Viser innlegg med etiketten setesdal. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten setesdal. Vis alle innlegg

torsdag 24. april 2014

Babyteppe #9

Eg har etterkvart kome ut av tellinga på kor mangen babytepper frå nøstebarn eg har strikka, men eg trur eg no er oppe i 9, og den siste vart ferdig på tirsdag. Tidlegare i vinter strikka eg eit resteteppe som vart veldig stilig, men eg gløymde å ta bilete av det, og dermed missa eg sjangsen til å  skryte av det.

Her er vekas produkt, gjort enkelt: strikka på skrå med hålrad.

Heilt straight

Ellers er jo målet å bli ferdig med to-do-lista mi over uferdige prosjekt. Problemet er at eg no har starta opp på to nye:

Sparkebukse frå nøstebarn med litt leftovergarn:

Denne blir veldig fin når den blir ferdig
Selbuvottar str herre:

Desse blir alltid fin
og det forhatte selbusettet, denne våren satsar eg på å bli ferdig med hua. Selbugarnet og selbustrikket luktar forresten pyton etter å ha lagt i ein innrøykt pose sidan 2004


mandag 30. desember 2013

Alle dei hemmelege presangane

Med jula vel overstått kan ein trygt vise fram årets juleproduksjon. Eg kunne nok trygt lagt ut bileta her før jul, for nokre har allereie vore synt fram på sosialemedia lenge. Uansett; her er dei, dei eg hugsa å ta bilete av:

Først ute er sokkane. Lestane. Lubbana. Der andre gjekk på lønningspils i oktober, eller var det november, gjekk eg på lagunen og kjøpte "strikk fra setesdal" av mine heltar Arne og Carlos. Det ser ut for at alt dei tar i vert til gull, og det er ikkje utan grunn. Er dei ikkje lekre??  Eigentleg er dei knesokkar, men vedkommande som hadde desse på ønskjelista sa at det var godt nok at dei gjekk litt opp på leggen. Greitt for meg det.

Neste på lista var vottar, sjølvsagt. Denne gangen åklevottar, med fem forskjellige fargar, og eg måtte kutte tråden for kvar rad eg var ferdig med. Det seier seg sjølv at det vart nokre trådar å legge når eg var ferdig å strikke. Då var det flaks at sjølve vottane var kjappe å lage! Eg hadde på førehand laga eit par åklevottar i mitu, men mitu var jo ikkje rett garn korkje i tjukkleik eller farge, så her måtte ein berre handle på nytt. Både sokkane og vottane skulle strikkast i PT5 frå raumagarn, så då var det jo ikkje noko stress.

Så vakre

Neste presang ut var setesdalvottar. Dei gløymde eg å ta bilete av. Også strikka i PT5.

Så var det to restevottepar frå mitugarnet. To omganger før eg var ferdig med vott nr 2 gjekk eg tom for grønt, og måtte kjøpe nytt nøste frå garnet eg no hatar. Gløymde og å ta bilete av desse. Dersom de vil prøve å tenkje dykke til korleis dei ser ut, så er dei stripete, henholdsvis grøn og kvit, og raud og kvit. Tre omgangar i kvar farge. Mitu. raud og grøn variant kan de sjå i eit innlegg lenger nede om forrige åklepar.

Så var det siste presang. Eg er fortsatt i strikk frå setesdalboka. Det var vamsegarn. Det var ei hue som skulle ha dobbeltlag med ull. Det var hua som blei altfor stor. 

Heisann liksom
Det var ikkje sånn den skulle bli. Det er kanskje unødigt å sei, men eg seier det likevel. Eg blei sur. Veldig sur. Det er viktig å legge skylda på nokon når ein vert sur, så eg la skylda på Arne og Carlos. Eg hadde jo tross alt brukt samme pinnar som dei sa eg skulle bruke. Ikkje strikka eg spesielt laust heller. Og ikkje stod det strikkefasthet. Eller gjorde det det? Eg har kanskje ikkje sjekka. Men når alt kjem til alt så var det jo ikkje Arne og Carlos sin feil. Eg tova hua, og den passer visst likevel. Etter toving var ikkje hua så lekker, så då fekk den ikkje være meir modell. Kanskje neste gang. 

Det var årets strikkepresanger. Takk til Arne og Carlos for kjekk strikkebok, håper dåke fortsetter å like bileta mine på instagram sjølv om hua vart for stor. No er det setesdalpause her i heimen, strikk på nytt har fått hedersplassen ved sida av meg i sofaen no.

tirsdag 22. oktober 2013

Hue-veka

Denne veka er det huer som har stått i fokus. Litt restegarn, og ei oppskrift å ta utgangspunkt i, ja då får ein tre nye huer og samtidig ein liten opprydding i garnlageret.

Etter "sonja" raidet for nokre år sida sat eg att med ein del rester med mirasolgarn. Mirasol er eit ganske fint garn, litt for fint til at eg kunne bruke det på kva som helst. Så då vart det huer.

Først ei brun


Så ei blå


Og til slutt ei med striper, sånn for å utnytte alle restene


All denne restestrikkinga siste tida har fått meg til å bli ein ivrig bruker av kjøkenvekta, som eg ikkje kjøpte for å bruke på kjøkenet, men fordi eg av og til trenger å vege garn. Eg trur det er definisjonen på ein strikkenerd. Uansett konkluderte vekta med at eg ikkje kunne strikke ei til hue, det var rett og slett ikkje nok garn. Eg klarer jo ikkje kaste 36gram flott mirasolgarn, så eg pakka det fint ned att.

Liten posering frå Bamboo, han hadde så lyst til å prøve huene!

Sidan sist har eg og gjort ferdig setesdalgenseren 

Den var akkurat passe for stor til ho som skulle få den, og jenta er storfornøyd, eller, mora er storfornøyd. 

Eg har og fått løn sidan sist, og medan andre sløser vekk lønningspengar på lønningspils har eg investert i ei ny bok, og litt garn sjølvsagt


Sidan eg måtte kjøpe ein annan type garn enn det som stod i oppskrifta er eg sjølvsagt tom for kvit, etter å ha strikka 1 1/2 vott, nytt må handlast inn i morgon!

Ha ei god strikkeveke!