torsdag 30. juni 2011

Selbumaraton

No er det selbuvottar som er favoritten. Lette  å strikke, lett å få skryt. Nesten ferdig med andre paret for denne gang, mangler berre den keisamme biten med å legge trådar. Det kan ein jo gjere litt etter litt, det er jo ingen hast, er jo tross alt sommar no! Og sjølv om det regnar så er det ikkje kaldt. Om dette blir salgsvarer eller julepresangar gjenstår å sjå.

Mønsteret på dei blå vottane er eit mønster eg lenge har vært motstander av fordi eg syns det var så "keisamt" . Etter å ha strikka dei i ein anna farge enn kvitt og svart (Verdas mest keisamme fargekombinasjon) fann eg ut at den ikkje var så verst likevel!

1 kommentar:

  1. Fine selbuvotter. Jeg driver også på med mønstervotter. Synes det er morsomt å bruke andre farger enn de tradisjonelle. Ta en titt innom bloggen min og se. Ha en fin dag!

    SvarSlett