Denne veka er det huer som har stått i fokus. Litt restegarn, og ei oppskrift å ta utgangspunkt i, ja då får ein tre nye huer og samtidig ein liten opprydding i garnlageret.
Etter "sonja" raidet for nokre år sida sat eg att med ein del rester med mirasolgarn. Mirasol er eit ganske fint garn, litt for fint til at eg kunne bruke det på kva som helst. Så då vart det huer.
Først ei brun
Sidan sist har eg og gjort ferdig setesdalgenseren
Den var akkurat passe for stor til ho som skulle få den, og jenta er storfornøyd, eller, mora er storfornøyd.
Eg har og fått løn sidan sist, og medan andre sløser vekk lønningspengar på lønningspils har eg investert i ei ny bok, og litt garn sjølvsagt
Sidan eg måtte kjøpe ein annan type garn enn det som stod i oppskrifta er eg sjølvsagt tom for kvit, etter å ha strikka 1 1/2 vott, nytt må handlast inn i morgon!
Ha ei god strikkeveke!
Nydelig genser og flotte luer! Er det ikke moro å få noe fint ut av rester også?! Kjøkkenvekta er en god venn, og da kan vi være nerder så mye vi vil :)
SvarSlettHa en fin dag videre! Klem :)