mandag 19. desember 2011

Dress - no heilt ferdig!

Eg strikka denne dressen frå nøstebarn for lenge sidan, og allereie då sa eg at den var ferdig. Det var ikkje heilt sant. Eg mangla nemleg knappar på den. Dressen var lenge ute av auget, ute av sinn, heilt til eg snubla over den forrige veke. Då kom eg på at eg måtte gje den vekk før den vart for liten, og det hasta med å få på knappane. Eg ville ha stilige knappar, men i denne førjulstida vart det og gløymd, og ikveld fann eg ut at skulle eg få den ferdig måtte det skje no. Heldigvis har det seg sånn at eg har masse knappar liggande, og fann ut at desse gjorde susen:


Også held eg jo på med den evige fanakofta. Eg var lenge motlaus, men no har eg starta på åttebladsrosene. Det er egentlig eit veldig enkelt mønster, men når eg strikka første ermet så strikka eg alt for stramt, og måtte då rekke det opp att. Det er jo, som alle veit, veldig keisamt, så no strikkar eg (kanskje for) laust, og då tek det lengre tid.

Det var visst tredje oppdatering om kofta på kort tid, men det får berre vere, forhåpentligvis er den snart ferdig!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar