onsdag 28. september 2011

Ublidt møte med kontaktlinsa

Ein del av morgonstellet er å få på seg kontaktlinsar slik at ein kan sjå kva ein held på med. Idag hadde det forvilla seg litt såpe på linsa, noko som gjorde påsettinga nokså smertefull. Resultat: Eg sit her med ei linse, medan eg må lukke det andre auga slik at eg ikkje får dobbeltsyn når eg skriv.

Ellers har eg hadt ei framifrå natt med tanke på strikking, og er no ferdig med mor Signes babyteppe! To hesper bringebærraudt garn frå nøstebarn gjekk med, strikka det på mindre pinner enn eg pleiar, 4,5, og resultet vart eit herleg tettstrikka teppe!


lørdag 24. september 2011

Endeleg framgang!

Eg har lenge kjempa med arne-carlos-genseren min, som eg starta på ein gong i fjor haust. Armane var enkle, bolen var vrangbord i 39(!) cm, noko som er nokså langt spør de meg! Når eg vart lei prøvde eg lenge å ha som mål å strikke ein omgong for dagen, men når ein er lei, ja då er eg lei, så den havna i ei skuff. For nokre veker sidan tok eg arbeidet opp att, og igår kunne eg endeleg starte på mønsterdelen. Idag kan eg starte på raglanfellinga. Etter å ha lest igjennom oppskrifta står eg no som eit stort spørsmåkteikn med tanke på kortid arbeidet skal fellast av, men eg finn vel ut av de tenkjer eg. Visst ikkje får eg ta arbeidet med meg tilbake til husfliden for å be om tips og råd der.








Utenom genseren har eg sjølvsagt eit anna strikk. Dette er mor signes teppe, som eg strikker i bringebærraud frå nøstebarn. Eg har starta på fellinga, men er ikkje live ivrig no som eg kan strikke mønster på genseren. Var på kaffislabberas igår, og her kjem eit bilete: Mitt teppe nederst , B sitt kvite teppe oppe i hjørnet (forsåvitt strikka i eit mystiskt kvitt veldig mjukt garn) M sitt dueblåe nøstebarn teppe (der ho etter å ha starta fellingen kom ut av det og byrja å auka får ho byrja å felle att, vart ein morosam effekt) , samt nokre tøfflar M starta på med restane etter tepppet. Nederst til høgre er genseren.

torsdag 15. september 2011

Arva etter Farmor

Etter mi snille Farmor har eg arva stakk og liv til hardangerbunad. Denne sydde ho sjølv, med litt hjelp frå svigerdattera si til dåpen til nest eldste barnebarn i 1970. Eg har alltid hatt ein veldig fasinasjon for bunadar, og eg ønskjer meg både austevollsbunad, hardangerbunad og telemarksbunad. Eigentleg ønskjer eg dei fleste bunadar i noregs land, men det finst begrensningar for kor mangen ein kan ha. Med mindre ein samlar på bunadar slik som Mari Maurstad gjer sjølvsagt.

Farmor kunne det meste innan håndarbeid. Ho strikka og sydde alle kleda til dei seks borna sine, ho broderte dukar til alle barnebarna sine (og det er ikkje få!)  for ikkje snakke om alle dukane ho broderte for "foreningen" som dei lodda vekk på basar. Eg har arva ein flott duk, med engelsk broderi. Farmor la ned mykje arbeid i denne, og eg er litt usikker på om eg kjem til å tørre å bruke den til anna enn å vise fram til besøkande. Førebels ligg den trygt heime hos foreldra mine, men når eg blir vaksen skal eg ta den heim til meg sjølv. Bilete kjem når eg eg hugsar å ta med både kamera OG minnekort på neste tur til Austevoll.

Når eg var på besøk hos Farmor sat ho ofte å spøta eller broderte. Ho prøvde fleire ganger å vise meg korleis ein broderte hardangersaum. Det såg så lett ut når ho gjorde det, men den gangen tanta mi skulle lære meg å brodere skjorte til austevollsbunad var det ikkje så enkelt likevel. Skjorta ligg forresten enda ubrodert, 8 år etter eg kjøpte stoffet. Eg fekk alltid skryt over strikkeriene mine, men ho hadde nok blitt enda meir imponert om eg hadde komen heim til ho med noko heimebrodert. Ei jul broderte eg desse handplagga til ho. Diverre gjorde eg ein feil når eg sydde i knappane, så ho fekk aldri brukt dei.

No når eg har arva stakken hennar har eg endeleg ein moglegheit til å ta opp att broderiet. Bunad er mykje arbeid, og eg treng både skjorte, forkle, bringeduk og belte. Sølvtøy satsar eg på at eg får til bursdagar og julefeiringar, så familien bør ikkje ha problemer med å finne presangar til meg dei neste åra. Eg vil gjere mest mogleg på bunaden sjølv, med litt hjelp frå Mamma. Tidsperspektivet mitt er langt, og eg har ingen hast med å bli ferdig, eg har jo allereire ei flott kystdrakt som eg fekk til konfirmasjonen min i 1997.

Første punkt på programmet er belte og bringeduk. Var innom husfliden idag, men eg fann ikkje bringeduken i mitt liv. Eg tykkjer bringedukane med hjarte på er så fine, men dei er vanskelege å sy så eg startar med eit perla belte. Kjøpte litt forskjellige fargar, så no blir det spanande å sjå om eg blir feridg med det eller om det ender som austevollsbeltet mitt som enda ligg i ein pose. Uferdig.



Perler, nål, nåletreder, mønster, ehh.. "stoff" til å brodere på og sist men ikkje minst, siste utgåve frå bunadsmagasinet.

Nokre timar med perling og her er resultatet. Min gamle kollega sa at når ho først byrja å brodere stoppa ho ikkje før ho var ferdig med ein rapport. Eg må idag ta pause her ifrå, men er nøgd med resultatet!

onsdag 14. september 2011

Fuglemammas omslagsbody

Da var den andre bodyen ferdig, denne gangen i str 6mnd. Eg starta på den i mars eller april, og etter at bakstykket var ferdig var eg lei. Forrige veke tok eg opp att arbeidet, og idag vart eg ferdig.

Heilt perfekt vart den ikkje, men det gjer ingenting for det seiast at heimestrikk skal ha litt småfeil. Knappane vart litt ujamne, og omslagsstykket vart litt for kort, men eg syns no den vart fin likevel!

Den er strikket i 2 tråds merinoull frå nøstebarn  i farge mokka, på pinne nr 2,5 og 3.




Eg har og fått nytt nøstebarnull i posten, denne gangen bestilte eg i farge turkis og oker. Oker er den nye gulfargen deira. Eg ville egnetlig strikke ein stripete genser i knallgul og turkis som skulle være til sparkebuksa i fargen petrol, men når ulla kom såg eg at oker kanskje ikkje var rett farge for prosjektet. Eg får kikke meir på fargesamlinga eg har i nøstekorga mi, så får me sjå om eg strikk ein farga genser, eller om eg kanskje skal være så vågal at eg strikker ein KVIT genser!

petrolfarga bukse lengst til venstre, hespe med turkis, knallgul ball og oker lengst til høgre. Bringebærraud i bakgrunnen

søndag 11. september 2011

Tanteteppe

Då var "tanteteppet" frå "myk start" ferdig!  Det har vært nokre intense strikkedager innimellom all jobbing, og ein vond høgrearm seinare er det omsider ferdig.

Det er brukt i underkant av 9 nøster med sjokkrosa fritidsgarn og fargen kjem ikkje til sin rett på bileta. Den er nemlig veldig sjokk!

I boka står det at beregna garnforbruk er 10 nøster, men det var nok med nesten 9 for å få den kvadratisk, 80x80 cm.

Hurra!



For første gang har eg strikket med bambuspinner, og ja, dei var gode å strikke med!

torsdag 8. september 2011

Nataschas køyrepose

Det har blitt mykje strikkerier frå boka "myk start". Det første plagget eg strikka frå denne boka var køyreposen. Eg strikka den i det tjukke alpakkagarnet "misti", og kor mykje som gjekk av dette garnet veit eg ikkje, for til slutt kom eg ut av tellinga! Ei venninne av meg held og på med denne køyreposen, men ho brukar fritidsgarn frå sandnesgarn, eit tjukt garn av rein ull. Eg strikker no "tanteteppe" frå same bok i dette garnet og vil heller anbefale dette garnet til køyreposen da eg syns det tjukkealpakkagarnet loar ein del, i tillegg til at vanleg ullgarn er eit billegare alternativ.

Legg ved ei lite bilete!


Idag har eg strikka ferdig denne hua. Har strikka den ein gang før, og dette er lettstrikka greier! Hua ser ikkje så fin ut der den litt flatt, men den har god passform så eg satsar på at den passar niesa mi når ho får den!



Manglar "berre" å strikke opp 4 nøster på tanteteppet, målet er å få den ferdig snaaaaart!


Om eg har talt rett så har eg no strikka 15 av dei 40 oppskriftene som er i boka. Har strikka to "trollungejakke" og, men har sjølvsagt gløymd å ta bilete av dei. Det fortener eit "surefjes" :(

onsdag 7. september 2011

Det holdt akkurat!

Da var sparkebukse med fot frå nøstebarn endelig ferdig! Rakk det til og med slik at eg kunne ta med ferdig produkt på jobb for litt skryt. Trur jammen at beina vart like lange og!

Buksa i heilfigur. Den er strikket i 2 tråds-merinoull frå nøstebarn i garge petrol. Garnbruk: ca 80g.

Knappar frå knappehuset

Fotane

Derfor skal ein ikkje strikke om natta

Eg sa jo at eg kunne ane at eg skulle bli ferdig med sparkebuksa frå nøstebarn innan onsdag. Eg ligg godt an, tirsdag morgon gjorde eg ferdig bein og fot på første bein og når døgnet gjekk over til onsdag var eg godt igang på fot #2.

Når ein skal strikke to bein er det viktig å få dei like lange, og mykje tid blir brukt til nitidig måling av bein, og teljing av omganger. Når eg tilslutt vart einig med meg sjølv kom problem nr 2: Korleis få "pløsa" (Oversiden av foten) midt på beinet? Ein vil jo ikkje plassere foten på ein måte som kun passer barn med spesielle feilstillingar i beinet. Nok ein gang vart eg einig med meg sjølv om kvar midten var (rett nok vart det på ein litt annleis stad enn på fot #1) og eg starta på pløsa. Når eg var ferdig med dei 24 omgangane eg skulle strikke ser eg dette:


Pløsa såg mistenkeleg smal ut, og ganske rett: Eg hadde strikka med to masker for lite! De kan tru eg vart irritert! Det var berre ein ting å gjere: heile pløsa måtte rekkast opp att og eg måtte ta alle maskene inn att på pinnane uten å miste dei, det er nemleg ikkje alltid like lett, spesielt ikkje når 2 av fire lyspærer i husværet har kapitulert. For å gjere kvelden (natta) perfekt hadde tråden på eine maska delt seg, og det er ikkje lett å finne heile tråden på ein allereie tynn tråd.



Eg klarte likevel å få alle maskene inne på pinnen, og etter å ha strikka 10 omgangar kan eg konstantere at den tynne maska forløbig har overlevd. *phu!*


Eg har enda ikkje orket å måle beina for å sjå om dei er like lange, men eit grovt overslag fortel meg at dei er sånn ca like lange. Dommen kjem når eg er ferdig med foten og eg har fått vekk alle strikkepinnene.

Eg trur det er på tide å ta kveld.

mandag 5. september 2011

Eit prosjekt om gangen

Det er alltid kjekt å starte på nye prosjekt. Strikkekløe og strikkekåthet er noko som gjer at eg gang på gang startar på nye prosjekt før eg er ferdig med det eg egentlig holdt på med. Dette har ført til at eg i skrivande stund har sparkebukse, babyteppe, eit til babyteppe, voksenbukse, sokkar, genser, ein til genser og body på pinnane. I veka som gjekk fungerte dette fint, for da strikket eg litt på (nesten) alt, og klarte likevel¨å bli ferdig med både sokkar og vottar.

Sparkebuksa frå nøstebarn var eit av prosjekta eg egentlig trudde aldri skulle bli ferdig med, men det skulle vise seg å være eit smart trekk å sjå på Forrest Gump medan eg strikka, for før eg visste ordet av det kunne eg byrja å auka for kilen. Nok ein gang sukka eg tungt medan eg leste oppskrifta, eg tek meg den frihet å sitere litt frå boka: "Fortsett slik å auke 1 m på kvar side av dei auka maskene framme og bak på kvar 2. omg" - Hallo?!?! Skulle eg liksom halde styr på kvar dei auka maskene var? Men så viste det seg at det ikkje var så vanskelig likevel, og resultatet vart ikkje så verst!

Nærbilete av kilen


Når kilen var ferdig var det plankekøyring med beina, eller det vil seie, eg held enda på med bein #1, men det er ei fin slavisk oppskrift som krev at me fell kvar tredje og fjerde omgang. Mykje kjekkare enn når eg må felle eller auke kvar cm *grøss*. Lukter eg bukse ferdig innan onsdag?


Har sjølvsagt kjøpt inn knappar lenge før plagget var ferdig. Har enda ikkje bestemt meg for kva knappar eg skal bruke, men eg tenker det heller mot den lille kvite med ein liten gut på.

søndag 4. september 2011

2 down 4 to go

Å ha fleire prosjekt på gang samtidig kan virka endelaust, men ein blir alltid ferdig til slutt! Har strikket stripesokker, der eg vart lei etter sokk #1. Selbuvottene er plankekjøyring, men det hjelper jo ikkje når ein starter på nye par istedenfor å gjere ferdig andre ting.

Uansett: votter og sokker ferdig!

sutalause barnevotter

Ein liten tut som stikker ut. Kva har skjedd her?

torsdag 1. september 2011

Oh no! Kista er full!

Eg har ei lita kista som eg legger alt ferdig strikk inni, samt ei større kiste til ullgensere og andre større ting som er mitt. Foreløbig har den lille kista hatt god plass, men no byrjar den å bli full..




Det er mangen selbuvotter oppi her, og idag vart damepar nr 7 ferdig. Har jo planer om å selge ut litt rett før jul, men det ser kanskje ut som at eg må starte salget litt før?