Viser innlegg med etiketten mykstart. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mykstart. Vis alle innlegg

tirsdag 15. april 2014

Cortina hey hey

Om eg har tolka bloggen min rett, så starta eg på cortinagenseren ca januar 2012. Rask oppsummering: Strikka ein og ein halv arm, strikka heile bolen på feil pinnestørrelse, når eg var ferdig såg eg at bolen var alt for stor i forhold til ermene. Blei sur. La vekk prosjektet.

For nokre månader sidan tok eg fram att prosjektet. Rakk opp bolen. Strikka ferdig arm nr 2. Strikka ferdig bolen. Sydde i saumar og kluppa opp armhol. Sydde i armane og strikka halskant. No er eg ferdig.




Når eg byrja på denne genseren budde eg på ein liten hybel, der eg kjederøykte inne. Når eg då stengte inne genseren i ein plastikkpose så treng eg kanskje ikkje sei korleis den lukta når eg tok den ut att....  Så litt vask måtte til!



No luktar den heilt ok! Vinteren er over her på vestlandet, så satser på å ta den i bruk til neste sesong!

Utenom genser er det tradisjon tru småstrikk på menyen. Madam møllers babysokker frå nøstebarn har vore på kalenderen, det har og ei hjelmhue, som vart mykje finare i nøstebarnull enn rosa babyull. Sikkert fordi eg ikkje er så glad i rosa babyull.






Eg har kosta støv av "myk start" boka mi, det var der eg fann hjelmhuemønsteret. Har tidlegare prøvd meg på hjelmhue frå nøstebarn, men det vart litt for avansert for meg. I myk start fann eg og nokre lettstrikka vottar, men vart ikkje heilt nøgd, dei vart kanskje litt liten ?





No er det babyteppe og selbuvottar på pinnane. Sidan det er påske, blir det kvite og orange votter. Cult. Skikkelig cult. 























onsdag 14. september 2011

Fuglemammas omslagsbody

Da var den andre bodyen ferdig, denne gangen i str 6mnd. Eg starta på den i mars eller april, og etter at bakstykket var ferdig var eg lei. Forrige veke tok eg opp att arbeidet, og idag vart eg ferdig.

Heilt perfekt vart den ikkje, men det gjer ingenting for det seiast at heimestrikk skal ha litt småfeil. Knappane vart litt ujamne, og omslagsstykket vart litt for kort, men eg syns no den vart fin likevel!

Den er strikket i 2 tråds merinoull frå nøstebarn  i farge mokka, på pinne nr 2,5 og 3.




Eg har og fått nytt nøstebarnull i posten, denne gangen bestilte eg i farge turkis og oker. Oker er den nye gulfargen deira. Eg ville egnetlig strikke ein stripete genser i knallgul og turkis som skulle være til sparkebuksa i fargen petrol, men når ulla kom såg eg at oker kanskje ikkje var rett farge for prosjektet. Eg får kikke meir på fargesamlinga eg har i nøstekorga mi, så får me sjå om eg strikk ein farga genser, eller om eg kanskje skal være så vågal at eg strikker ein KVIT genser!

petrolfarga bukse lengst til venstre, hespe med turkis, knallgul ball og oker lengst til høgre. Bringebærraud i bakgrunnen

søndag 11. september 2011

Tanteteppe

Då var "tanteteppet" frå "myk start" ferdig!  Det har vært nokre intense strikkedager innimellom all jobbing, og ein vond høgrearm seinare er det omsider ferdig.

Det er brukt i underkant av 9 nøster med sjokkrosa fritidsgarn og fargen kjem ikkje til sin rett på bileta. Den er nemlig veldig sjokk!

I boka står det at beregna garnforbruk er 10 nøster, men det var nok med nesten 9 for å få den kvadratisk, 80x80 cm.

Hurra!



For første gang har eg strikket med bambuspinner, og ja, dei var gode å strikke med!

torsdag 8. september 2011

Nataschas køyrepose

Det har blitt mykje strikkerier frå boka "myk start". Det første plagget eg strikka frå denne boka var køyreposen. Eg strikka den i det tjukke alpakkagarnet "misti", og kor mykje som gjekk av dette garnet veit eg ikkje, for til slutt kom eg ut av tellinga! Ei venninne av meg held og på med denne køyreposen, men ho brukar fritidsgarn frå sandnesgarn, eit tjukt garn av rein ull. Eg strikker no "tanteteppe" frå same bok i dette garnet og vil heller anbefale dette garnet til køyreposen da eg syns det tjukkealpakkagarnet loar ein del, i tillegg til at vanleg ullgarn er eit billegare alternativ.

Legg ved ei lite bilete!


Idag har eg strikka ferdig denne hua. Har strikka den ein gang før, og dette er lettstrikka greier! Hua ser ikkje så fin ut der den litt flatt, men den har god passform så eg satsar på at den passar niesa mi når ho får den!



Manglar "berre" å strikke opp 4 nøster på tanteteppet, målet er å få den ferdig snaaaaart!


Om eg har talt rett så har eg no strikka 15 av dei 40 oppskriftene som er i boka. Har strikka to "trollungejakke" og, men har sjølvsagt gløymd å ta bilete av dei. Det fortener eit "surefjes" :(

onsdag 4. mai 2011

Mykeste myke jakke

Ja, da var den ferdig! Mykeste myke jakke, strikket i mirasol alpakka garn. Enkelt flette mønster, fin farge og nye knapper fra knappehuset. Hurra!!

Jakken saman med kjolen og sokkane strikket i samme type ull


Flettemønsteret kjem til sin rett når det blir strekt litt ut

Jakken!

Har vært å snopt nye knapper på knappe huset

Og knappehuset er farlig... Endte også opp med desse knappane. Veit ikkje heilt kva eg skal bruke dei til..

tirsdag 3. mai 2011

Siste innspurt!

Forrige veke starta eg på mykeste myke jakke, og det har gått radigt unna. Strikket ermene paralellt siden dei erfaringsmessig er dei mest keisamme å strikke. Forstykkene tok eg i helga + starta på bakstykket, og bakstykket vart ferdig idag. Brukte like i underkant av tre nøster med mirasol fra du store alpakke, i farge blå. Fargen kjem ikkje til sin rett på desse bileta, det er eigentleg meir lilla/blå. 

Mønsteret er fra boka myk start, og i oppskrifta er den strikket med cashmir. Cashmirull får bli til ein annen gang, det fungerte og fint å strikke den i alpakka! No gjenstår resten av monteringa samt.... Knapper. Usikker på om eg skal bruke fra knappesamlinga eller om eg skal investere i nye? Any thoughts?


flettemønsteret , genialt, kunne strikke det uten å sleppe maskene av pinnen!

torsdag 28. april 2011

Tine Solheim versjon mini

Her går det fortsatt i rester. I påskeferien avleverte eg nokre strikkeplagg heime hjå mor og far, for så å ta med nye rester heim att. Hadde ca 8 store og små nøster mirasol garn att etter Tine Solheim-kjolen og desse måtte brukast til noko fint. Allereie før påskeferien hadde eg strikka nokre små sokkesko i det brune garnet, og sidan det var så lett å strikke kjole (sjå innlegget under) så fann eg ut t eg kunne strikke ein blå og brun kjole med restegarnet. Etterkvart som eg strikka fann eg ut at eg ville ha eit element av perler og solheimmønster på kjolen, og slik vart det. Skulle eg strikka kjolen om att ville eg ha auka med ca 10-1 masker rett før mønsterstrikket, rett og slett fordi det vart eit aldri så liten innsving i kjolen der mønsteret starta. Ser ikkje på dette som feil, men som lærdom til neste gang! :O) Har enda mykje igjen, spesielt av det blå garnet, og no har eg starta på ein jakke eg har villa strikke lenge. Det er mykeste myke jakke fra boka myk start (Eg har jo allereie strikka ei slik jakke, men det er mykeste myke jakke 2, og strikkes med ruter. Denne strikkes med fletter). Eg forelska meg nemleg i det brune cashmir garnet, for eg syns jakken såg så fin ut på bilete i boka... Men cashmirgarn er dyrt, så eg fann ut eg kunne "øve" meg med mirasol garnet. Ifølge mine opplysninger er mirasol av samme tjukkelse som cashmirgarnet i boka, og dermed håper eg at eg ikkje går på samme smell som eg gjorde med forrige jakke, der eg brukte 3 ganger så mykje garn som det var forespeila i oppskrifta..


torsdag 7. april 2011

Presang til ei lita jente

Ei heldig lita jente (som kom akkurat litt før eg hadde tenkt, slik at gaven ikkje kunne gies FØR ho vart født) skal få denne presangen. Eit gult nøstebarnteppe, hue og vottesokker (mønster hentet fra boka "myk start")! Hue og sokker er strikket i minste str, så eg håper dei kjem til nytte ganske så snart! Alle plagga har vært enkle å strikke, og anbefales på det sterkeste. Alt er strikket i nøstebarnull, henholdsvis gult og bringebær rødt. Hverken eg eller mammaen til jenta er så veldig begeistra for rosa, men siden eg har forelsket meg totalt i bringebær-rød, så satser eg på at mammen og liker den :) Vottesokkene har vært ein aldri så liten utfordring, ikkje fordi dei var vanskelig å strikke men fordi maskene alltid klarte  å smette seg ut av strikkepinnene når eg tok strikket opp av veska.. Så tilslutt fekk dei husarrest!




Ifølge progresjonsplanen min skal eg og iløpet av dette døgnet starte på mønsterdelen av Arne og Carlos genseren min. Så flink har eg ikkje vært , godt over ti cm gjenstår, men siden eg har klart å rote vekk mønsteret så har eg ikkje hastverk. Så det så! Uansett så er det godt å kunne stryke ut enda eit plagg fra oppsummering noko som betyr at berr e8 av 14 plagg gjenstår. Hurra!!

torsdag 31. mars 2011

Neste prosjekt

Siden eg no har fullført 3 av 14 prosjekter (eller, 15, det viste seg å være eit umontert og feilstrikket par sokker i korga mi) må eg finne nytt strikk. Eller, nytt gammelt strikk. Mangen av prosjektene er jo i grunnen håplause, som den eine gule sokken. Eg liker ikkje fargen og har ingen planer om å hverken rekke den opp eller strikke ein til . Så den får nok berre bli. Eit anna håplaus prosjekt var fanabolen. Mykje tråd, og eg kjem aldri til å strikke armene. Så no har eg rekket den opp. Tung beslutning, men eg er sikker på at det var den rette.
Fanabolen slik den ein gang var. Lurte i nokre minutt på om eg skulle lage den til ei veske, som eg kanskje kunne ha strikkepinner i, men da måtte eg ha laget ein smart patent på knapper eller glidelås så då...

Valgte eg heller å rekke den opp.

tre nøster. Kan sikkert bli nokre fine sokker, eller kanskje ei hue?

Arne og Carlos genseren vil eg jo ha ferdig. Den er veldig fin, og den eine gangen eg såg ei jente i genseren grein hjartet mitt fordi ho hadde fått genseren ferdig før meg. Eg skulle jo ha den ferdig til jul , men da var eg lei. Traff ei tante av meg her ein dag, og ho er ein dreven strikker. Eg fortalte om alle prosjekta mine, og da sukke ho tungt: "Eg klarer ikkje meir enn eit prosjekt om gangen, når eg er lei tvinger eg meg sjølv til å strikke". Visdomsord. Ho hadde strikket eit heilt baby sett, med jakke, bukse og sokker. Og no skulle ho strikke dåpskjole. Respekt! Så no har eg laget meg ny framdriftsplan. Genser og selbuvanter kan strikkes paralelt. Målet er å strikke 10 omg på genseren for dagen dvs ca 3 cm pr dag og om eg klarer å halde den, så vil eg om ca 7 dager kunne strikke inn ermene på bolen - og da vil motivasjonen stige fordi eg veit eg nærmer meg målet

Vanter og genser i skjønn forening.
Samtidig skal eg strikke ein fing på vanten om dagen. Eg har allereie strikka to fingre, så da skal eg om tre dager være ferdig med første vante. Sjølve vanten er kjekk å strikke, og det går fort, men det er så mykje "putlearbeid" med fingrene, og det er demotiverene.
Den to fingrene eg strikket før eg fant ut at eg måtte bruke mine 3mm strømpepinner (favorittpinnene mine!) til noko anna. Trur det var nokre selbuvotter eg hadde lagt min elsk på.
 Premien for å bli ferdig med desse to blir å strikke dette teppet: "Bestemorsteppe" heitter det, og mønsteret fann eg i "myk start". Litt usikker på kvifor eg har så lyst å strikke dette teppet, men det kan no vere det samme. Vurderer å strikke det i dobbelstr, da kan det bli ein fin julepresang til nokre voksne om 8 mn!
Skal strikkes i røroslammeull, men eg kan jo og driste meg til nøstebarn ull...

Så tilslutt. Vottesokken, Vottesokken som har lagt i veska mi fordi den er så grei å strikke. Vottesokken som alltid blir funnen uten strikkepinn på maskene, Kvifor vil du ikkje halde deg på plass vottesokk??

Fuglemammas omslagsbody

Hurra! Her går det unna! Fuglemammas omslagsbody er strikket og ferdig montert. Mangler riktignok trykkknappene som skal holde omslagene på plass, men det tar eg glatt ein annan dag. Tenke seg til at eg til tross for full jobbeveke klarte å få denne ferdig, samtidig som en mjuke jakken *klapp på skulderen* :O)



No gjenstår det store spørsmålet.. Kva blir neste prosjekt? Gjere ferdig genseren? Selbuvantene? Vottesokkene som for fjerde gang har ålt seg ut av strikkepinnene? Eller skal eg rett og slett starte på eit NYTT og spanande prosjekt?

To be continued..

tirsdag 29. mars 2011

Mykete myke jakke 2

Mykeste myke jakke 2, det er det jakken heitter. Ikkje Verdens mykeste myke jakke som eg tidligere har omtalt den som. Dumme meg. Uansett: No er den ferdig! Takk til fanabukse-2002 for garn, fargene i nøstene eg hadde liggende var litt lysere enn buksa... Men eg er overbevist om at garnet var kjøpt inn samtidig, og derfor forklarer eg fargeforskjellene med skit. Rett og slett!
Liten generealtabbe... Skulle være eit knappehol heile nederst her. Har tenkt å juksa, og sy i ein trykkknapp istadenfor. Like bra det!



Litt vask så satser eg på at fargeforskjellene er vekke. Om ikkje så blir den som den er..


lørdag 26. mars 2011

Fuglemammas omslagsbody

Det går på fram med fuglemammas omslagsbody. Starta på onsdag, og med tanke på at eg har vært i arbeid kvar dag siden så syns eg at eg har vært effektiv! Det er lite fristende å gå på jobb, men man må jo tene penger dersom ein skal ha råd til meire garn :D

Så lang er eg komt!

Merino 2 tråds lammeull fra nøstebarn, i farge petunia

onsdag 23. mars 2011

Pakke i posten!

Idag våknet eg opp til melding fra posten om at pakke fra nøstebarn kunne hentes i posten! Kan dagen bli betre? Neppe. Med dette garnet har eg planer om å strikke "fuglemammas omslagsbody", og eg klarer ikkje å bestemmet meg for kva farge eg skal ta først. Dette blir så gøy!!

Pauseprosjekt

No er eg lei av å strikke på jakken, så eg måtte ha noko smått å plukke med. Eg har planer om å strikke meg gjennom "myk start", helst uten å måtte kjøpe meg så masse garn.

Etter den rosa kjolen eg strikka i nøstebarnmønster hadde eg masse garn att. Eg strikket denne hua, litt fordi den var enkel, men og fordi den hadde ein god passform for dei aller minste! Den ser litt rar ut der den ligg flatt på sofaen, men eg har ingen modeller tilgjengelig så da før det berre bli sånn :)

fredag 18. mars 2011

Verdens mykeste myke jakke

Nåvel, så veldig mjuk vert den nok ikkje, men mjuk nok. Etter mangen småprosjekter er det på tide med eit større prosjekt, denne gangen jakke. Siden det er så masse ull igjen etter fanagenser-2001 (dette ullet skulle da bli bukse) så måtte eg bruke det til noko større enn votter og sokker. Jakken strikkes frem og tilbake, dvs at det skal strikkes to armer, to forstykker og eit bakstykke. Av erfaring veit eg at eg kjem til å bli lei, derfor har eg denne gangen gjort noko lurt: paralellstrikk. Når eg strikker på strømpepinner er det jo ikkje fare for å gå tom for strikkepinner, så no er eg godt i gang med både bakstykke, eit forstykke og ein arm!

Enkelt mønster: nok med ein farge, litt rett og litt vrangt. Nok til at strikket ikkje blir kjedelig, og ikkje så masse at det blir for komplisert.


mandag 14. mars 2011

Fleire rester...

Målet er å få strikket opp alt garn før nytt kjøpes inn. Eg veit dette ikkje kjem til å skje, men det er lov å håpe. Har fått kvittet meg med orange, kvitt, rødt og litt rosa tråd, og er godt fornøyd med det, så her kjem litt fleire bileter.


Flaks at det var nok tråd!! Eg hadde like mykje flaks her som eg hadde med desse orange sokkane: (Mønster er forsåvitt hentet fra boka "myk start")



Dei raude og kvite er da votter, og ser litt ut som sopper, men som ei sa: Dei held nok nevane varme ;O)


torsdag 10. mars 2011

Rester=hue

"Myk start"-boka har kommet i mine hender att, og no er eg fokusert på å kvitte meg med alle restene. Første mann ut var det rosa garnnøstet eg kjøpte for å strikke nokre rosa labber på spøk (lang historie, det vart ein gut og eg har enda ikkje fått levert dei..). Det vart masse garn att, noko som representerer eit problem, siden eg egentlig ikkje liker rosa.

I myk start er det mangen lette og greie oppskrifter, deriblandt "djevelhua". Å kalla noko som skal på eit babyhovud for "djevel" syns eg er litt ufint så eg velger heller å kalle den med sitt andre namn; hjallishua! Eg har alltid synst at desse huene såg gode ut, men eg skjønte aldri oppskrifta. Det skulle vise seg å være megaenkelt, og det var igrunnen fort gjort å strikke. Den vart litt rar, men og fin! Eg velger å kalle den ein suksess!