mandag 5. september 2011

Eit prosjekt om gangen

Det er alltid kjekt å starte på nye prosjekt. Strikkekløe og strikkekåthet er noko som gjer at eg gang på gang startar på nye prosjekt før eg er ferdig med det eg egentlig holdt på med. Dette har ført til at eg i skrivande stund har sparkebukse, babyteppe, eit til babyteppe, voksenbukse, sokkar, genser, ein til genser og body på pinnane. I veka som gjekk fungerte dette fint, for da strikket eg litt på (nesten) alt, og klarte likevel¨å bli ferdig med både sokkar og vottar.

Sparkebuksa frå nøstebarn var eit av prosjekta eg egentlig trudde aldri skulle bli ferdig med, men det skulle vise seg å være eit smart trekk å sjå på Forrest Gump medan eg strikka, for før eg visste ordet av det kunne eg byrja å auka for kilen. Nok ein gang sukka eg tungt medan eg leste oppskrifta, eg tek meg den frihet å sitere litt frå boka: "Fortsett slik å auke 1 m på kvar side av dei auka maskene framme og bak på kvar 2. omg" - Hallo?!?! Skulle eg liksom halde styr på kvar dei auka maskene var? Men så viste det seg at det ikkje var så vanskelig likevel, og resultatet vart ikkje så verst!

Nærbilete av kilen


Når kilen var ferdig var det plankekøyring med beina, eller det vil seie, eg held enda på med bein #1, men det er ei fin slavisk oppskrift som krev at me fell kvar tredje og fjerde omgang. Mykje kjekkare enn når eg må felle eller auke kvar cm *grøss*. Lukter eg bukse ferdig innan onsdag?


Har sjølvsagt kjøpt inn knappar lenge før plagget var ferdig. Har enda ikkje bestemt meg for kva knappar eg skal bruke, men eg tenker det heller mot den lille kvite med ein liten gut på.

2 kommentarer:

  1. Så fin farge! Det er utrolig deilig å bli ferdig med prosjekter som ligger på vent. Jeg kjenner problemet med å starte på nytt før gammelt er ferdig. Det er så mye fint å lage:) Legger meg til som følger hos deg. Her var det mye inspirasjon.

    SvarSlett
  2. Kjekt å høre at det er flere enn meg som har mange jern i ilden! Buksa ser super ut! Og så herlig blåfarge!

    SvarSlett