mandag 18. april 2011

Restesokker

Tanteteppet går seint, så eg har funnet ut at eg må (igjen) ha noko anna å strikke på. Som nevnt x fler driver alt garnet meg til vanvidd. Eit garn eg har lagt for hat er "juvel" babygarnet som eg fleire ganger har prøvd å strikke fana-ting i. Eg har bestemt meg for å aldri meir kjøpe juvel (løgn, eg har lyst å strikke ein brun og kvit fanagenser når alle andre prosjekt er ferdig), så no skal det strikkes opp! Å strikke babysokker og votter er jo praktisk greier som dei fleste blir glad for, meeeen... Eg gidder ikkje . Så eg tok fram myk start boka mi og fann fram opskrifta "raggsokker til mamma". Babygarn er jo ikkje slitesterkt for mammaføtter, men dei kan nok ha grei bruk som kosesokker. Dei vert ikkje like elegant som på bilete i boka men det bryr ikkje eg meg om. Planen var opprinneleg å kun bruke juvel garn, men eg hadde berre trauste keisamme fargar, så midtveis på bråtet bestemte eg meg for å freshe opp sokken med å ta ein tråd alpakka og ein tråd tynt stripesokkegarn. Har og variert litt med å bruke alpakka og fairytale garn  . Trur ikkje dette blir så verst!

Alt juvelgarnet samla

Men fargane var keisamme, og måtte sprites opp med litt stripegarn!

Etter intensiv strikkenatt er eg no komen så langt! Faiytale garn i baggrunnen. Ser ut til at det er nok garn til mangen sokker!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar