tirsdag 8. oktober 2013

Haust

Sommartid er ikkje strikketid, eg hadde berre eit prosjekt på gang, eit enkelt rillestrikka babyteppe. Heldigvis hadde eg to togturar, samt eit kjedeleg døgn aleine i København som fekk opp tempoet på strikkepinnane, og dermed fekk eg levert teppet til småtten før han reiste heim!



Når teppet var ferdig fann eg ut at det var på tide å strikke opp sokkegarnet som eg fann på tilbod på den lokale butikken. 10kr nøstet er jo eit kupp, og siden det var så mykje neonfargar klarte eg aldri å bestemme meg, så eg tok eit av kvart. Resultat: 



Eg likte best dei i midten.


Eg har og fått smaken på pengar att, og strikker no for salg. Ikkje på bestilling sjølvsagt, det er jo ein kjent sak at då vert eg aldri ferdig. Derfor har eg strikka dei gode gamle selbuvottane, dei går jo aldri av moten! Foreløbig har dei siste to vekene resultert i:


Og:


Lekre spør du meg, likte spesielt godt dei første, det var eit mønster eg fann gratis på internett. Finn det sjølvsagt ikkje att no, plutseleg var det velke frå verdsveven! Det mangla mønster på tommelen, men med litt hjelp frå raumagarn sitt mønsterhefte og litt fantasi, så var det tommel på dei og. Størrelsen passar små damehender, litt skuffande for dei var for liten for meg! Det siste paret er sendt til ein eitåring for passformprøving. Kan ikkje selgja skit. 

Ellers har eg fått eit spanande oppdrag å strikke hundegenser til ein frostig hund. I iveren etter å byrja kjøpte eg garn, som eg sjølvsagt gløymde att hos ei venninne. Så då kjøpte eg nytt garn i andre fargar og strikka denne: 


Ei veke etterpå fekk eg att garnet, og eit døgn seinare var denne ferdig : 

Eg skal strikke hundesokkar og. Veit ikkje heilt korleis eg skal løyse den nøtta, men det vert vel ei rå på det og!

Siden sist har eg og meldt meg inn i hobbyklubben. Der fekk eg to bøker som eg ikkje kjem til å lese, samt denne lekre veska:




Inni var og dette: 



Surprice! Passa perfekt, siden eg ikkje finn nokre heklenåler att!! Og strikkepinner kan ein aldri få nok av, spesielt sidan eg brukar dei til alt anna, som til dømes støtte til tomat og chiliplantane mine



Samt rørepinner til maling, har nemleg malt kjøkkenet mitt i sommar, lekkert?

Siste nøtt i dag er denne setesdalgenseren, ein litt forsenka bursdagspresang, og no hugsar eg kvifor eg foretrekker raglan, montering er grrrrrr


Saumane er no på plass, men å få ermene fint på plass kan vere ein utfordring. Med litt tolmod reknar eg med at eg får det til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar