Viser innlegg med etiketten selbuvotter til baby. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten selbuvotter til baby. Vis alle innlegg

onsdag 8. februar 2012

Dagens (og resten av vekas) outfit

Selskinnstøvler, Topaz, selbuvotter - laga av meg. Resten er ikkje så spanande, klær er klær.

Eg har jo mangen ganger nemnd at selbuvotter har stått høgt på ønskjelista heilt sidan slutten av 90-talet. Eg har og fortalt om vottane eg strikke hausten 2010, men at den eine votten forsvann på mystisk vis etter to gangers bruk. Eg skulle jo strikke meg ein ny, men det har eg da altso aldri gjort. Ironisk nok har eg strikket ca 27 par selbupar, (inkludert nokre vantar som eg aldri brukar sida mønsteret ikkje viser så godt).

Idag var altså dagen der eg tok vottane tilbake. Eg har litt votter til salgs på epla og gode gamle FB, men dei var jo ikkje til meg, dei var til andre.

Eg er ganske forundra over at desse vottane ikkje vart solgt umiddelbart, og etter 3 månedar innser eg at eg vil ha dei sjølv. Så no har eg tatt dei. Og er ganske nøgd, om eg får sei det sjølv!

Mine to favorittar <3 :D
 
Eg strikkar jo jevnt og trutt på Cortina genseren min, sjølv om det går seint . Det gjer ingenting, den blir tidsnok ferdig. Eg strikkar istedenfor på noko så uvanleg som bestillingsvare. Det var nokre babyvottar som var på ønskjelista, og siden nesten heile familien skulle ha vottar kunne eg ikkje la minsten gå uten. Eg var litt kjapp på avtrekkaren og byrja på gult mønster, men så viste det seg at grått var meir ønska. Ingen problem , vottene er så kjappe å strikke at eg strikker begge fargar. Starta igår, og satser på at dei gråe er ferdig innan torsdag er over!

Gult er kult!

tirsdag 25. oktober 2011

Jula nærmar seg

Det nærmar seg jul, og denne jenta ligg langt etter i juleforberedelse. Eg har riktignok kjøpt gåver, men dei fleste er til meg sjølv.

Målet er i år som i fjor heimaspøt under juletreet. Foreløbig er det berre eit spøt som er ferdig, men det er enda to månadar igjen!

Ein av julegåvene eg har snopt til meg sjølv er ny telefon. Den kan laste ned masse "apper" og det er grådig gøy! Eg tillet meg å vise dykk eit bilete som eg har tatt med dette vindunderet:



Selbuvetter i baby str, strikka i restegarn frå finull frå rauma. Brun, kvit og eit lite hint med grønt! Stilig? Ja, det tykkjer ihvertfall eg! Kanskje vert det matchande sokkar, kanskje ikkje. Tida vil vise!

onsdag 9. mars 2011

Meir selbu

Dagen idag har blitt brukt til å strikke opp (Well, det er enda masse lilla garn igjen, så har enda ein vei igjen å gå) garnet etter selbuvottene. Eg har strikket eit par selbubabyvotter, i kvitt og lilla! Bønna har vært flink (og litt motvillig) modell idag! :O)