mandag 30. desember 2013

Alle dei hemmelege presangane

Med jula vel overstått kan ein trygt vise fram årets juleproduksjon. Eg kunne nok trygt lagt ut bileta her før jul, for nokre har allereie vore synt fram på sosialemedia lenge. Uansett; her er dei, dei eg hugsa å ta bilete av:

Først ute er sokkane. Lestane. Lubbana. Der andre gjekk på lønningspils i oktober, eller var det november, gjekk eg på lagunen og kjøpte "strikk fra setesdal" av mine heltar Arne og Carlos. Det ser ut for at alt dei tar i vert til gull, og det er ikkje utan grunn. Er dei ikkje lekre??  Eigentleg er dei knesokkar, men vedkommande som hadde desse på ønskjelista sa at det var godt nok at dei gjekk litt opp på leggen. Greitt for meg det.

Neste på lista var vottar, sjølvsagt. Denne gangen åklevottar, med fem forskjellige fargar, og eg måtte kutte tråden for kvar rad eg var ferdig med. Det seier seg sjølv at det vart nokre trådar å legge når eg var ferdig å strikke. Då var det flaks at sjølve vottane var kjappe å lage! Eg hadde på førehand laga eit par åklevottar i mitu, men mitu var jo ikkje rett garn korkje i tjukkleik eller farge, så her måtte ein berre handle på nytt. Både sokkane og vottane skulle strikkast i PT5 frå raumagarn, så då var det jo ikkje noko stress.

Så vakre

Neste presang ut var setesdalvottar. Dei gløymde eg å ta bilete av. Også strikka i PT5.

Så var det to restevottepar frå mitugarnet. To omganger før eg var ferdig med vott nr 2 gjekk eg tom for grønt, og måtte kjøpe nytt nøste frå garnet eg no hatar. Gløymde og å ta bilete av desse. Dersom de vil prøve å tenkje dykke til korleis dei ser ut, så er dei stripete, henholdsvis grøn og kvit, og raud og kvit. Tre omgangar i kvar farge. Mitu. raud og grøn variant kan de sjå i eit innlegg lenger nede om forrige åklepar.

Så var det siste presang. Eg er fortsatt i strikk frå setesdalboka. Det var vamsegarn. Det var ei hue som skulle ha dobbeltlag med ull. Det var hua som blei altfor stor. 

Heisann liksom
Det var ikkje sånn den skulle bli. Det er kanskje unødigt å sei, men eg seier det likevel. Eg blei sur. Veldig sur. Det er viktig å legge skylda på nokon når ein vert sur, så eg la skylda på Arne og Carlos. Eg hadde jo tross alt brukt samme pinnar som dei sa eg skulle bruke. Ikkje strikka eg spesielt laust heller. Og ikkje stod det strikkefasthet. Eller gjorde det det? Eg har kanskje ikkje sjekka. Men når alt kjem til alt så var det jo ikkje Arne og Carlos sin feil. Eg tova hua, og den passer visst likevel. Etter toving var ikkje hua så lekker, så då fekk den ikkje være meir modell. Kanskje neste gang. 

Det var årets strikkepresanger. Takk til Arne og Carlos for kjekk strikkebok, håper dåke fortsetter å like bileta mine på instagram sjølv om hua vart for stor. No er det setesdalpause her i heimen, strikk på nytt har fått hedersplassen ved sida av meg i sofaen no.

1 kommentar:

  1. De ble fine, både sokkene og vottene! Pt5 er et garn jeg liker, jeg også.

    Riktig godt nytt år!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett