Viser innlegg med etiketten Oldemorsruter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oldemorsruter. Vis alle innlegg

mandag 28. april 2014

Sparkebukse uten fot

Siden eg hadde vore så flink og gjort ferdig nøstebarnteppet, syntest eg at eg fortente å begynne på eit nytt og gøyt prosjekt. Valget falt på sparkebukse frå nøstebarnboka, har strikka den ein gang før og eg erindra at det var ei enkel bukse å strikke. Inspirasjonen fant eg fra instagram, på hasjtag #nøstebarn er det så masse fint strikk, og der fant eg eit bilete av eit barn  i ei stripestrikka sparkebukse. Sånn ville eg og strikke. Strikkastart var forrige onsdag, strikkestopp var idag klokka 12. Då rakk eg å vaske og tørke buksa og.






Buksa var imponerande rask å strikke, spesielt med tanke på at eg innimellom har starta på nye selbuvotter, og hekla litt på oldemorsteppet og oldemorsputetrekket

Framtidig putetrekk

Fremtidig slumreteppe

Framtidige selbuvottar


Framtidig bakside til putetrekk


fredag 9. desember 2011

Bestemorsruter - Variantar

Planen med mine ruter er å lage meg eit teppe, så stort som mogleg! Det geniale med rutene er at dei er så lett å lage, så eg spurde meg sjølv: Kva anna kan ein bruke rutene til? Og helst noko som blir ferdig i ein fei!

Tepper kan ein jo lage i mangen varianter: Vognteppe, babyteppe, store teppre. Om ein vil ha superraskt: Gryteklutar. Puter og vesker er og alternativer. Eg googlet bestemorsruter, og fann ein del ruter laga av norske bloggarar. Det var ikkje så mykje nytt under sola, så eg prøvde meg på eit engelsk søk: Granny squares - og fann i grunnen ikkje så masse der heller - bortsett fra to ting:

1: Bestemorsruter hekla som hello kitty! Den perfekte presangen for jenter på 10år??  Link her.

Eg håper den amerikasnke  websida tilgjer meg for å bruke biletet
 2: Også fann eg dette forkle - med tilbehør! Stilig! Link her. 
 Begge var stilige, men ikkje heilt det eg såg etter i denne omgang :O)

Samlingen min har ikkje auka så masse sidan sist, men det byrjar å samle seg ein aldri så liten lappe-gjeng.

Nokon av lappane er hekla saman. Keisamt arbeid.


Og her har eg heklet litt ekstra. Forskjellige størrelser, mest for å prøve ut korleis det blir .


Ha ei fin helg!

søndag 20. november 2011

Oldemorsruter

Det er tid for nye utfordringar! Denne gangen: Hekling. Oldemorsruter er så skjønne, men eg skjønte aldri oppskriftene eg fann på nettet.. Heilt til eg kom over denne linken. Beskrevet på ein ganske ålreit måte, noko som gjorde at heklemotstanderen (tilslutt) klarte å hekle nokre ruter. Formål med rutene er enda uklar, men ego vil ha slumreteppe!



Spørsmålet er jo kor mangen lapper eg klarer å hekle før eg blir lei. Idag har eg fått god hjelp: Eg har hekla, så hadde eg ein assistent til å feste rutene. Trur eg kanskje må adoptere ei 10 år gammel jente, slik at eg kan få hjelp til sånne ting på heiltid. Tiåringer er jo ofte flink til å utføre husarbeid og det hadde jo vært veldig praktisk!




Har fått litt system i ruteproduksjonen, men først måtte det jo lages prøveruter. Her er første forsøk:

Plutselig forstod eg at lausmaskene skulle danne hjørnene. Om ikkje anna, så veit eg no sånn sirka korleis ein kan hekle blomar.

Andre forsøk:

Og tilslutt, tredje forsøk:
Grei nok, men for stor heklenål. Bytta ut nr 4,5 med nr 3. 3 er visst bra uansett om ein snakker strikkepinner eller heklenåler!