torsdag 31. mars 2011

Neste prosjekt

Siden eg no har fullført 3 av 14 prosjekter (eller, 15, det viste seg å være eit umontert og feilstrikket par sokker i korga mi) må eg finne nytt strikk. Eller, nytt gammelt strikk. Mangen av prosjektene er jo i grunnen håplause, som den eine gule sokken. Eg liker ikkje fargen og har ingen planer om å hverken rekke den opp eller strikke ein til . Så den får nok berre bli. Eit anna håplaus prosjekt var fanabolen. Mykje tråd, og eg kjem aldri til å strikke armene. Så no har eg rekket den opp. Tung beslutning, men eg er sikker på at det var den rette.
Fanabolen slik den ein gang var. Lurte i nokre minutt på om eg skulle lage den til ei veske, som eg kanskje kunne ha strikkepinner i, men da måtte eg ha laget ein smart patent på knapper eller glidelås så då...

Valgte eg heller å rekke den opp.

tre nøster. Kan sikkert bli nokre fine sokker, eller kanskje ei hue?

Arne og Carlos genseren vil eg jo ha ferdig. Den er veldig fin, og den eine gangen eg såg ei jente i genseren grein hjartet mitt fordi ho hadde fått genseren ferdig før meg. Eg skulle jo ha den ferdig til jul , men da var eg lei. Traff ei tante av meg her ein dag, og ho er ein dreven strikker. Eg fortalte om alle prosjekta mine, og da sukke ho tungt: "Eg klarer ikkje meir enn eit prosjekt om gangen, når eg er lei tvinger eg meg sjølv til å strikke". Visdomsord. Ho hadde strikket eit heilt baby sett, med jakke, bukse og sokker. Og no skulle ho strikke dåpskjole. Respekt! Så no har eg laget meg ny framdriftsplan. Genser og selbuvanter kan strikkes paralelt. Målet er å strikke 10 omg på genseren for dagen dvs ca 3 cm pr dag og om eg klarer å halde den, så vil eg om ca 7 dager kunne strikke inn ermene på bolen - og da vil motivasjonen stige fordi eg veit eg nærmer meg målet

Vanter og genser i skjønn forening.
Samtidig skal eg strikke ein fing på vanten om dagen. Eg har allereie strikka to fingre, så da skal eg om tre dager være ferdig med første vante. Sjølve vanten er kjekk å strikke, og det går fort, men det er så mykje "putlearbeid" med fingrene, og det er demotiverene.
Den to fingrene eg strikket før eg fant ut at eg måtte bruke mine 3mm strømpepinner (favorittpinnene mine!) til noko anna. Trur det var nokre selbuvotter eg hadde lagt min elsk på.
 Premien for å bli ferdig med desse to blir å strikke dette teppet: "Bestemorsteppe" heitter det, og mønsteret fann eg i "myk start". Litt usikker på kvifor eg har så lyst å strikke dette teppet, men det kan no vere det samme. Vurderer å strikke det i dobbelstr, da kan det bli ein fin julepresang til nokre voksne om 8 mn!
Skal strikkes i røroslammeull, men eg kan jo og driste meg til nøstebarn ull...

Så tilslutt. Vottesokken, Vottesokken som har lagt i veska mi fordi den er så grei å strikke. Vottesokken som alltid blir funnen uten strikkepinn på maskene, Kvifor vil du ikkje halde deg på plass vottesokk??

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar