søndag 11. desember 2011

Strikkepinneetui

Kjære Dagbok!

Idag hadde eg lyst til å lage meg eit strikkepinneetui. Eg er så lei av at dei ligg i konvoluttar fulle i hol, derfor fann eg ut at eg skulle plassere alle strømpepinnane mine i ein av desse tøydingsane. Sjølv om eg aldri fullførte symaskinsertifikatet, så var eg dyktig bak sy-pedalen - sånn halvvegs ihvertfall!

For første gong på mange år møttes me att, Pfaff 360 og meg!



Det er ikkje alltid naudsynt å brukt tekstilar frå "stoff og stil" for å lage nyttige produkter. Eg fann fram nokre gamle gardiner. Desse skulle leggast dobbelt og strykast før eg stdde dei saman. Eg var litt uroa for om eg skulle få beine saumar, resten tenkte eg skulle vere plankekøyring.

Gamle gardiner møter strikkepinn
Etter ei lett oppfrisking i korleis ein trær tråden er eg klar.

Klar, ferdig gå!
 Ååååh, dette vart lekkert! Ikkje heilt bein strek, men det er jo halve sjarmen med heimelaga!!
 Ka ffffffff? Kva har skjedd her? Lause trådar? Køddar du med meg Pfaff???

Her var det berre ein ting å gjere: Finne fram bruksanvisningen. Etter å ha forsikra seg at tråden var på riktig plass både foran og bak, og etter at eg hadde knappane kom eg fram til følgjande konklusjon:

Fail: Å ha for høg fart.

 Riktig: Gammalmannskøyring.





 Omsider fekk tekstilane saumar, så var neste steg å lage rom til pinnane.

Sjølvsagt vart ikkje saumane beine. Sjølvsagt vart ikkje tråden på undersida fast nok. Sjølvsagt tok undertråden slutt midtvegs i syinga. Sjølvsagt.

Mitt første og siste strikkepinneetui er ferdig.

Og Pfaff... Ja, han likar eg ikkje lengre.



Sov godt og god natt takk!

1 kommentar:

  1. He, he... så godt å høre at det er flere enn meg som ikke er helt kamerat med symaskinen!!! Men etuiet ser funksjonelt ut, og det er jo godt å vite at du har laget det sjøl, er det ikke?

    SvarSlett