Det er tid for nye utfordringar! Denne gangen: Hekling. Oldemorsruter er så skjønne, men eg skjønte aldri oppskriftene eg fann på nettet.. Heilt til eg kom over
denne linken. Beskrevet på ein ganske ålreit måte, noko som gjorde at heklemotstanderen (tilslutt) klarte å hekle nokre ruter. Formål med rutene er enda uklar, men ego vil ha slumreteppe!
Spørsmålet er jo kor mangen lapper eg klarer å hekle før eg blir lei. Idag har eg fått god hjelp: Eg har hekla, så hadde eg ein assistent til å feste rutene. Trur eg kanskje må adoptere ei 10 år gammel jente, slik at eg kan få hjelp til sånne ting på heiltid. Tiåringer er jo ofte flink til å utføre husarbeid og det hadde jo vært veldig praktisk!
Har fått litt system i ruteproduksjonen, men først måtte det jo lages prøveruter. Her er første forsøk:
|
Plutselig forstod eg at lausmaskene skulle danne hjørnene. Om ikkje anna, så veit eg no sånn sirka korleis ein kan hekle blomar. |
Andre forsøk:
Og tilslutt, tredje forsøk:
|
Grei nok, men for stor heklenål. Bytta ut nr 4,5 med nr 3. 3 er visst bra uansett om ein snakker strikkepinner eller heklenåler! |
Dette blir jo knallfint! Jeg elsker oldemorsruter i alle varianter:-) Veldig lett å hekle når man kommer inn i det.
SvarSlett