mandag 21. mars 2011

Austevollsbunad

Våren 2003 bestemte eg meg for at eg ville sy min egen Austevollsbunad. Eg har alltid vært lidenskaplig opptatt av bunader, og sjølv om eg er veldig glad i kystdrakta mi så ønskjer eg meg ein Austevollsbunad.

Å sy bunad er mykje arbeid, men ein må starte i ein ende og eg kjøpte inn stoff til skjorte, samt belte og bringeduk. Tanta mi er snill og skulle lære meg å sy skjorte. Me byrja på ein mansjett og der stoppet det, for eg er ikkje vant til  å brodere og siden har eg ikkje gjort meir med den saken.

Bringeduken derimot, den var både enkel og gøy å brodere! Det har gått åtte år og eg har enda ikkje montert den, men siden resten av bunaden ikkje er ferdig så har eg god tid!

Å finne mønster til bringeduken var spennende. Ingen av mønstrene som husfliden hade fallt heilt i smak, og til slutt falt eg pladask for eit bilete av ein bringeduk som dei ikkje hadde mønster av. Eg fekk låne biletet, og etter mykje om og men skreiv eg av mønsteret og fann tråder og perler som var tilnærmet lik det på biletet.
Eg love dyrt å hellig å skrive av mønster som eg kunne gje til husflide, men det har eg enda ikkje gjort.. For å gjere bot på det laster eg i skrivende stund opp bilder på fotoknudsen, så kan dei heller få eit bilete i stort format. Det er lett å brodere etter store bileter, så satser på det er godt nok!

Åttebladsrosene er brodert med perler, resten er ulltråd


Den vart visst litt sånn oppned.... Dåke får snu hovudet litt til høgre så ser det nesten bra ut!

1 kommentar:

  1. Flott perlebroderi!
    Eg drømmer om Fanabunad..(som eg skal sy sjøl) sjøl om eg er svært glad i Sognebunaden min og <3 Sånn er det med en fot "i hver bunad" ;oP

    SvarSlett