Vinteren 2009/2010 var ein kald fornøyelse. Starten på min strikkepsykose var da eg forelsket meg i mariuskjolen, som var ein tunika uten ermer. Ein tunika eg forsåvitt vart veldig glad i, men når det er -20 C ute, så står strikketøy med LANGE ermer høgt på ynskjelista. Etter å a googlet nettet i opp og i mente på strikkekjoler gjekk eg innom strikkebutikken, og på impuls, 5 minutter før stengetid falt valget på denne kjolen . Riktignok var det fletter (Det ser uhamsleg ut i mine auger), men veien blir til mens man går så eg handlet inn mønster og tråd. Ingen billig fornøyelse.
Ivrig strikket eg 1 1/2 arm, før eg byrja på kjolen. Etter 8 cm var eg lei, og kjolen låg saman med alle dei andre plagga som aldri blir ferdigstilt heilt til eg torsdag denne veka ryddet i tråd og pinner, og fann ut eg kunne strikke litt til.
Resultat etter 2 døgn: Flink eller?
Eg kuttet ut flettemønster, og strikket kjolen i grått istedenfor rosa. Ermene er i mønster 2/3 lange, men siden dette er eit vinterplagg ønsker eg full lengde på dei. Andre endringer i forhold til originalmønster er at eg kutter ut halskragen. Stine sin hals liker ikkje høge krager. :O)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar