lørdag 26. oktober 2013

Oppvaskklutar og slikt


Av ein eller annan grunn har eg mykje bomull på lager. Eg skjønar ikkje kvifor, for eg er ikkje glad i å strikke i bomull, men av og til får eg "gode idear" som gjer at eg då går til innkjøp av dette lumske garnet. 
Ja, så sit eg då med 8 nøster som eg ikkje veit kva eg skal gjere med. På tirsdag tenkte eg at eg skulle prøve å strikke oppvaskklutar. Eg har hørt at heimestrikka klutar er best, så då måtte eg prøve. Ja dei er rask å strikke, og ja, dei er lekker å sjå på når dei er ferdig. Berre sjå her: 

 
Skråstrikk i gull. Nice. Men så var jo spørsmålet, er dei betre enn firstprice sine til 15kr? Nei det er dei ikkje. Så siste gang eg strikker oppvaskklutar. Trur eg. 

Ellers har eg strikka ferdig åklevottane til arne og carlos. Eller dei er jo ikkje arne og carlos sine vpttar, eg henta oppskrifta frå den nye setesdalboka deira. På husfliden hadde dei ikkje pt5 garnet, men dei sa at misti var same eins. Det var det ikkje. Litt snurt for den, men minefgen feil som ikkje kontrollerte at det stemte. No er eg endeleg ferdig, vosst ein ser vekk i fra at eg har ca 20 trådar att å feste. Det var kjekke vottar å strikke, så dei anbefalst!


Har og strikka nokre huer, kvikk lunsj og ei restehue frå restane! 

Freestyle og tjukke pinnar, ja då er det ikkje farleg å strikke



No har eg lagt ut nye produkter i eplabutikken min! Velkommen innom :)

https://epla.no/shops/strikkepsykose/

tirsdag 22. oktober 2013

Hue-veka

Denne veka er det huer som har stått i fokus. Litt restegarn, og ei oppskrift å ta utgangspunkt i, ja då får ein tre nye huer og samtidig ein liten opprydding i garnlageret.

Etter "sonja" raidet for nokre år sida sat eg att med ein del rester med mirasolgarn. Mirasol er eit ganske fint garn, litt for fint til at eg kunne bruke det på kva som helst. Så då vart det huer.

Først ei brun


Så ei blå


Og til slutt ei med striper, sånn for å utnytte alle restene


All denne restestrikkinga siste tida har fått meg til å bli ein ivrig bruker av kjøkenvekta, som eg ikkje kjøpte for å bruke på kjøkenet, men fordi eg av og til trenger å vege garn. Eg trur det er definisjonen på ein strikkenerd. Uansett konkluderte vekta med at eg ikkje kunne strikke ei til hue, det var rett og slett ikkje nok garn. Eg klarer jo ikkje kaste 36gram flott mirasolgarn, så eg pakka det fint ned att.

Liten posering frå Bamboo, han hadde så lyst til å prøve huene!

Sidan sist har eg og gjort ferdig setesdalgenseren 

Den var akkurat passe for stor til ho som skulle få den, og jenta er storfornøyd, eller, mora er storfornøyd. 

Eg har og fått løn sidan sist, og medan andre sløser vekk lønningspengar på lønningspils har eg investert i ei ny bok, og litt garn sjølvsagt


Sidan eg måtte kjøpe ein annan type garn enn det som stod i oppskrifta er eg sjølvsagt tom for kvit, etter å ha strikka 1 1/2 vott, nytt må handlast inn i morgon!

Ha ei god strikkeveke!

tirsdag 8. oktober 2013

Haust

Sommartid er ikkje strikketid, eg hadde berre eit prosjekt på gang, eit enkelt rillestrikka babyteppe. Heldigvis hadde eg to togturar, samt eit kjedeleg døgn aleine i København som fekk opp tempoet på strikkepinnane, og dermed fekk eg levert teppet til småtten før han reiste heim!



Når teppet var ferdig fann eg ut at det var på tide å strikke opp sokkegarnet som eg fann på tilbod på den lokale butikken. 10kr nøstet er jo eit kupp, og siden det var så mykje neonfargar klarte eg aldri å bestemme meg, så eg tok eit av kvart. Resultat: 



Eg likte best dei i midten.


Eg har og fått smaken på pengar att, og strikker no for salg. Ikkje på bestilling sjølvsagt, det er jo ein kjent sak at då vert eg aldri ferdig. Derfor har eg strikka dei gode gamle selbuvottane, dei går jo aldri av moten! Foreløbig har dei siste to vekene resultert i:


Og:


Lekre spør du meg, likte spesielt godt dei første, det var eit mønster eg fann gratis på internett. Finn det sjølvsagt ikkje att no, plutseleg var det velke frå verdsveven! Det mangla mønster på tommelen, men med litt hjelp frå raumagarn sitt mønsterhefte og litt fantasi, så var det tommel på dei og. Størrelsen passar små damehender, litt skuffande for dei var for liten for meg! Det siste paret er sendt til ein eitåring for passformprøving. Kan ikkje selgja skit. 

Ellers har eg fått eit spanande oppdrag å strikke hundegenser til ein frostig hund. I iveren etter å byrja kjøpte eg garn, som eg sjølvsagt gløymde att hos ei venninne. Så då kjøpte eg nytt garn i andre fargar og strikka denne: 


Ei veke etterpå fekk eg att garnet, og eit døgn seinare var denne ferdig : 

Eg skal strikke hundesokkar og. Veit ikkje heilt korleis eg skal løyse den nøtta, men det vert vel ei rå på det og!

Siden sist har eg og meldt meg inn i hobbyklubben. Der fekk eg to bøker som eg ikkje kjem til å lese, samt denne lekre veska:




Inni var og dette: 



Surprice! Passa perfekt, siden eg ikkje finn nokre heklenåler att!! Og strikkepinner kan ein aldri få nok av, spesielt sidan eg brukar dei til alt anna, som til dømes støtte til tomat og chiliplantane mine



Samt rørepinner til maling, har nemleg malt kjøkkenet mitt i sommar, lekkert?

Siste nøtt i dag er denne setesdalgenseren, ein litt forsenka bursdagspresang, og no hugsar eg kvifor eg foretrekker raglan, montering er grrrrrr


Saumane er no på plass, men å få ermene fint på plass kan vere ein utfordring. Med litt tolmod reknar eg med at eg får det til!