onsdag 26. januar 2011

Vel overstått jul!

I år var dei fleste av julepresangene heime-spøta. I ekte juletradisjon glømde eg å ta bilete av dei fleste... 4 heldige fekk selbuvotter, i henholdsvis raud, grå, mørkebrun og mørkeblå. Om eg får sei det sjølv, så var dei veldig fine! Det vart og spøta eit sjal, i tynn silkeull blandet med metallic tråd, litt "glam" må det jo vere! For ikkje snakke om den halvferdige hua som eg pakka inn med lovnad om å gjere den ferdig i romjula. Dette løftet vart (sjølvsagt) ikkje innvilga, men den er no ferdig og mangler berre litt innsying av lause trådar.
Mønsteret er fra dalegarn og er strikket i koksgrå FALK.

Legg og merke til mariusgenseren. Eg hadde jo planar om å strikke meg ein slik genser, men det er jo heilt unødvendig når ein finn ein autentisk 1980 genser heime på loftet! Ein liten bonus fra juleferien heime ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar