torsdag 10. mars 2011

Rester=hue

"Myk start"-boka har kommet i mine hender att, og no er eg fokusert på å kvitte meg med alle restene. Første mann ut var det rosa garnnøstet eg kjøpte for å strikke nokre rosa labber på spøk (lang historie, det vart ein gut og eg har enda ikkje fått levert dei..). Det vart masse garn att, noko som representerer eit problem, siden eg egentlig ikkje liker rosa.

I myk start er det mangen lette og greie oppskrifter, deriblandt "djevelhua". Å kalla noko som skal på eit babyhovud for "djevel" syns eg er litt ufint så eg velger heller å kalle den med sitt andre namn; hjallishua! Eg har alltid synst at desse huene såg gode ut, men eg skjønte aldri oppskrifta. Det skulle vise seg å være megaenkelt, og det var igrunnen fort gjort å strikke. Den vart litt rar, men og fin! Eg velger å kalle den ein suksess!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar