mandag 20. juni 2011

Kvardagsliv

Ein kan vel sei at våren er over, sjølv om sumaren ikkje er komen heilt på plass enda. Sjølv om eg ikkje merkar sumaren i været, merkar eg den på spøtepinnane. Strikkepsykosen er over for denne gang, og strikketid er bytta ut med fjellturar. OK, det var ein løgn. Igjen. Litt fjellturar er det av og til, men andre meiningsfyllte aktiviteter som å sjå på fjernsyn, spele the sims 3 på mobilen og konserthøyring tek og av spøtetida.

Idag har eg til dømes vært på cafe saman med min nøstebarn-venninne. På vegen heim gjekk eg i same streeten som husfliden, og eg prøvde å lokka ho med meg inn. "Du kommar vel til å ende opp med å kjøpe noe, he he" - neida, svarte eg, eg skulle jo berre innom og kikke! Eg kikka på modellen av genseren eg aldri vert ferdig med, eg kjente på vamsegarnet og lurte på om det var dumt å byte ut vamsegarn med fritidsgarn, og eg kika på selbuvantene som var til salgs for 369,- NOK. Då veit eg kva som er veiledande pris om eg skal byrja med sal. Dei har jo flytta bunadsavdelingen ned til førsteetasjen, noko som gjer at eg stadig vekk kikker på bunadsbøker og anna tradisjonsmoro. Forrige gang eg var innom vart eg forelska i tysnestrøya. Denne dagen oppdaga eg pakker med utstyr til bunader, som til dømes lov til norhordaland, fana og hardanger, men diverre var alle pakkane i barnestørrelse (og eg kan ikkje sy). Hadde eg hatt ei lita jente skulle eg sydd det bunadslivet, men sidan eg ikkje har det (Well, iløpet av 8år har eg brodert ein bringeduk og brodert nokre sting i skjorta, så eg kan sikkert like godt berre sy ein liten bunad, sånn just in case) kjøpte eg like godt litt vottegarn, det er jo aldri for tidleg å starte på julepresangane !

Dagens kjøp: ikkje så fantasifullt, 2tråds gammelserie i mørkebrun og naturkvit. I Bakgrunnen ser de genseren eg starta på i 2003 og som vart fullført ved hjelp av ho mor i 2009.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar