tirsdag 22. oktober 2013

Hue-veka

Denne veka er det huer som har stått i fokus. Litt restegarn, og ei oppskrift å ta utgangspunkt i, ja då får ein tre nye huer og samtidig ein liten opprydding i garnlageret.

Etter "sonja" raidet for nokre år sida sat eg att med ein del rester med mirasolgarn. Mirasol er eit ganske fint garn, litt for fint til at eg kunne bruke det på kva som helst. Så då vart det huer.

Først ei brun


Så ei blå


Og til slutt ei med striper, sånn for å utnytte alle restene


All denne restestrikkinga siste tida har fått meg til å bli ein ivrig bruker av kjøkenvekta, som eg ikkje kjøpte for å bruke på kjøkenet, men fordi eg av og til trenger å vege garn. Eg trur det er definisjonen på ein strikkenerd. Uansett konkluderte vekta med at eg ikkje kunne strikke ei til hue, det var rett og slett ikkje nok garn. Eg klarer jo ikkje kaste 36gram flott mirasolgarn, så eg pakka det fint ned att.

Liten posering frå Bamboo, han hadde så lyst til å prøve huene!

Sidan sist har eg og gjort ferdig setesdalgenseren 

Den var akkurat passe for stor til ho som skulle få den, og jenta er storfornøyd, eller, mora er storfornøyd. 

Eg har og fått løn sidan sist, og medan andre sløser vekk lønningspengar på lønningspils har eg investert i ei ny bok, og litt garn sjølvsagt


Sidan eg måtte kjøpe ein annan type garn enn det som stod i oppskrifta er eg sjølvsagt tom for kvit, etter å ha strikka 1 1/2 vott, nytt må handlast inn i morgon!

Ha ei god strikkeveke!

1 kommentar:

  1. Nydelig genser og flotte luer! Er det ikke moro å få noe fint ut av rester også?! Kjøkkenvekta er en god venn, og da kan vi være nerder så mye vi vil :)
    Ha en fin dag videre! Klem :)

    SvarSlett