I samnband med
fanagenseren fra 2001 strikket eg og ei bukse. det vil egentlig seie, eg strikket 1 1/2 bukse, midtveis nedover det siste beinet vart eg lei. Og lei var eg lenge, heilt til ca 2008, da eg beslutta å gjere den ferdig. I dei dager visste eg ikkje at eg hadde heile 4 gråe juvelgarn i ein pose, så da det viste seg å vere for lite grått avslutta eg med litt svart.
|
Ferdig grå bukse, med svart tupp på det eine beinet |
Når eg var ferdig oppdaga eg eit anna problem... Eg strikket fastere då enn eg gjorde når eg opprinnelig strikka buksa. Det viser ikkje så godt på biletet her, men det vises godt i verklegheita:
|
Over og under "hullet" kan de sjå forskjellen på strikkefastheita |
Eg har i mangen år lurt på kva eg skal gjere med denne buksa. Eg ville jo helst at nokon skulle bruke den, men eg klarer ikkje å gje fra meg eit plagg me så store feil. Riktignok ville den vært ypperlig for barnehagebarn til å ha under regndressen, men likevel. Så starta eg på mykeste myke
jakke... Den strikkes jo i restene fra fanagenseren og dermed buksa), og sjølv om eg hadde godt over tre nøster og oppskrifta sa at tre nøster skulle være nok, så holdt berre mengen til dette:
Litt under halvparten gjenstår, og sjølv om det ligg eit nøste heime (den siste armen eg strikket til fanagenseren viste seg å bli for stor + kvitfargen var forskjellig fra originalen - trur det ligger ein forbannelse over garnet, denne jakken er nemlig blitt meir gigantisk enn det den egentlig skulle bli, den skulle være str 4-8 mnd, no ser den ut til å heller passe ein gigang baby i str 3år Argh!), så har eg tatt den tunge beslutningen om å rekke opp ihvertfall deler av buksa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar