tirsdag 22. mai 2012

Restefest og sommar

På årets tredje sumardag tok eg med strikket til parken. Denne gangen: restesokkar!

mandag 21. mai 2012

Hei Hei Arne!

Ikkje veit eg kvifor, men plutselig vart eg ferdig med arneogcarlosgenseren min! Halsen, som eg trudde skulle ta nokre dagar, brukte fleire månader på å bli ferdig, men no er den klar!

Rett nok har eg ikkje lagt trådane, men det har ein enkel  forklaring: nåla er vekke.

Denne genseren var jo egentleg meint for meg, men det er visst nokre krympedyr i garnet mitt, så den sat ikkje heilt som den skulle.

Bryr meg ikkje, for den er FERDIG!!

lørdag 5. mai 2012

Utfordringar: Cortina-genser søkjer hjelp!

No er eg ferdig med bolen, og er glad for det. Litt utfordringar har eg likevel. Problem: I oppskrifta står det at ein skal skifte til pinne 3,5 på bolen etter at bråtet er ferdig, I oppskrifta på ermene skal ein fortsetja med pinne nr 3 etter bråtet. Eg tykkjer det høyrdes rart ut, men valgte å følgje oppskrifta. Bolen, som no har fasong som om den skulle være gravid, kan sjå ut til å vere meir laus enn ermet. Ermet er slimfit, og det er jo slik genseren skal være. Prøvde på bolen, så godt det lar seg gjere når ein ikkje har hål til ermene, og den virka ok, sjøl om den ved samanlikning med gode gamle  (lusekofta frå -95 red anm) verka til å kanskje være bitten større.


Eg har tre val:

1. Rekke opp bolen, og strikke den på ny med pinner nr 3
2. Rekke opp ermene, og strikke dei med pinne nr 3,5
3. Strikke ferdig siste ermet, og montere dei på genseren, med fare for at det vert mini-ermer på maxi genser.


Er det nokon som har erfaring med cortinagenser som kan gje meg litt råd?