverre har den krympa litt i boksen den har lagt i, så no vil den kanskje ha ny eigar. Me får nett sjå. 








mandag 27. januar 2014

januarstrikk

Dei siste vekene har vore medium produktive. Eg har gjort ferdig ikkje mindre enn 4 plagg! To par votter, ein body og ei undertrøye. Halvparten er solgt, og halvparten ligg til slags i eplabutikken min! Spent på korleis dei ser ut?

Først ut er undertrøye til baby, strikka i nøstebarnmønster og ull. Vart strikka siden eg ikkje visste kva eg ville strikke, og eg ville strikke noko som gjekk fortare enn genseren som eg strikkar til meg sjølv. Resultat:



Neste nøstebarnprodukt ut er denne bodyen. Nøstebarn gav ut eit mønsterhefte i haust, som eg ikkje fekk kjøpt før no. Bodyen var rask og kjekk å strikke, rillestrikk er jo nemlig sjelden feil. 1 veke brukte eg på dette vidunderet:


Til slutt: Vottar sjølvsagt. Eit par i finull, fordi dei har kulare fargar, eit par i gammalserieulla, fordi det er eit varmt og deilig garn:


Genseren ligg brakk litt til. No skal eg strikke ferdig eit babyteppe, og eg må strikke opp alt pt5 garnet frå julepresangane!

onsdag 8. januar 2014

Godt nyttår!

2013 er over, og me ønskjer 2014 velkommen.

I 2013 strikka eg ei trøye til meg sjølv, ein genser, ein tunika og nokre sokkar. Ellers har eg strikka fleire sokkar, mangen votter, nokre huer og litt babystash. Det meste er allereie dokumentert og synt fram her på bloggen.

I 2014 er planen å fortsetje å strikke. Eg held på med ein genser, eit babyteppe og inatt gjorde eg ferdig ein jakke som eg har tenkt å strikke i over eit år. Igjen var det trollungejakke, den hadde eg tenkt å strikke i over eit år. No er den ferdig.

Den var vel heilt grei?


Eg er allereie lei av å strikke på genseren min. Den er egentlig kjekk å strikke, men eg veit at det kjem til å gå vinter (eller som me kallar det her på vestlandet: haust) og vår før den er ferdig. Så då må det litt småstrikk til innimellom. Eg vil jo og lage plagg eg kan selgje, slik at eg kan få gjennomføre min planlagte rammstein-stalkertour 2014. Dei må berre legge ut konsertplanen sin slik at eg kan ordne med fri og slikt.

No er planen å strikke selbuvotter i spreke farger. Sist eg strikka selbuvotter så vart dei litt store. Ikkje veldig store, berre litt store, noko som gjer at eg vurderer å gå ned ein størrelse i pinnar. Då er eg redd eg går i samme fella som sist, at dei blir veldig små. Då kan eg selgje dei som barnevottar, her gjelder det  å sjå løysningar, og ikkje problem. Det har eg nemleg lært på jobb!

Ha ei god strikkeveke alle sammen!