lørdag 21. januar 2012

Strikkekåt

Mitt nesten 2 vekers lange sjukefravær har ført til eit ekstremt tilfelle av strikkekåtskap (For dei som lurer: Armen min er 95% bra, eg klarer det meste bortsett fra å trykke på skylleknappen til dassen).

Arne og Carlos genseren min frå hausten 2010 ligg framleis i kista, og der skal den få ligge fram til våren.

Babyteppet mitt i striper har god framdrift for tida. Den har fått status "cafestrikk" og "jobbstrikk" (Hysj), og eg er no ferdig med 24 av 70 striper! Hipp! Då er det jo gøy å strikke! 2 striper om dagen, og er eg ferdig om ........ 23 dager!!



Eg har offisielt tatt votte-pause, men når eg såg alle selbugarna mine som låg i resteposene mine, klarte eg ikkje å dy meg: Eg la opp til ein ny barnevott, og er no ferdig med den førtste.


Det var masse små kvite garn, noko som har ført til dette:



Masse tråder å legge.

Det "store" prosjektet no er OL-genseren frå 1956: Cortina. Eg er godt i gang med første erme, og er veldig spent på om den bli akkurat passe, eller alt for stor. Om den er for stor er det ingen krise, for bråtet på størrelsen under er lik den eg held på med no, så da går det greitt om eg må rekke opp litt. Sjå kor langt eg er komen!


Det viser seg at kusina mi ønsker seg lik genser, så eg gleder meg til me to skal gå matchande ilag i desse genserane.

Tråden eg strikker i er heilo - frå dale garn, og dette er eit deilig, mjukt og tjukt garn å strikke i. Skal strikke matchande hue og, sjølv om eg har ei som er nesten lik. Hals finnes det og, så det blir kanskje ein slik ein og, me får sjå!

Faktisk er denne genseren så kjekk å strikke at eg vurderer å strikke ein barnegenser og, sånn i tilfelle nokon vil kjøpe, eller om eg trenger noko å gje vekk. Litt skeptisk til å strikke barneplagg i "voksengarn" men det stikker ikkje, og visst mønsterheftet seier at barnegenseren skal strikkes i heilo, ja då skal den strikkes i heilo!

God helg :)

onsdag 18. januar 2012

Inn og ut, balanse?

Det store facebook-salget har starta! Eg hadde tenkt å få litt mariusartikler i "butikken" min, og gjekk derfor til garnbutikken for å hamstre inn litt peer-gynt garn. Det skulle bli pannebånd, hue og sokkar. Eg kom heim med dette:


Ja, dåke ser rett. Eg har kjøpt inn garn til Cortina-genser. Garn-damen poengterte at "dette er ikke en marius-gensar". Ups, det trudde eg, men det gjer ingenting for den var så fiiiiiiiiiiiin! Sjølv om eg hadde lovd meg sjølv at eg heretter berre skulle strikke raglanstrikk, etter all banninga som kom under monteringen av fanajakken. Det er godt at eg kjenner to damer i byn med symaskin, ho eine kan strikke og! Så det går sikkert fint! Ein annan ting eg hadde gløymd er at eg allereie har to kofter, ei kofte på veg, to arva gensarar, ein nesten ferdig genser (som sikkert er for liten) og tre strikkekjoler i skåpet, men ein kan vel aldri få for mongen strikkeklede?

Eg har jo heller ikkje gjort ferdig strikket eg held på med heller. Har jo babyteppet eg held på med, og det hastar, for eg trur ikkje det er lenge til han/ho som kanskje skal få det kjem. La oss gamble på at det blir ei jente!

Har jo og strikket votter frå nord, men det er berre nokre omgongar att på siste votten, så det er ikkje noko heft. Trur eg legg frå meg handstrikk boka for denne gong!

Vottar frå sør-varanger til venstre, vottar frå keutokeino til høgre

søndag 15. januar 2012

Blogg=Logg?

Forskjell?
Ordet "blogg" vil eg anta har sin opprinnelse frå ordet "logg". Loggføring var jo noko ein gjorde (eller gjer?) på båtar og liknande. Å loggføre arbeid i strikkeverden er og praktisk, spesielt når ein avviker frå mønsteret ein held på med. For min del betyr det at eg må hugsa ka eg held på med når eg strikkar vottane mine, sånn at dei blir like. Til no har eg minka masketalet med 8 masker, redusert maskene tatt av til tommel til 10, og antall kvite omgangar før felling er 35. Sånn, no har eg det på verdsveven i tilfelle eg skulle gløyme det!

Så der! Denne votten vart ein betre variant enn første votten. Så er det berre å rekke opp, og strikke på nytt - Og det skal gå så fint så.

fredag 13. januar 2012

Vott: Fail

Første Kautokeino-vott er ferdig. Allereie tre omgongar ut i det kvite glattstrikket såg eg at denne votten kom til å bli veldig brei. Vurderte å gjere den lang nok til å bli til ein manne-vott, men eg er alt for lat, så eg starta å fella til damevott  - diverre litt for tidleg skulle det vise seg, så enden på visa vart at votten vart både for brei og i kortaste laget.


Kva skal eg då gjere med dette? Planen var jo å selge den, så eg kunne finansiere alle utenlandsturene mine, men ein slik vott kan eg ikkje selge. Så no har eg bestemt meg for å rekke opp tommel og hand, felle ca 8 masker etter mønsteret, og DÅ er eg sikker på at det blir ein flott salgbar vott!

God helg!