torsdag 24. mars 2011

Oppsummering

Eg har snakket om rester lenge no, og eg er på ingen måte ferdig. Ein anna ting eg har snakka ustanseleg om er.... Ganske riktig... Uferdige prosjekter. Dette innlegget er kun for min egen del, no skal eg liste opp alle uferdige prosjekter (som eg hugsar):

  1. Arne&Carlos Genser 2010
  2. Raud selbuvott (Den har eg i teorien ikkje starta på, men siden eg miste den eine selbuvotten MÅ eg jo lage ein ny) 2010
  3. Raud baby-fanagenser ("Nokon" sa at den var for stygt strikket, og derfor gjorde eg berre ferdig bolen) 2003
  4. Fanabukse (Har allereie rekket opp begge beina, kjem nok til å rekke opp resten og) 2002
  5. Bringeduk 2003
  6. Gul vott (Kva er vitsen med ein vott? Resten av garnet gjekk til neste punkt på lista) 2000
  7. Restegenser str minibaby gul og kvit (Kanskje passende til ei dukke? Prosjeket stoppa opp når eg gjekk tom for garn) 2006
  8. Verdens mykeste myke jakke (Pågår, har berre liten pause) 2011
  9. Selbuvanter (Fingre er keisamme!!) 2010
  10. Setesdal-trøye (Ermene har antydning til å være forskjellig str + strikket masse feil i halsfellingen OG kommet ut av tellingen, det er og nok garn er til bukse *sukk*) 2001
  11. Fuglemammas omslagsbody (pågående, nok garn til minst 3) 2011
  12. Vottesokker (Pågående, trur det sneik seg inn ein feil allereie etter 8 omg) 2011
  13. Svarte selbuvotter (strikket 1 i rekordfart, strikket ikkje tommel. Keisam farge og mønster. For små pinner=for liten vott) 2010
  14. Hei-fanagenser (Forskjellige farger og str. *buhu) 2001/2011
Så! Da har eg fått prosjektene i system. Wish me luck!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar