onsdag 7. september 2011

Derfor skal ein ikkje strikke om natta

Eg sa jo at eg kunne ane at eg skulle bli ferdig med sparkebuksa frå nøstebarn innan onsdag. Eg ligg godt an, tirsdag morgon gjorde eg ferdig bein og fot på første bein og når døgnet gjekk over til onsdag var eg godt igang på fot #2.

Når ein skal strikke to bein er det viktig å få dei like lange, og mykje tid blir brukt til nitidig måling av bein, og teljing av omganger. Når eg tilslutt vart einig med meg sjølv kom problem nr 2: Korleis få "pløsa" (Oversiden av foten) midt på beinet? Ein vil jo ikkje plassere foten på ein måte som kun passer barn med spesielle feilstillingar i beinet. Nok ein gang vart eg einig med meg sjølv om kvar midten var (rett nok vart det på ein litt annleis stad enn på fot #1) og eg starta på pløsa. Når eg var ferdig med dei 24 omgangane eg skulle strikke ser eg dette:


Pløsa såg mistenkeleg smal ut, og ganske rett: Eg hadde strikka med to masker for lite! De kan tru eg vart irritert! Det var berre ein ting å gjere: heile pløsa måtte rekkast opp att og eg måtte ta alle maskene inn att på pinnane uten å miste dei, det er nemleg ikkje alltid like lett, spesielt ikkje når 2 av fire lyspærer i husværet har kapitulert. For å gjere kvelden (natta) perfekt hadde tråden på eine maska delt seg, og det er ikkje lett å finne heile tråden på ein allereie tynn tråd.



Eg klarte likevel å få alle maskene inne på pinnen, og etter å ha strikka 10 omgangar kan eg konstantere at den tynne maska forløbig har overlevd. *phu!*


Eg har enda ikkje orket å måle beina for å sjå om dei er like lange, men eit grovt overslag fortel meg at dei er sånn ca like lange. Dommen kjem når eg er ferdig med foten og eg har fått vekk alle strikkepinnene.

Eg trur det er på tide å ta kveld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar