torsdag 17. mars 2011

Ny spaceinvader-hue

Idag skulle eg på restaurant med ei venninne, og siden oppskrifta på strømpene med flettestrikk var på nettet måtte eg ta me eit litt enklere strikk. Etter mine andre Arne og Carlos prosjekt har eg ein del freestyle garn igjen (Litt av garnet kjøpte eg fori eg syns det var så fint, og at eg kaaaanskje kunne bruke det til noko = masse rot), og eg fann ut at dette var ein fin anledning til å strikke det opp. Har jo strikket spaceinvader-hue før, og den var jo ganske så enkel, så eg gav meg i kast med strikket. Har egentlig ikkje lyst å vise biletet, for eg liker fargekombinasjonen godt, og kumme tenkt meg å strikke spaceinvader-genser i desse fargene, men skitt au, når eg har vært flink og strikket hua på ein dag så må det jo vises!


Legger og ved eit bilete av ei anna Arne og Carlos-hue som eg har strikket. Denne er flettestrikket, og er ein bursdagspresang til kusina mi Magaggi. Den vart litt rar på toppen, så om eg skal strikke ei til så kjem eg til å kutte den med to eller tre fletter i lengden. Var forsåvitt enkel å strikke!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar