Ei venninne av meg har investert i nøstebarn-boka. Eg har jo allereie boka "myk start" og syns liksom at det var nok, med fine enkle oppskrifter. Men så såg eg i nøstebarn boka... Og forelska meg totalt i ein kjole . Er usikker på om det var fargen eller kjolen eg vart forelska i, men uansett så vart regelen om å ikkje kjøpe nytt garn før eg hadde strikket opp det gamle brutt. Ein bunt med bringebærrød merino 2trådsull vart bestillt i nettbutikken, og VIPS så var kjolen ferdig! Den skal nok pyntes med litt heklete blomar eller noko slikt, men foreløbig ser den slik ut!
Takk for hyggelig kommentar hos meg, og lykke til med flettelua:-)
SvarSlett