torsdag 5. desember 2013

Førjulskos

Førjulskos er kosen ein driver med før jul. I mitt tilfelle består det av å strikke julepresanger, planlegge å strikke julepresanger, planlegge julepresanger til meg sjølv og planlegge pepperkakehus. Med andre ord så er det mykje planlegging og lite gjennomføring, sjølv om strikkejulepresangane er ferdig. Nokon vart vellykka, andre vart mislykka, og for å ikkje øydelegge "the element of surprise" så kan eg ikkje legge desse bileta ut før etter jul. Hint: Eg har kjøpt meg ny arne og carlos bok, og eg er stort sett nøgd med årets juleproduksjon!

Siden 1åringer ikkje skjønnar konseptet jul har eg allereie gitt vekk den eine julepresangen. Når ein strikke masse småstrikk er det kjekt med litt storstrikk, så for nokre månadar sidan strikka eg denne  i julepresang til ein liten mini:

Bamboo er som alltid trufast modell
Dette er då ein rullegenser frå nøstebarn, strikka i restegarn. Trur Bamboo var litt snurt for att han ikkej fekk behalde gensaren, men guten har jo allereie pels, så han treng jo ikkje genser.

Faktisk er det mindre uferdig på pinnane no enn det pleiar å være. Har enda ikkje blitt ferdig med setesdalsjakken eller cortinagenseren, men dei ligg no trygt i kassane sine så det hastar ikkje. Egentlig har eg lyst på ei kofte frå "kofter" boka som eg fekk til jul i fjor, men tanken på å strikke ei kofte i glattstrikk, fram og tilbake på pinner , byr meg imot. Eg har heller ikkje lyst å sy inn saumar og klippe i strikketøyet. Så då står eg der med skjegget i postkassen, og kan enten fortsetje med å strikke selbuvottar eller eg kan strikke meg ein genser. Eg har ikkje heilt bestemt meg enda.


1 kommentar:

  1. Flott rullegenser! Jeg drømmer også om å strikke en slik. Angående kjøkkenkluten under her så var den luksuriøs og fin:-) Jeg bruker faktisk bare hjemmestrikka for tiden, og er kjempefornøyd. Men det er viktig at garnet ikke er glanset (mercerisert). Da suger det lett fuktighet, og kan vaskes hardt. Jeg bruker mye Petunia fra PT til det:-)

    SvarSlett